Tidligare rektor på Fihaonana jordbruksskule, Ramiharimanana Felicite, har vore på Norgesbesøk. I Ganddal i Sandnes deltok ho på ein konsert som ei markering av at Filadelfias Venner er 10 år i år. Felicite er i dag koordinator for verksemda i Filadelfia sjukelandsby i Manakara på austkysten av Madagaskar.
Elevaksjon på Kristeleg Gymansium (KG) i Oslo
Grunnen til at ho er i Norge nå, er den store elevaksjonen på KG som vart avslutta 22. september. 5 elevar og 2 lærarar var på Madagaskar i juni dette år for å lære meir om Madagaskar og spesielt dei prosjekta dei skal støtte med denne aksjonen. Då var Felicite guide og tilretteleggar for dei medan dei var på Madagaskar. Ho vart invitert til Norge i samband med innsamlingsaksjonen nå i september. Ho var rundt i klassane og hadde presentert Madagaskar og dei prosjekta som skal støttast.
Døveskulane, landsbyutvikling og Fihaonana jordbruksskule
Dette er dei tre prosjekta som skal støttast med pengar frå denne aksjonen. KG samarbeider med NMS og kanaliserer pengane gjennom denne organisasjonen. Det kom inn 2,3 mill. kroner, så dette var eit stort bidrag til arbeidet bland døve elevar, utvikling av landsbygda med mange komponentar som skule, helsearbeid og jordbruk. KG har støtta Fihaonana for ein del år tilbake med bygging av eit gjestehus og eit salgshus for produkt frå garden, gjødsel, såfrø og andre ting til bøndene. Og utviding av guteinternatet på skolen. KG ville gjerne at Fihaonana skulle vere med blant dei som får støtte også denne gong.
Besøk på Øya vgs. i Trøndelag
Felicite har også vore ein tur til Øya vgs. for å snakke om det nystarta programmet med elevutveksling mellom Fihaonana og Øya. Ho orienterte om skulen samt at ho skal vere guide og legge til rette for ein tur med elevar og lærarar frå Øya som skal til Fihaonana i april 2019. Ho har og besøkt hovedkontoret til NMS i Stavanger og Borgestad menighet i Skien som har Fihaonana som misjonsprosjekt gjennom Jordbruksskolenes Venner.
Ramiharimanana Felicite på besøk i Norge
Foto Arne Dragsund