Skulen har eit stort elev- og studenttal. Tysdag 7. mars-23 var det avslutningsfest for studentane i IPSATTA- høgskuletilbodet. Og elevane i AVISCHOOL avslutta og studiet sitt den dagen. Presidenten i Den Gassisk Lutherske kyrkja, Dr. Rakotozafy Denis, synodeleiinga, guvernøren i fylket Vakinankaratra, ansvarlege for jord- og husdyrbruk og rektor på skulen for teknisk utdanning i fylket, var til stades på denne store dagen.
IPSATTA- 3 årig høgskule
Dei som nå gjekk ut, starta opplæringa si i november 2019. I alt var det 69 studentar som har avslutta med hovedoppgåve og avsluttande bachelorstudium (license en sciences agronomiques). 32 valde spesialisering i husdyrbruk, 28 spesialisering i jordbruksfag og 10 spesialisering i miljøkunnskap. Av desse 69 var det 3 frå naboøyane Comorene, og 2 av studentane var katolske nonner.
Studiet på skulen
Studentane har 2100 timar med teori gjennom studietida, og deretter praksis i avdelingane i gardsbruket. Deretter har dei eit opphald på 6 månader i ei bedrift eller prosjekt på Madagaskar eller i utlandet. Og det er lagt inn ein studietur på Madagaskar for å sjå bedrifter og prosjekt i landbruket og mæringsmiddelfag.
Mange har fått seg arbeid
Skulen melder om at mange av dei som nå har slutta studiet, har fått seg jobb, anten i staten eller i prosjekt drive av private organisasjonar.
Vi gratulerer dei som nå har fått bachelorgraden! Gratulerer også til skulen og alle tilsette!
![](https://i2.wp.com/jo-ve.no/wp-content/uploads/2023/03/1678214196795.jpg?w=640)
![](https://i2.wp.com/jo-ve.no/wp-content/uploads/2023/03/1678214203476.jpg?w=640)
![](https://i1.wp.com/jo-ve.no/wp-content/uploads/2023/03/1678264153660.jpg?fit=640%2C480)
![](https://i2.wp.com/jo-ve.no/wp-content/uploads/2023/03/IMG_20230307_093246.jpg?fit=640%2C288)