Fihaonana jordbruksskule i Vohipeno utvidar svineproduksjonen

Flotte griser av rasen Yorkshire like før slakting. Foto: Arne Dragsund

Sjølvfinansiert med skuledrifta

Drifta av det eittårige agronomkurset har i mange år blitt støtta økonomisk av Det Norske Misjonsselskap, og Jordbruksskolenes Venner. Det har lenge vore snakk om at det godt drivne gardsbruket skulle auke produksjonen, slik at overskotet av drifta kunne dekke drifta av skulen i si  heilhet. Skulen har ei god inntektskjelde i svinehaldet. Dei sel slaktegriser i hovudstaden Antananarivo. Grisene køyrer dei med to eigne lastebilar godt 60 mil til eit slaktehus dei har ei avtale med. Når grisene er slakteferdige på 80-100 kg, vert dei frakta til Antananarivo for slakting. Dei har dei siste to åra selt om lag 400 griser kvart år på denne måten.

Stein og murblokker til bygginga er klare. Foto: Randrianarijao Hobiharisoa

Stor auke i besetninga

Nå skal Fihaonana bygge eit nytt stor grisehus på 51×12 meter med 50 bingar og ein kapasitet for 500 griser. JV har nyleg gitt pengar som ein start til bygginga av dette huset. Skulen har og søkt NMS om finansiell støtte til å bygge dette huset. Bygginga av huset er i gang, med produksjon av murblokker som skal nyttast til veggene. Huset vert ope, med bingar og god avrenning til ein gjødselkumme frå betonggolva. Og det skal leggast bølgeblekk som tak. 

Vi ønskjer lukke til med bygginga!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *