20.-22. juni i år var det stort jubileum på Tombontsoa jordbruksskule på Madagaskar. Skulen feira at det var 60 år sidan skulen kom i gang med jordbruksutdanning for unge gassarar.
Den første skulen i sitt slag på Madagaskar
Då skulen kom i gong i august 1965, var den blant dei aller første skulane som skulle gje landbruksutdanning på Madagaskar. Halvparten av opplæringa i det eittårige agronomkurset var praksis ute i avdelingane i gardsbruket på 1250 dekar, med dyrking av mange vekster og eit husdyrbruk med kyr, griser og høner. Det var rundt 50 elevar i det første agronomkullet, berre gutar. Dei fleste elevane kom frå gardane i nærleiken eller rundt om i det store jordbruksfylket Vakinankaratra.
Offisiell opning i festsalen
Fredag 20. juni var det opning av jubileet i skulen sin festsal. Skulens rektor, dr. Rasoloson Lala ønskte velkommen til leiinga i den gassiske lutherske kyrkja, representert ved presidenten i kyrkja, pastor Rakotozafy Denis. Mange samarbeidspartnarar med skulen gjennom mange år, var også til stades. Til dømes Jordbruksskolenes Venner og fjørfefirmaet Avitech som skulen samarbeider med med opplæring og produksjon av verpehøner. Det norske misjonsselskap vart representert ved Arne Dragsund, som var bedt om å kome med helsing på vegne av NMS.

Samarbeidspartnarane hadde ei utstilling og stands for å vise kva dei held på med. Ein stor traktor med 4 skjærs vendeplog hadde skulen plassert saman med dei andre samarbeidspartnarane, som JV har gitt for nokre år sidan. Det norske misjonsselskap hadde gitt pengar til bygging av eit nytt kyllinghus for oppdrett av verpehøner. Innsamlinga av pengane var i samarbeid med KG i Oslo.

Laurdag 21. juni, den 2. jubileumsdagen, var det stor feiring i parken. Det var laga til ei stor scene og benker ut i parken. Kyrkjepresidenten, pastor dr. Rakotozafy Denis, leia samlinga saman med rektor dr. Rasoloson Lala.





Gudsteneste i Antsirabe
Jubileet vart avslutta med ei gudsteneste i den store Antsirabekatedralen sundag 21. juni, leia av kyrkjepresidenten og presidenten for synoden SPAM, som eig Tombontsoa jordbruksskule.

Rundt 3000 menneske i kyrkja avslutningsdagen. Rektor Rasoloson Lala og kona vart heidra med ei gåve.F: R. B

Nedlegging av grunnsteinen for ein stor forsamlingssal for skulen. Foto: Randriamahaleo Bary
Ein skule i vekst
Jubileet på Tombontsoa var ei stor markering av det skulen har vore i 60 år for det gassiske samfunnet, og ikkje minst for bøndene gjennom desse åra. Eit stort antall avlsdyr er selde til bøndene i distrikta rundt Tombontsoa, t.d. NRF kalvar av begge kjønn. NRF dyra kom til skulen i 1966, med 10 kviger og ein okse frå Norge. Det var den første stammen av NRF dyr på øya. Seinare kom det store norsk- gassiske prosjektet Fifamanor til med import av kvige- og oksekalvar. Og ei utstrakt rettleiing ute hos bøndene med ikkje mindre enn 60 oksestasjonar for bedekking med det lokale feet, Zeburasen. Resultatet er at det nå er mange tusen reine NRF kyr spreid over heile innlandet, og noko på austkysten, og krysningsdyr av NRF og Zebu. Så skulen har ikkje berre vore ein pioner på utdanningsområdet, men også med spreiing av NRF som den nye mjølkerasen på Madagaskar. Skulen importerte NRF sæd frå NRF på Hamar i 1973, og Madagaskar var såleis det første landet som importerte oksesæd frå Norge. Det vert ennå i dag importert oksesæd frå Geno i Norge.

























