Fihaonana ferdig med det 39. året

Skuleåret for elevane på Fihaonana byrjar kvart år i januar og avsluttar i november. Dei har lagt opp undervisninga etter den beste dyrkingstida på austkysten.

Avslutning av skuleåret

60 elevar er ferdige med skuleåret i byrjinga av november. Dei skal nå heim til sine landsbyar for å praktisere det dei har lært. Så er det ikkje alltid like lett å kome med ny kunnskap når dei ofte får beskjed om at slik har vi alltid gjort det.  Skulen har derfor ei samling med foreldra for å orientere dei om kva elevane lærer på skulen, samt at dei får sjå dette i praksis ute på garden og i husdyravdelingane.  Elevane får og med seg heim nokre frøposar med gode grønnsaker, eller stiklingar av t.d. maniok og gode sortar av søtpotet. Nokre av elevane får seg jobb som rettleiarar i staten eller private organisasjonar.

Nytt skuleår

Etter at skuleåret nå er slutt, er det opptak av nye elevar som skal begynne i januar 2023. Skulen har fleire stader på austkysten for opptaksprøve, både teoretisk og praksis, samt ei samtale med kvar søkar. Også i innlandet t.d. Fianarantsoa, har dei opptaksprøve for nye elevar. Fihaonana er ein populær stad for ungdom som ønskjer landbruksutdanning. Slik Tombontsoa er det for ungdom i innlandet.

Det spesielle med dei to jordbruksskulane

Begge jordbruksskulane har eit gardsbruk for praksis og øvingar. Dette vert rekna av myndigheitene som ein stor fordel. Private og offentlege høgskular og universitet sender sine studentar til skulane Tombontsoa og Fihaonana for at dei skal få praksis, dersom dei sjølve manglar det. I ein utlysingstekst som staten hadde for å skaffe rettleiar til eit prosejekt hadde dette med: « de preference sortant de Tombontsoa»= «fordel utgått frå Tombontsoa».

Skuleåret er nå ferdig på Fihaonana.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *