Samarbeidet mellom Fihaonana og Den gassiske stat

Som tidligare nemnt på JV si heimside fleire gonger, er det eit godt samarbeid med staten om utdanning av arbeidslause akademikarar i PEJJA-kurset. Dette er eit eittårig kurs i entreprenørskap. Samarbeidet med staten har utvikla seg vidare med fleire tiltak dette siste året.

Bygging av eit senter for studentar

Staten har gitt penger til å bygge eit senter for studentar som kan ta med seg sin familie til kurset i entreprenørskap. I denne omgang blir det bygt 6 slike hus.

Utstyr til undervisninga

Skulen har fått audiovisuelt utstyr som gjer det mogeleg å bruke internett i undervisninga, slik at elevar og studentar kan følgje med i det som blir lagt ut på internett og som kan brukast i undervisninga. Dette er spesielt nyttig for entreprenørklassen.

Støtte til forbetring av drifta i husdyravdelingane

Mølla og produksjonen av kraftfor til skulen og bøndene rundt Fihaonana, skal forbetrast med betre maskinar som og gir større kapasitet. Grisehusa skal forbetrast og utvidast med plass til 9 fleire purker. Som nemnt tidlegare, har skulen ei fin stamme av rasen Yorkshire, så det er stor etterspurnad etter smågris og slaktegris. Dammane for fiskeoppdrettet skal også utvidast og forbetrast, og det skal satsast meir på produksjon av yngel av tilapiafisk og karpe. Eit nytt hønehus for 1000 gassiske høner skal byggast. Det er stor etterspurnad etter gassiske unghøner i konkurranse med vanleg slaktekylling, som dei også skal satse på med 900 slaktekyllingar i året. Dei ordinære hønehusa skal forbetrast og utvidast med større produksjon av egg. Honningproduksjonen skal også aukast, med 70 nye bikuber. Det skal byggast nytt sauehus og geitefjøs med 56 dyr for å produsere lam og kje for salg til bøndene på sørvest- Madagaskar, der klimaet er tørt og det er vanskeleg med dyrking av gras. Dette er eit ledd i dei planane landbruksdepartementet har for utvikling og betring av bøndene sine vilkår i det sørlege Madagaskar, der det er stor mangel på mat i desse dagar.

Satsing på større produksjon i gardsbruket

I koronatida har det vore vanskeleg med salg av mjølk, egg og andre produkt frå garden. Nå skal innsatsen med produksjonen aukast for å få større avkastning i dei enkelte avdelingar. Dette er og med og bidreg økonomisk til drifta av sjølve skulen. 

Stor takksemd frå skulen

Rektor uttrykker stor takksemd for all støtte og forbøn for arbeidet på Fihaonana gjennom mange år. Og vi i JV er glade for det gode samarbeidet vi har med dei to jordbruksskulane på Madagaskar. Alt det nye vi høyrer om, gleder oss og gir oss mot til å gå vidare med det gode samarbeidet. Det nyttar! Lukke til!

Hus for studenter med familie
Foto: Randrianairjao Hobiharisoa
Nytt klasserom med datautstyr og TV
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Eget tømmer til bygginga
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *