Avslutning av det eittårige agronomkurset på Tombontsoa

Avslutning av det eittårige agronomkurset på TombontsoaSidan starten på Tombontsoa jordbruksskule i 1965, har det eittårige agronomkurset vore det viktigaste kurset. Her får ungdom ei solid og god utdanning for å bli bønder. Og som det gjerne også er i Norge at der foreldra har fått si jordbruksutdanning, der vil også borna gå. Dette har vi på landbruksfagskular t.d. Tomb, Gjennestad, Lyngdal, Øya, Øksnevad, Melsom, for å nemne nokre. På Tombontsoa er det i dag mange elevar med foreldre som har gått her før. Desse finn vi igjen ute i landsbyane som driftige bønder som har teke med seg sine kunnskapar frå skulen i sitt arbeid på garden. 

Skuleavslutning

Skuleåret 2022-23 vart avslutta i juli-23. 100 elevar fekk då sine diplomar, signerte av skuleleiinga og synoden, samt staten som også var med og godkjende eksamensoppgåvene.

Avgangselevane samla. Dei beste elevane fekk sine premiar under avslutningsfesten. Foto: Rasoloson Lala.

For skuleåret 2023-24 er det 68 elevar i det eittårige kurset på Tombontsoa. Ein av desse er blind. 50 elevar ligg til grunn for den økonomiske støtta til skulen frå NMS og JV. Så skulen finansierer 18 elevar ekstra av eigne pengar dette året. Nokre av elevane bur nå utanfor skulen, men dei fleste bur på internatet. I dette kurset er halvparten av opplæringa praksis ute i jordbruket, fjøset, grisehuset og hønehuset. Grupper på 6 elevar har då med seg ein lærar. I denne samanheng kan det nemnast at staten har teke læreplanane for skulane Tombontsoa og Fihaonana som mal for eigne og andre skular og institusjonar som har landbruksutdanning, der praksiskravet er kome med som ein viktig del av undervisninga.Så gardsbruket på Tombontsoa er ein viktig læringsarena. 

Fanantenana= Håpets gard

Sidan det i fjøset vert mjølka med mjølkemaskinar og faste folk, lærer elevane mjølking med hand på demonstrasjonsgarden Fanantenana=håpets gard. Denne garden vart bygt opp i 1974, og har både kyr, griser og sauer, samt grønsaker og gras på rundt 50 dekar jord. Tombontsoa sin planteskule for oppal av skogstre og frukttre ligg på denne garden. I fjøset står dei to store trekkoksane som vert nytta til pløying og jordarbeiding, og transport av t.d.kraftfor frå mølla til husdyrbruket. I fjøset og grisehuset er det laga renner kor landet renn ut i ein kumme utanfor fjøset, og dette vert nytta både til grønsaker og til grasproduksjonen på denne garden. Denne demonstrasjonsgarden vert som sagt nytta til opplæring av elevar, og tener også som ein modell for korleis dei kan bygge opp sin eigen gard når dei kjem tilbake til sine landsbyar etter endt utdanning.

40 årsjubileet på Fihaonana jordbruksskule

4Skulen hadde feiring i tida 1.- 4. desember 2023. Sjølve jubileumsfeiringa var måndag 4. desember. Dagen før var det gudsteneste i Voatsoa kyrkje like ved, ei kyrkje som Fihaonana har bygt opp litt etter litt saman med kyrkjelyden. 

Laurdag 2. desember var det samling for tidlegare elevar, der rektor Hoby og lærar Noely hadde ein gjennomang av måtar å starte samvirkelag i landbruket på. Rektor tok med forhold i Israel etter turen han hadde dit tidlegare i år. Arne Dragsund avslutta samlinga med å fortelje om korleis samvirket kom i gang i Norge, og den betydning dette har hatt for veksten i norsk landbruk gjennom tidene. 

Elevane song i gudstenesta søndag.
Foto: Randriamahaleo Bary
Kvinnene på skulen song under gudstjenesta.
Foto: Randriamahaleo Bary

Mange gjester på jubileet

Rundt 400 gjester var til stades på jubileumfeiringa måndag, som var leia av visepresident i Manakarasynoden, Randrianiaina James, og rektor Randrianarijao Hobiharisoa. Historia til skulen går tilbake til arbeidet i FaFaFi i Manakara, som Arne Dragsund bygde opp og leia i tida 1979-1982. Rettleiingstenesta trong eit kurssenter, så austsynoden ga Fihaonana, som då var eit lite brukt ungdomssenter, til FaFaFi. Arne Dragsund planla så ein ny jordbruksskule på Fihaonana, etter at synoden hadde vedteke at dei ville ha ein jordbruksskule på austkysten. Søknaden om støtte til utbygging og drift vart sendt til NORAD i 1981, underteikna av synodepresident Soamila Felix og Arne Dragsund. FaFaFi fekk eit positivt svar frå NORAD i 1982, at søknaden om oppbygging og drift av skulen, var innvilga. Ramiharimanana Felicite starta då opp som den første rektor med oppbygging av skulen. Det første kullet kom altså i gong i 1983 med berre 8 elevar, fordi det var nokså ukjent på aust på den tid at ungdom trong jordbruksutdanning. I dag er det stor søkning til skulen, ikkje mindre enn 160 søkarar til det 40. kullet som nå gjekk ut. Ramiharimanana Felicite og Mahadimby Gerard fortalte om starten på skulen og hadde ei bildeframvisning frå den første tida fram til i dag. 

Mange av gjestene kom med helsingar på jubileet, mellom andre fylkesmannen, synodeleiinga og Arne Dragsund, som helsa frå styret i JV og overrakte eit bilete med innskrift på gassisk om gåva til skulen som nemnt tidlegare. Han helsa og frå Det Norske Misjonsselskap og las opp gratulasjonsbrevet frå Arild Bakke i NMS som ikkje hadde høve til å vere med på jubileet. Det var eit vel gjennomført og fint jubileum på Fihaonana desse dagane. Som nemnt tidlegare, var Fihaonana den einaste jordbruksskulen på heile austkysten av Madagaskar, bortsett frå eit Lycee Agricole som staten hadde på den tida i kystbyen Toamasina. Denne skulen vart nedlagt midt på 80 talet på grunn av finansielle problem i staten. I dag er det nokre få kurssenter i jordbruk på austkysten, men Fihaonana er den største og viktigaste skulen, som får elevar ikkje berre frå austkysten, men og frå Fianarantsoa og andre område i Innlandet og sør- og vestkysten.

Pastor Randrianiaina James, rektor Randrianarijao Hobiharisoa, Arne Dragsund. Foto: Randriamahaleo Bary.

Rektor Hoby og hans medarbeidarar på skulen. Dei fleste av dei 48 elevane i det 40. kullet. Foto: Randriamahaleo Bary.

Så tek ein ny epoke i skulen si historie til, med det 41. kullet som tek til i januar 2024. Opptaket av nye elevar skjer fleire stader på Austkysten og i Innlandet, med ei praktisk oppgåve og intervju med kvar enkelt, i tillegg til ei teoretisk oppgåve. Som nemnt tidlegare, var det svært stor søkning til det 40.årskullet, og det er gledeleg at så mange unge ønskjer ei jordbruksutdanning, både på Fihaonana og på Tombontsoa. Begge desse skulane er mellom dei skulane som ligg lengst framme når det gjeld undervisning i landbruk på Madagaskar. Begge skulane er som det heiter, Ecole agree, dvs. dei er godkjende av myndighetene som fagskular i landbruket.

40 ÅRSJUBILEET PÅ FIHAONANA JORDBRUKSSKULE

40 ÅRSJUBILEET PÅ FIHAONANA JORDBRUKSSKULE

I veka 1.-4. desember var det jubileum på Fihaonana jordbruksskule. Styret i Jordbruksskolenes Venner hadde bevilga 40.000 kr. som jubileumsgåve til skulen som støtte til å plante til eit areal med banan, appelsin og kokospalmer. Dette var skulen sitt ønskje. Plantene var av ulike sortar banan, og nokre appelsin var poda. Alt dette vil gje god avling om nokre år. Plantinga er ein del av det Fihaonana satsar på for å bli sjølfinansiert når det gjeld drifta av agronomkurset på skulen. Det vart planta 2000 bananplanter, 2000 sitrusfrukter og 2000 kokospalmer den dagen. Både rektor, tilsette og elevar var med. Plantinga er gjort med agroforestry-teknikken. Dvs. at det er andre vekster innimellom frukttrea, slik som gras og andre vekster. Det er og ein del leguminøse planter der, som tek opp nitrogen frå lufta. Noko andre vekster også får nytte av med meir nitrogen i jorda. Arealet er totalt på 150 dekar.

Elevar og tilsette med rektor i spissen ut på planting ein av jubileumsdagane.
Foto: Randriamahaleo Bary
Foto: Randriamahaleo Bary

Rektor Hoby og tidlegare rektor Felicite og Arne Dragsund planta nye sortar av bananplanter

Foto: Randriamahaleo Bary

Plantinga av denne store fruktåkeren er ein del av det som Fihaonana satsar på av planter som greier syklonar i framtida. Mykje av dei frukttrea og plantene dei hadde satsa på før, vart øydelagde i syklonane i 2021, mellom andre ein stor planting av kaffibusker. 

Besøk på Madagaskar

Varhaug Kristelege Ungdomslag har støtta jordbruksskulane økonomisk i mange år, også i 2023, med eit betydeleg beløp. 20 ungdomar reiste til Madagaskar saman med reiseleiar Jonas Skrettingland i oktober. 

Besøk på jordbruksskulane

Ungdomane var innom Tombontsoa og Fihaonana jordbruksskular, med god kontakt med lærarar og elevar. Og dei hadde ein tur i regnskogen i Ranomafana i tillegg til mykje anna dei opplevde på turen. Ungdomane hadde orienteringsmøte om turen på Varhaug etter at dei var komne heim, og turen var omtalt i Jærbladet. Det er inspirerande at ungdomar på denne måten engasjerer seg i misjonsarbeidet, med støtte til dei to jordbruksskulane på Madagaskar. Dette gjev store ringvirkningar og auka interessa for misjon og hjelpearbeid. Stor takk til Ungdomslaget på Varhaug for det gode samarbeidet vi har! Og for den hjelp og inspirasjon dei er for jordbruksskulane på Madagaskar!B

Ungdomane frå Varhaug saman med reiseleiar. 
Foto: Jonas Skrettingland
Kubotatraktoren dei gav til 35 års jubileet på Fihaonana 
Foto: Jonas Skrettingland
Planting av ris på Fihaonana
Foto: Jonas Skrettingland

Ved landkummen på Tombontsoa, bygd av JV i 2012
Foto: Jonas Skrettingland

Avslutning i bachelorstudiet på Tombontsoa.

61 studenter avsluttet sitt 3 årige studium med en utspørring (soutenance) i bacheloroppgaven i oktober- 23. Avslutningsfesten var i desember. I mars -23 ble 68 studenter uteksaminert, så i alt er 129 studenter ferdige med bachelorstudiet i 2023.

Oppgave i produksjon av kaniner

Onsdag 25. oktober var undertegnede invitert til Tombontsoa for å overvære utspørringen av kandidaten Velomanana Ranjatiana Herimalala. Han skulle forsvare sin avhandling «Verdien av tilsetting av ekstrakt av planten Azolla i foret til kaniner av rasen Geant på 1,5 og 2,0 mnd. alder».

Utprøving med i oppgaven

Han hadde også lagt inn data ved praktisk tildeling av tilskuddet til kaninene, slik at oppgaven hadde også med resultater på veksten for forskjellig tilskuddsmengde og tid.  

Gjennomgang av oppgaven

Lærer i husdyrfaget og rektor var med på utspørringa. En representant for departementet for Teknisk utdanning var også med i sensurteamet.

Stor tilgang på nye studenter

129 studenter gikk ut av dette studiet i 2023, slik som nevnt ovenfor. Rektor Rasoloson Lala kunne fortelle at det nå var 140 søkere til det 1. året som vil komme i gang med det første, en stor økning fra tidligere. Dette sier litt om interessen blant ungdom for å gå på IPSATTA på Tombontsoa. Fordelen for Tombontsoa i forhold til andre tilsvarende studiesteder, er at skolen har et velutviklet gårdsbruk, der studentene får nødvendig praksis. Og de kan benytte avdelingene i jord – og husdyrbruket til sine økonomiske analyser i studiet sitt. 

Velomanana Ranjatiana Herimalala med bacheloroppgaven sin
Utspørringsteamet. Rektor Rasoloson Lala i midten.
Foto: Arne Dragsund

Avslutningsfest på Tombontsoa Jorbruksskule

7. juli 2023 var det stor avslutningsfest på Tombontsoa. Agronomklassen avslutta sitt 10 månaders lange studium og fekk sine diplomar.

Allsidig utdanning

Agronomkurset har vore med på Tombontsoa sidan skulen kom i gang i 1965. Antalet var i mange år rundt 50 elevar i året, den første tida berre gutar. Etter kvart har dette endra seg, slik at det i dag er både gutar og jenter i kullet. I år var det 100 avgangselevar.

Opplæringa

På skulen har elevane om lag 50 % teori og 50 % praksis ute i dei praktiske avdelingane i det 1200 dekar store gardsbruket. Teorien består av husdyrfag, plantedyrking, økonomi og rekneskap, og andre fag som naturleg høyrer til i dette kurset. Praksisen er i fjøset, grisehuset og hønehuset, samt ute i jordbruket med dei forskjellege kulturar. Det vert dyrka mykje gras som vert slege til kyrne, mais for ensilering som for i turketida som varer frå mai til oktober. Ein stor gropsilo rommer nok silofor til mjølkekyrne og ungdyra. 

Kvar blir det av elevane etter utdanninga?

Dei aller fleste elevane reiser tilbake til sine landsbyar og driv garden saman med foreldra eller startar for seg sjølv. Då er det enklast å starte opp med nokre slaktegriser eller brolierproduksjon for å få kapital til å bygge ut garden vidare. Ein nyleg evaluering som begge jordbruksskulane hadde for nokre månader sidan, viste at elevane frå Tombontsoa gjorde det godt etter utdanninga med at mange starta opp for seg sjølve og etablerte seg som bønder i sine landsbyar.

Tilsette i staten eller private organisasjonar

Nokre av elevane vert rekruterte til rettleiarar i staten eller private organisasjonar. Nokre av dei tek og kurset for vaksinatørar på Tombontsoa, og går over i ei statleg teneste som vaksinatørar.

Vi gratulerer dei nye agronomane og ønskjer dei lukke til som nye bønder!

Elevane ute i praksis
Foto: Rasoloson Lala

Ambassadørbesøk på Tombontsoa

Ambassadør Gjermund Sæther

Fredag 28. april var ambassadør Gjermund Sæther på besøk på Tombontsoa jordbruksskule i Antsirabe. Han vart ønska velkommen av rektor dr. Rasoloson Lala, og vist rundt på skulen og gardsbruket. 

Støtte frå Norge

Tombontsoa jordbruksskule har gjennom mange år hatt eit nært og godt samarbeid med den norske stat, gjennom NORAD og UD. Derfor er det kjekt at ein slik skule som Tombontsoa kan bli besøkt av personar frå det offentlege Norge, slik som denne gong med den norske ambassadøren for Madagaskar, som nå har sete i Pretoria i Sør-Afrika. Tidlegare var det også ein ambassade i Antananarivo på Madagaskar, men den vart for nokre år sidan lagt ned. Så får vi vone at ambassadørbesøket kan vise igjen med at Den norske stat igjen vil satse på utviklingssamarbeid med institusjonar på Madagaskar, og vere med og hjelpe til at landets befolkning kan kome ut av den fattigdomen som rår i dag.

Ein viktig skule for gassisk landbruk

Tombontsoa jordsbruksskule blir 60 år i 2025, og det vert ei markering av dette når det 60. kullet agronomelevar sluttar av skuleåret. Skulen har vore, saman med Fihaonana jordbruksskule i Vohipeno, blant dei fremste jordbruksskulane i landet. Det seier mykje når staten i sine utlysingstekstar skriv når dei søkjer etter folk for sine prosjekt: « fortrinnsvis elevar som har gått ut frå Tombontsoa».

