Det har nå i mars 2023 vore ei ekstern evaluering av Tombontsoa og Fihaonana. Evalueringsteamet besto av fagfolk med kunnskap i evaluering av prosjekt, landbruk og opplæring. Knut Roland var observatør for NMS og JV.
Besøk hos tidlegare elevar frå Tombontsoa
Evalueringsteamet besøkte fleire tidlegare elevar som hadde gått på Tombontsoa. Ein av desse hadde begynt i det små og starta med 1 gris for oppforing til slakt. Nettoen av den brukte han til å kjøpe litt jord og vidare bygde han driftsbygningar og bolighus og auka besetningen. Ein annan hadde 1000 verpehøner og andre dyreslag. Familiane til desse greide seg godt nå.
Rapport frå evalueringa
Evalueringsteamet utarbeider ein rapport for evalueringa av Tombontsoa og Fihaonana. Den skal kome innan utgangen av mars 2023. Vi har fått kjennskap til noko som teamet meinte var fint som resultat av opplæringa på Tombontsoa:
- Elevane blir vande med å arbeide praktisk
- Gode lærarar på skulen
- Billeg opplæring
- Det er mogeleg å ta kontakt med lærarane på Tombontsoa om det skulle oppstå problem i drifta på garden
- Elevane blir kjende med mange ting i jordbruk og husdyrbruk, og dei får kunnskap til å løyse utfordringar som måtte kome seinare
For skulane, NMS og JV er det nyttig med ei evaluering av skulane. Det er verdifullt at utanforståande fagfolk kan gjennomgå drifta av skulen og gardsbruket slik som dette. Og kome med tilrådingar for vidare drift av desse to viktige skulane på Madagaskar.