Eit innhaldsrik program
Rektor på Tombontsoa jordbruksskule på Madagaskar er nå i Norge. Dette er tredje gongen han er her. Jordbruksskolenes Venner står bak finansieringa av reisa og opphaldet i Norge. Det Norske Misjonsselskap ved generalsekretær Helge Gaard sende ein søknad om visum til den sveitsiske ambassaden i Antananarivo.

Besøk på NMS kontoret i Stavanger
Han kom til Stavanger 3. mai og tok inn hos May-Britt og Kolbjørn Lerstøl i Sandnes. Måndag 4. mai var det besøk i NMS i Stavanger og Arild Bakke, som er leiar for seksjon Aust-Afrika og Madagaskar. Vi var også ein tur innom Misjonsarkivet i NMS 13. mai med orientering av Sven Fjelde. Vi møtte generalsekretær Helge Gaard og fleire medarbeidarar i NMS.

Tomatdyrking på Finnøy
5. mai var vi på besøk hos Lauvsnes Gartneri på Finnøy, det største gartneriet i Norge med rundt 40 dekar med veksthus for tomatdyrking. Dei leverer rundt 55 tonn med tomat kvar veke til butikkar i Norge. Vi møtte Geirulf Vignes og sonen Jan Terje Vignes, som er leiar for gartneriet. Dagen etter møtte vi fleire gassarar som arbeider og er busette på Jæren for ei samling på Gamlaverket i Sandnes. Vi var også innom Øksnevad vidaregåande skole med orientering og omvisning av rektor Tor-Magne Rotevatn.

NIBIO Særheim, Tine Meierier og jordbruket på Jæren
Nono Dimby hadde rektor Lala med til Særheim for orientering om forsøk i landbruket og rettleiingstenesta i landbruket 7. og 8. mai. Dei var også innom statsforvaltaren i Rogaland, der Nono arbeider. Frå laurdag 9. til onsdag 13.mai var dr. Lala på Varhaug hos Guri og Jonas Skrettingland. Dei var innom Jørn Viste med robotfjøs og produksjon av broiler hos Jan Erik Odland. Oppal av kyllingar og klekkeri fekk han sjå hos Nils Steinsland. Han var og med på samlingar med Varhaug kristelege ungdomslag.
Program på austlandet
Onsdag 13. mai reiste dr. Lala til Oslo og eit opplegg som Per Ivar Våje står for, med besøk på Tomb jordbruksskole og Universitetet for biovitenskap og Veterinærinstituttet på Ås. Han skal og til Konsvinger og Biri for samtalar med Thor Ringsbu og Jørgen Lollike og besøk i ein stor planteskule i Gjøvik. Så programmet for han er rikhaldig og omfattande. Han reiser tilbake til Madagaskar 28. mai.
Vi ønskjer han lukke til vidare her i Norge og seinare i det viktige arbeidet han har på Tombontsoa jordbruksskule på Madagaskar!