Ambassadør Gjermund Særther og rektor Rasoloson Lala
Ambassadøren skriver i gjesteboken

EVALUERING AV JORDBRUKSSKULANE

Det har nå i mars 2023 vore ei ekstern evaluering av Tombontsoa og Fihaonana. Evalueringsteamet besto av fagfolk med kunnskap i evaluering av prosjekt, landbruk og opplæring. Knut Roland var observatør for NMS og JV.

Besøk hos tidlegare elevar frå Tombontsoa

Evalueringsteamet besøkte fleire tidlegare elevar som hadde gått på Tombontsoa. Ein av desse hadde begynt i det små og starta med 1 gris for oppforing til slakt. Nettoen av den brukte han til å kjøpe litt jord og vidare bygde han driftsbygningar og bolighus og auka besetningen. Ein annan hadde 1000 verpehøner og andre dyreslag. Familiane til desse greide seg godt nå.

Rapport frå evalueringa

Evalueringsteamet utarbeider ein rapport for evalueringa av Tombontsoa og Fihaonana. Den skal kome innan utgangen av mars 2023. Vi har fått kjennskap til noko som teamet meinte var fint som resultat av opplæringa på Tombontsoa:

  • Elevane blir vande med å arbeide praktisk
  • Gode lærarar på skulen
  • Billeg opplæring 
  • Det er mogeleg å ta kontakt med lærarane på Tombontsoa om det skulle oppstå problem i drifta på garden
  • Elevane blir kjende med mange ting i jordbruk og husdyrbruk, og dei får kunnskap til å løyse utfordringar som måtte kome seinare

For skulane, NMS og JV er det nyttig med ei evaluering av skulane. Det er verdifullt at utanforståande fagfolk kan gjennomgå drifta av skulen og gardsbruket slik som dette. Og kome med tilrådingar for vidare drift av desse to viktige skulane på Madagaskar.

Besøk hos Manohisoa Rakotondravao, som gjekk ut i 2021. Rektor Rasoloson Lala og Knut Roland t.v.
Styret for Tombontsoa saman med evaluerinngsteamet.

AVSLUTNINGSFEST PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Skulen har eit stort elev- og studenttal. Tysdag 7. mars-23 var det avslutningsfest for studentane i IPSATTA- høgskuletilbodet. Og elevane i AVISCHOOL avslutta og studiet sitt den dagen. Presidenten i Den Gassisk Lutherske kyrkja, Dr. Rakotozafy Denis, synodeleiinga, guvernøren i fylket Vakinankaratra, ansvarlege for jord- og husdyrbruk og rektor på skulen for teknisk utdanning i fylket, var til stades på denne store dagen.

IPSATTA- 3 årig høgskule

Dei som nå gjekk ut, starta opplæringa si i november 2019. I alt var det 69 studentar som har avslutta med hovedoppgåve og avsluttande bachelorstudium (license en sciences agronomiques). 32 valde spesialisering i husdyrbruk, 28 spesialisering i jordbruksfag og 10 spesialisering i miljøkunnskap. Av desse 69 var det 3 frå naboøyane Comorene, og 2 av studentane var katolske nonner. 

Studiet på skulen

Studentane har 2100 timar med teori gjennom studietida, og deretter praksis i avdelingane i gardsbruket. Deretter har dei eit opphald på 6 månader i ei bedrift eller prosjekt på Madagaskar eller i utlandet. Og det er lagt inn ein studietur på Madagaskar for å sjå bedrifter og prosjekt i landbruket og mæringsmiddelfag.

Mange har fått seg arbeid

Skulen melder om at mange av dei som nå har slutta studiet, har fått seg jobb, anten i staten eller i prosjekt drive av private organisasjonar.

Vi gratulerer dei som nå har fått bachelorgraden! Gratulerer også til skulen og alle tilsette!

 Fornøyde studentar
Kyrkjepresidenten Dr. Rakotozafy Denis t.v. og rektor Rasoloson Lala
Elevar i Avischool- fjørfeskulen
Nokre av studentane