Import av kyllingar til Tombontsoa

Tombontsoa har i dei siste åra kjøpt inn daggamle kyllingar og fora dei opp til 8 veker og sal til bøndene i området. Dette har vore ein svært god produksjon med god inntening.

Import frå Tyrkia

Dei prøvde, i samarbeid med firmaet Avitech, å importere kyllingar frå Mauritsius. Men det var vanskeleg. Skulen har kjøpt kyllingar direkte hos Avitech tidlegare. Nå gjekk desse saman om å imortere kyllingane frå Tyrkia av rasen Starlette brun. Dette er hybridkyllingar, så det er snakk om verpedyr og konsumegg. 18.000 kyllingar kom til skulen 12. februar og 19. juni. Og 20. oktober kjem det ei ny sending på 18.000. Av desse er 11.000 alt bestilte, så etterspørselen etter gode verpehøner er stor.

God kvalitet på kyllingane

Det har vore svært god kvalitet på kyllingane frå Tyrkia, melder rektor Rasoloson Lala. Han seier og at dei har auke prisen til bøndene blant anna fordi kraftforet har vorte dyrare under koronatida. Dei lagar sjølv sitt eige kraftfor, men mineral og vitamintilskot og andre innsatsfaktorar har stege i pris denne tida.

Henta kyllingane på flyplassen

Kyllingane vart henta på Ivato flyplass i Antananarivo, 19 mil frå skulen. Kyllingane greide transporten frå flyplassen godt. Det har også vore lite dødelighet i oppdrettet. Dei som arbeider med kyllingane er nøye med reinhaldet for kvart innsett, og er flinke og påpasselege med foring og stell. Skulen har tent godt på kyllingoppdrettet så langt, men det er mykje som må klaffe når dei må importere kyllingar på denne måten. 

Flotte kyllingar.
Kyllingane over i huset.
Rektor Rasoloson Lala saman med elevar som har avslutta kurset om hønseavl.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *