Skuleavslutning på Fihaonana jordbruksskule

Fredag 21.august slutta det 52 elevar på det eitt årige kurset på Fihaonana jordbruksskule. Dette var det 32. kullet elevar sidan starten i 1983. Endå eit år med undervisning for ungdom i eit dei fattigaste strøka på Madagaskar er nå ferdig.

Grønsakfrø med heim til landsbyane

Rektor Randrianarijao Hobiharisoa fortel at elevane som vanleg fekk med seg nokre posar med grønsakfrø heim til sine landsbyar. Skulen har satsa mykje på og spreie dyrkinga av grønsaker og gode rissortar på austkysten av Madagaskar, og elevane har lært nye teknikkar gjennom skuleåret. Dei har hatt kvar sine parsellar som dei har dyrka dei forskjellege grønsakene på. Dermed har teori vorte sett ut i praksis, kunnskapar dei tek med seg nå når skuleåret er slutt.

Usikker framtid for ei svært viktig opplæring

Norad har tidlegare støtta denne opplæringa økonomisk, men med dette skuleåret er denne støtta slutt. Nå arbeidest det med å skaffe andre finansieringskjelder. Mellom andre er Jordbruksskolenes Venner (JV) veldig viktig som samarbeidspartnar. Ei oppfordring til alle dykk som les heimesida til JV. Ver med og gjer det mogeleg at ungdom på austkysten av Madagaskar framleis kan få si utdanning på denne viktige skulen. JV vil bidra med økonomisk støtte til denne framtidsretta opplæringa på Fihaonana. Kontonummeret er 8220.02.85030, merka prosjektnummer 723653. Takk for alle bidrag!

nahazo diplaoma2

Rektor ved sida av elevane som fikk sine vitnemål på avslutninga.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *