Skulestart på Tombontsoa og Fihaonana

Det har vore litt usikkert med finansieringa av det eittårige kurset både på Tombontsoa og Fihaonana. NMS og Jordbruksskolenes Venner har lovd finansiering av dette kurset, med halvdelen kvar av det som trengs for å drive skulane i 2017.

Fihaonana jordbruksskule

På Fihaonana har det vore opptaksprøve med 74 elevar i det eittårige kurset. Dei reknar med at 45 kjem til nytt skuleår 4. januar 2017. Då vil elevane fylgje driftsåret i jordbruket. I ein samarbeidsavtale med den gassiske stat, har Fihaonana eit opplegg for og følgje opp dei tidlegare elevane frå Fihaonana. Rundt 1500 elevar har gått ut frå Fihaonana sidan starten i 1983. 600 av desse skal vere med i eit opplegg som staten støttar om å gi eit startgrunnlag for dei som vil satse på og kome i gang med eit skikkeleg opplegg i jordbruk/hagebruk eller husdyrhald. Skulen skal følgje opp elevane og det arbeidet dei gjer.

Suksess med fiskedammen og oppdyrking av jorda

På Fihaonana laga dei ein stor fiskedam for oppdrett av Tilapia. Dette var ein stor suksess. Dei hausta fisken og selde den til restaurantar, hotell og andre i byen Manakara og andre stader. Oppdyrkinga av den jorda som har lege brakk lenge, har JV støtta økonomisk. Nå er oppdyrkinga ferdig med flotte terrassar, der dei m.a. dyrkar maniok og andre vekster.

Tombontsoa jordbruksskule

På Tombontsoa blir det rundt 60 elevar i det eittårige kurset som vil kome i gang så snart det er klart med overføring av pengar frå NMS. Lycee Agricole har 22 elevar i det første året, og 54 elevar i det andre året. I høgskuletilbodet IPSATA er det 110 studentar i det 1.året, 77 studentar i det 2.året og 38 studentar i det 3.året. I alt blir det 360 elevar og studentar på Tombontsa dette skuleåret. Elevar i Lycee Agricole og studentar i IPSATA betalar skulepengar som er tilstrekkeleg til å betale det studiet kostar. For det eittårige kurset FPQ, er skulepengane låge for å kunne nå dei frå landsbygda som har liten betalingsevne. Derfor er dette kurset støtta utanfrå.

776

Fiskedam og terrasser på Fihaonana

 

181

Tombontsoa med stort elev-og studentkull i år

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *