Inspirerande aktivitet i Jordbruksskolenes Venner

Lesarane av heimesida til JV har blitt informerte om dei mange tiltak som skjer på jordbruksskulane Tombontsoa i Antsirabe og Fihaonana i Vohipeno. Det viser igjen med alt byggearbeidet, ny traktor til Tombontsoa og brukt traktor til Fihaonana, reparasjonar av traktorar og utstyr i gardsbruka, forsending av kontainarar stappfulle med nytt eller brukt utstyr til drifta av gardsbruka og ikkje minst dei mange dugnadene som folk har vore med på gjennom alle desse åra.

Skulane er blitt fornya

Det er ikkje tvil om at gardsbruka på skulane har blitt betydeleg fornya gjennom alle desse tiltaka. På Fihaonana er det nye fjøset, grisehuset og hønehuset og det nye mølleprosjektet med kraftforproduksjon viktige bidrag til ei lønsam drift og pengar til overs som kan gå inn i skuledrifta. Ikkje minst har oppdyrkinga av rundt 100 dekar med skog og kratt tidlegare, nå vorte til gode areal for mais og grasdyrking som for til mjølkekyrne. Nå produserer skulen ost som dei ikkje kan skaffe nok av sidan etterspørselen er så stor. Yony, ein av lærarane, var i Norge i 2012 for studier i blant anna produksjon av ost. På Tombontsoa er det også gjort store investeringar i gardsbruket med nytt mjølkeanlegg og ny landkumme og mange maskinar til drifta av garden. Alt dette har vore nødvendige for at skulane skal framstå som gode utdanningsinstitusjonar for gassisk ungdom. Så er også skulane blitt Ecoles Agrees, dvs. dei er godkjende av staten til å drive opplæring i jord-og husdyrbruk. Elevane får sine vitnemål signerte også av gassiske myndigheter. Opplæring i bruk av oksar som trekkdyr har også vore eit viktig område for kompetanseutvikling på skulane.

Jordbrukssskolens Venner rundt om i landet

Mange enkeltpersonar gir regelmessig pengar til JV. Bedrifter og private har gitt pengar og utstyr og vore med og fylt opp kontainarar med nytt eller brukt utstyr, nå sist firmaet på Varhaug som ga alle koplingane til det store dugnadsarbeidet på Tombontsoa for utstkifting av heile vassleidningsnettet på skulen og gardsbruket. Tomb videregående skole, fleire menigheter og organisasjonar støttar også arbeidet som Jordbruksskolenes Venner gjer på Madagaskar.

Takk til alle dykk som gir pengar og utstyr og til dykk som er med på dugnader!

Det nyttar det de har vore med på gjennom alle desse åra! Vi i styret for JV vil rette ei varm takk for alle bidrag frå dykk alle. Og mange av dykk hugsar på dette arbeidet i bøn til Gud om velsigning og hjelp til skulane, det er vi og takksame for. Begge skulane har mottoet Be og arbeid. Dei unge får oppleve dette konkret den tida dei er på skulane.

IMG_1535 - Kopi

Fin grønnsakåker på Fihaonana

IMG_1557

Rabemanantsoa Yony og Ramiharimanana Felicite (tidlegare rektor) framfor den traktoren Fihaonana fekk i 2010

IMG_2452

Det store fjøset på Tombontsoa er viktig i undervisninga

JV, hvilepuls, container nr.2, besøk Narvik 021

Ole Moi og Kjell Dale stappar i ein kontainar til Tombontsoa

IMG_2464

Rakotonirina Rene(studert i Norge) i grønnsakåkeren på Tombontsoa

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *