Fihaonana jordbruksskule er i stadig utvikling. Gardsbruket med dei mange kulturar og husdyravdelingar, er ein viktig opplæringsarena for elevar og studentar. I fjøset er det nå 10 mjølkekyr og ein del drektige kviger som dei skal selje til ein god pris. I grisehuset aukar dei stadig besetningen, med 30 fleire purker. Dei tek sikte på å køyre 500 slaktegriser til hovudstaden Antananarivo med lastebil neste år. Det er god forretning, seier rektor Randrianarijao Hobiharisoa, sjølv om transporten er lang.
Hus og innhengning for ender
I utkanten av eigedomen har dei bygd eit hus for ender og innhengning inntil ein dam. Meininga er å selje ender til avlsdyr og slakt.
Innkryssing med den gassiske rasen
Skulen har og bygd eit hus og innhengning for europeiske verpehøner og hanar av gassisk rase. Dei vil finne ut korleis krysningsdyra vil vere samanlikna med reine verpehøner. Statlege myndigheiter ønskjer og at bønder skal satse meir på oppdrett av gassiske slaktedyr i motsetning til broilerproduksjonen, som er blitt populær dei seinare åra for salg til hotell og restaurantar.