SKOGPLANTING PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Kvart år plantar elevane skog på den rundt 200 dekar store skogeigedomen Ambatomainty som høyrer til Tombontsoa. Noko vart og planta inne på skuleområdet. Trea veks fort i dette klimaet, og det er ikkje lenge sidan dei hogg ut eit stort felt med furu frå denne skogen.

Skogdagen i år

28. februar-23 var avsett til skogplanting for elevane i alle klassane på skulen. I alt vart det denne dagen planta 3500 skogstre. Nytt av året er også at det vart planta Moringa, eit tre som vert kalla mirakeltreet, fordi blada kan brukast som mattilskot. Dei inneheld alle aminosyrer og ei rekkje mineral og vitaminar. Skulen har teke til med kurs i dyrking av Moringatre, og dette treslaget vert også spreidd til sjukelandsbyane gjennom Grønn diakoni-programmet. 

Samarbeid med Miljøverndepartementet

Skulen har i år eit samarbeid med Miljøverndepartementet, som og hjelper til med å skaffe gode planter av skogstre og andre treslag som skulen treng. Dei har og ein planteskule der dei sår skogsfrø for oppal og sal til bøndene i distriktet, og til utplanting saman med hyrdane i sjukelandsbyane.

Ein elev i aksjon
Glade elevar
3.500 planter skal ut
Orientering om plantinga

Grønn Diakoniprogrammet i kirken

Siden 2017 har Den gassisk lutherske kirke hatt et program som kalles Grønn Diakoni. De såkalte omsorgssentra eller tobyene på Madagaskar tar seg av mentalt syke mennesker. Hyrder, som er innviet til en omsorgstjeneste i kirken med forbønn og hjelp til syke mennesker, tar seg av de syke som kommer til disse tobyene.

Jordbruksskolene er sentrale i dette arbeidet

10 hyrder fra hver toby har fått et kurs på 14 dager i grønnsakdyrking, kompostlaging, planting av frukttrær og skog på skolene. Så tar de kunnskapen med seg tilbake til tobyen og bruker den når de syke er med ut på åkeren for å dyrke grønnsaker. Hyrdene kommer tilbake til skolene for et oppfriskingskurs etter en tid, og en lærer fra skolen følger opp arbeidet ute i tobyene.

Opplæring av mentalt syke mennesker

I dette programmet er de mentalt syke i sentrum. De får delta i dyrkinga av grønnsaker og frukt mens de er i tobyen. Hyrdene viser dem de ulike tekniker og rettleder dem i arbeidet. Når tiden i tobyen er over, og de som er blitt friske skal hjem til sine landsbyer igjen, får de med seg noen poser med grønnsakfrø og kan fortsette dyrkinga hjemme i landsbyen. 

Toby Ambohimahazo i Antsirabe

I denne tobyen er det nå ca. 200 mentalt syke mennesker som stelles og tas hånd om av 18 hyrder. Halvparten av de syke er i stand til å være med ut i åkeren for å spa opp jorda, så eller plante, vanne og luke i grønnsakene. Hver onsdag og lørdag er avsatt til arbeid ute i åkeren. 

Støtte fra Norge

Siden starten har stiftelsen Grønn Diakoni-Plant et Tre i Norge støttet dette arbeidet økonomisk. Det er nå 12 tobyer med i dette programmet i kirken, og flere kommer med etter hvert. Det er planer om at hver jordbruksskole skal få 2 nye hvert år i tiden framover, som de skal ha opplæring med og følge opp i det praktiske arbeidet i tobyen.

Toby Ambohimahazo. Grønnsakdyrking i slutten av tørketida.
Foto Arne Dragsund.

Fornying av NRF besetningen på Tombontsoa jordbruksskole

NRF besetningen på Tombontsoa skriv seg tilbake til 1966, då det vart importert 10 kviger og ein okse frå Norge for å bygge opp ein rein besetning av NRF. 1 kvige døde av heteslag, og ei anna kasta kalven. Dei 8 andre fekk alle kvigekalvar. Difor vart det fort innavl i besetningen. 

Sæd frå Norge

I 1973 vart det importert frosen okseæd til skulen, frå NRF på Hamar, nå Geno. Veterinær Oddmund Filseth, som skulle bygge opp ein stor NRF besetning på NORAD-prosjektet Fifamanor, inseminerte dei første kyrne på Tombontsoa i 1973 med sæd frå Norge. Han lærte opp underteikna til vidare inseminering i besetningen. NRF i Norge ga i mange år gratis sæd til Tombontsoa, og vi fekk også eliteoksar i sendinga. Eksporten til Tombontsoa var den første som Geno gjorde til utlandet. Seinare har mange andre land kome med. 

Vanskeleg drift i koronatida

Samfunnet på Madagaskar vart, som elles i verda, stengd ned mange gonger under koronatida. Dette førte til store vanskar for fjøset på Tombontsoa, sidan dei har levert mjølk i plasposar til butikkar i Antsirabe heilt sidan starten i 1967. Dei produserte og ein del ost denne tida. Men det vart veldig vanskeleg å halde drifta gåande, sidan dei ikkje vart av med produkta. Og mjølkemengda vart dårleg.

Stor utskifting

Styret for skulen nedsette ein kommisjon av fagfolk for å gå gjennom besetningen og finne ut kva som skulle gjerast for å rette på det som ikkje fungerte. Dei gjennomførte fleire tiltak, mellom anna å selje ut dei kyr som ikkje hadde teke seg i rett tid etter kalving, og kyr med defekte jur og andre skavankar. Dette resulterte i ei stor utrensking og førte til ein ny start i fjøset. Nå er det berre dei beste kyrne igjen av dei rundt 40 mjølkekyrne dei hadde.

God kalve- og kvigeforing

Rektor dr. Rasoloson Lala fortalde at dei nå skal satse maksimalt på god kalve- og kvigeforing slik at kvigene kan kome tidleg i brunst og kalve i 22-24 månaders alder. Dette var modellen vi hadde på Tombontsoa på 70 talet då besetningen vart auka til 80 mjølkekyr. Fjøset og kraftformølla ga i den tid store bidrag til drifta av skulen. Nå skal dei jamt og sikkert auke besetningen til det maksimale som bygningar og silotilgang i turketida, tillet.

Kontrakt med Socolait

Dette er den gamle Nestlefabrikken i Antsirabe som har halde stand med innsamling av mjølk hos bøndene sidan 1970 talet for produksjon av konsummjølk, ost og andre mjølkeprodukt. Nå har Tombontsoa inngått ei kontrakt om levering av all mjølk til Socolait. Nå kan dei produsere maksimalt til ein høgare pris enn det dei ville fått ved direkte levering i posar til butikkar i Antsirabe, når ein tek med kostnader til transport og andre utlegg ved ei slik levering. Socolait har og ein avtale med Geno i Norge om levering av frosen oksesæd, som og kjem Tombontsoa til gode. Strategien er nå å bygge opp igjen besetningen og produsere så mykje mjølk som mogeleg.

Rektor Rasoloson Lala framfor gropsiloen av mais. Godt for til storfeet i turketida.
Foto Arne Dragsund
Det er mange kviger på fjøset nå.
Foto Arne Dragsund
Saltslikkesteinane er på plass.
Foto Arne Dragsund

Stor satsing på produksjon av verpehøner på Tombontsoa

Tombontsoa har dei siste åra satsa på oppavl av kyllingar til verpehøner. Alle hønehusa dei har, er nå fulle av kyllingar for salg til bøndene i distriktet. 

Import av daggamle kyllingar frå Tyrkia og egg frå Mauritsius

For eitt år sidan importerte dei daggamle kyllingar frå Tyrkia i samarbeid med firmaet Avitech. Transporten gjekk greit, og det var lite dødelighet på kyllingane. Men det var kostbart. Nå importerer dei egg av verpedyr frå Mauritsius, og har klekkinga sjølv i Antananarivo. Det vert billegare, seier rektor Rasoloson Lala.

Rektor meiner det er god forretning for Tombontsoa med denne produksjonen, sidan det er veldig stor etterspørsel etter gode verpedyr. Dette er hybridhøner som ikkje kan nyttast som avlsdyr. Men det er stor etterspørsel etter egg, både i innlandet og elles utover landet. På kystane er det mindre produksjon av egg, så det går bilar frå Antsirabe til austkysten med egg. Sjølv om Fihaonana jordbruksskule sel det dei kan i byane Manakara og Farafangana.

20 veker gamle kyllingar er klare for salg til bønder i distriktet.
Rektor dr. Rasoloson Lala t.h. fortel at dei hadde 20.000 kyllingar ferdige for salg nå. Med fleire omgangar i året.

Fihaonana ferdig med det 39. året

Skuleåret for elevane på Fihaonana byrjar kvart år i januar og avsluttar i november. Dei har lagt opp undervisninga etter den beste dyrkingstida på austkysten.

Avslutning av skuleåret

60 elevar er ferdige med skuleåret i byrjinga av november. Dei skal nå heim til sine landsbyar for å praktisere det dei har lært. Så er det ikkje alltid like lett å kome med ny kunnskap når dei ofte får beskjed om at slik har vi alltid gjort det.  Skulen har derfor ei samling med foreldra for å orientere dei om kva elevane lærer på skulen, samt at dei får sjå dette i praksis ute på garden og i husdyravdelingane.  Elevane får og med seg heim nokre frøposar med gode grønnsaker, eller stiklingar av t.d. maniok og gode sortar av søtpotet. Nokre av elevane får seg jobb som rettleiarar i staten eller private organisasjonar.

Nytt skuleår

Etter at skuleåret nå er slutt, er det opptak av nye elevar som skal begynne i januar 2023. Skulen har fleire stader på austkysten for opptaksprøve, både teoretisk og praksis, samt ei samtale med kvar søkar. Også i innlandet t.d. Fianarantsoa, har dei opptaksprøve for nye elevar. Fihaonana er ein populær stad for ungdom som ønskjer landbruksutdanning. Slik Tombontsoa er det for ungdom i innlandet.

Det spesielle med dei to jordbruksskulane

Begge jordbruksskulane har eit gardsbruk for praksis og øvingar. Dette vert rekna av myndigheitene som ein stor fordel. Private og offentlege høgskular og universitet sender sine studentar til skulane Tombontsoa og Fihaonana for at dei skal få praksis, dersom dei sjølve manglar det. I ein utlysingstekst som staten hadde for å skaffe rettleiar til eit prosejekt hadde dette med: « de preference sortant de Tombontsoa»= «fordel utgått frå Tombontsoa».

Skuleåret er nå ferdig på Fihaonana.

Ny sort maniok på Fihaonana

Maniok er ei mykje dyrka plante for mat på austkysten av Madagaskar, og andre stader. Det er ei rotfrukt med røter som på ei hand. Den inneheld mest rein stivelse. Proteinet fins i dei grøne blada, som vert malt til smått og brukt i ein rett saman med grisekjøt eller oksekjøt.

Ferdig på 6 månader

Rektor Randianarijao Hobiharisoa fekk tak i nokre stiklingar av ein ny sort på ein tur han var på til Ambovombe, sør på Madagaskar. Denne sorten vert ferdig på 6 månader, mot 1 år på kysten og 2 år i innlandet for dei vanlege sortane. 

Basketkompost-metoden

Som vi har skrive på heimesida tidlegare, er det utvikla ein dyrkingsmetode som kallast basketkompostmetoden. Den går ut på at ein grev ei grop på 1×1 meter og rundt 40 cm djup. Så har ein eit lag med kompost og visne blad i botnen, og øverst eit lag med jord og litt kompost/gjødsel. I denne jorda vert ein stikling sett litt på skrå i kvar plantegrop. Det kan bli opp til 60 kg med maniokrøter i ei slik grop, mot 4-5 kg ved vanleg dyrking på flatt land ute hos bøndene. Nå skal dei formere opp denne nye sorten på Fihaonana. Og slik dei brukar kvart år når elevane er ferdige med skulen, dei får med seg nokre stiklingar og frø av gode vekster for vidare dyrking heime i landsbyen. 

F.v. lærar Noely som har vidareutvikla basketcompostmetoden for aust-Madagaskar, og Arnon Shoham og rektor Hoby.

Samarbeid med landbruks- og undervisningsmiljøet i Israel

Jordbruksskolenes Venner og skulane på Madagaskar har lenge hatt eit ønskje om å knyte kontaktar til landbruksmiljøet i Israel. Tidlegare leiar for mjølkeproduksjonen i ein stor kibbutz i Israel, Arnon Shoham, var saman med Arne Dragsund på begge skulane i tida 26.09. – 30.09.22. Vi fekk omvisning og gode samtalar med rektorane og lærarane. 

Utveksling av elevar/studentar og lærarar

Arnon Shoham vil undersøkje om det er mogeleg med ei utveksling mellom elevar/studentar og lærarar frå Tombontsoa og Fihaonana og tilsvarande institusjonar i Israel. Det er ikkje heilt det same studieopplegget i Israel som på jordbruksskulane på Madagaskar. 

Studieopphald i Israel

Rektor Randrianarijao Hobiharisoa på Fihaonana ønskjer seg ein tur til Israel for å studere kalkunoppdrett og andre husdyrproduksjonar. Samt sjå på vatningsanlegg i tørre strøk i Israel. I skrivande stund held han på med visumsøknad til ambassaden i Sør-Afrika. 

Det kan bli ei interessant og fin utvikling på dette samarbeidet med Israel.  Miljø i Israel er og interesserte i å besøke Madagaskar og dei to jordbruksskulane. Studentar derifrå kan få gode studieopplegg i tropisk landbruk og miljøproblematikk på Madagaskar.

Arnon Shoham frå Israel t.v. får innblikk i dyrking av kakoa på Fihaonana.
Foto Arne Dragsund
Planteskulen som vart øydelagt i syklonane i februar, er nå under gjenoppbygging. Rektor i samtale med Arnon Shoham.
Foto Arne Dragsund

Fihaonana utvidar i husdyrbruket

Fihaonana jordbruksskule er i stadig utvikling. Gardsbruket med dei mange kulturar og husdyravdelingar, er ein viktig opplæringsarena for elevar og studentar. I fjøset er det nå 10 mjølkekyr og ein del drektige kviger som dei skal selje til ein god pris. I grisehuset aukar dei stadig besetningen, med 30 fleire purker. Dei tek sikte på å køyre 500 slaktegriser til hovudstaden Antananarivo med lastebil neste år. Det er god forretning, seier rektor Randrianarijao Hobiharisoa, sjølv om transporten er lang.

Hus og innhengning for ender

I utkanten av eigedomen har dei bygd eit hus for ender og innhengning inntil ein dam. Meininga er å selje ender til avlsdyr og slakt. 

Innkryssing med den gassiske rasen

Skulen har og bygd eit hus og innhengning for europeiske verpehøner og hanar av gassisk rase. Dei vil finne ut korleis krysningsdyra vil vere samanlikna med reine verpehøner. Statlege myndigheiter   ønskjer og at bønder skal satse meir på oppdrett av gassiske slaktedyr i motsetning til broilerproduksjonen, som er blitt populær dei seinare åra for salg til hotell og restaurantar.

Huset og innhengningen for oppdrett av ender er lagt til utkanten av eigedomen. Ny bolig for personalet er bygd i nærleiken.
Foto Arne Dragsund
Eit enkelt hus for oppdrett av krysningsdyr av høner av europeisk rase og gassiske hanar.
Foto Arne Dragsund

Studentar treng praksis

Jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana har godt utbygde gardsbruk til bruk i opplæringa av elevar og studentar. Gardsbruka er heilt uvurderlege som praksisplas for å lære dei ulike fag i husdyrbruk, jord- og hagebruk og miljøkunnskap. Jordbruksskolenes Venner i Norge har bidratt til å restaurere driftsbygningar og bygge nye fjøs, hønehus og grisehus og mellom anna dyrka opp ubrukt jord på Fihaonana, sidan 2007. I dag framstår skulane med gode gardsbruk som etterkvart også gjev god inntekt til skuledrifta.

Har ikkje gardsbruk

Universitet og høgskular i landbruksfag og miljøkunnskap i staten og private, manglar ofte ein stad dei kan ha praksis for sine studentar. Dei har berre teorifag for sine studentar. Her har Fihaonana kome støttande til. Studentar som ikkje får vitnemål utan at dei har avlagt ein praksisperiode på 1-3 månader, alt etter studieretning, kan betale for ein praksisplass på Fihaonana. Skulen stiller då med lærar i ulike planteproduksjonar eller husdyrfag.

Fjøs, grisehus og hønehus 

Husdyrproduksjonane vert og nytta til denne praksisen. Praksisstudentane er med og steller dyra, forar dei og er med på mjølkinga i fjøset. Her er det handmjølking, sidan skulen ikkje har mjølkemaskinar. Dei meiner det er nødvendig for elevane å lære handmjølking, dersom dei skal begynne med mjølkekyr etter endt utdanning. I landsbyane er det ofte heller ikkje elektrisk straum der dei kjem i frå. 

Lærar Loz på Fihaonana underviser to studentar frå eit universitet i bygging av ein planteskule.
Foto Arne Dragsund
Nøgde studentar i praksis på Fihaonana.
Foto Arne Dragsund
Fjøset er og ein praksisplass.
Foto Arne Dragsund