Fornying av NRF besetningen på Tombontsoa jordbruksskole

NRF besetningen på Tombontsoa skriv seg tilbake til 1966, då det vart importert 10 kviger og ein okse frå Norge for å bygge opp ein rein besetning av NRF. 1 kvige døde av heteslag, og ei anna kasta kalven. Dei 8 andre fekk alle kvigekalvar. Difor vart det fort innavl i besetningen. 

Sæd frå Norge

I 1973 vart det importert frosen okseæd til skulen, frå NRF på Hamar, nå Geno. Veterinær Oddmund Filseth, som skulle bygge opp ein stor NRF besetning på NORAD-prosjektet Fifamanor, inseminerte dei første kyrne på Tombontsoa i 1973 med sæd frå Norge. Han lærte opp underteikna til vidare inseminering i besetningen. NRF i Norge ga i mange år gratis sæd til Tombontsoa, og vi fekk også eliteoksar i sendinga. Eksporten til Tombontsoa var den første som Geno gjorde til utlandet. Seinare har mange andre land kome med. 

Vanskeleg drift i koronatida

Samfunnet på Madagaskar vart, som elles i verda, stengd ned mange gonger under koronatida. Dette førte til store vanskar for fjøset på Tombontsoa, sidan dei har levert mjølk i plasposar til butikkar i Antsirabe heilt sidan starten i 1967. Dei produserte og ein del ost denne tida. Men det vart veldig vanskeleg å halde drifta gåande, sidan dei ikkje vart av med produkta. Og mjølkemengda vart dårleg.

Stor utskifting

Styret for skulen nedsette ein kommisjon av fagfolk for å gå gjennom besetningen og finne ut kva som skulle gjerast for å rette på det som ikkje fungerte. Dei gjennomførte fleire tiltak, mellom anna å selje ut dei kyr som ikkje hadde teke seg i rett tid etter kalving, og kyr med defekte jur og andre skavankar. Dette resulterte i ei stor utrensking og førte til ein ny start i fjøset. Nå er det berre dei beste kyrne igjen av dei rundt 40 mjølkekyrne dei hadde.

God kalve- og kvigeforing

Rektor dr. Rasoloson Lala fortalde at dei nå skal satse maksimalt på god kalve- og kvigeforing slik at kvigene kan kome tidleg i brunst og kalve i 22-24 månaders alder. Dette var modellen vi hadde på Tombontsoa på 70 talet då besetningen vart auka til 80 mjølkekyr. Fjøset og kraftformølla ga i den tid store bidrag til drifta av skulen. Nå skal dei jamt og sikkert auke besetningen til det maksimale som bygningar og silotilgang i turketida, tillet.

Kontrakt med Socolait

Dette er den gamle Nestlefabrikken i Antsirabe som har halde stand med innsamling av mjølk hos bøndene sidan 1970 talet for produksjon av konsummjølk, ost og andre mjølkeprodukt. Nå har Tombontsoa inngått ei kontrakt om levering av all mjølk til Socolait. Nå kan dei produsere maksimalt til ein høgare pris enn det dei ville fått ved direkte levering i posar til butikkar i Antsirabe, når ein tek med kostnader til transport og andre utlegg ved ei slik levering. Socolait har og ein avtale med Geno i Norge om levering av frosen oksesæd, som og kjem Tombontsoa til gode. Strategien er nå å bygge opp igjen besetningen og produsere så mykje mjølk som mogeleg.

Rektor Rasoloson Lala framfor gropsiloen av mais. Godt for til storfeet i turketida.
Foto Arne Dragsund
Det er mange kviger på fjøset nå.
Foto Arne Dragsund
Saltslikkesteinane er på plass.
Foto Arne Dragsund

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *