Skulestart på Tombontsoa og Fihaonana

Det har vore litt usikkert med finansieringa av det eittårige kurset både på Tombontsoa og Fihaonana. NMS og Jordbruksskolenes Venner har lovd finansiering av dette kurset, med halvdelen kvar av det som trengs for å drive skulane i 2017.

Fihaonana jordbruksskule

På Fihaonana har det vore opptaksprøve med 74 elevar i det eittårige kurset. Dei reknar med at 45 kjem til nytt skuleår 4. januar 2017. Då vil elevane fylgje driftsåret i jordbruket. I ein samarbeidsavtale med den gassiske stat, har Fihaonana eit opplegg for og følgje opp dei tidlegare elevane frå Fihaonana. Rundt 1500 elevar har gått ut frå Fihaonana sidan starten i 1983. 600 av desse skal vere med i eit opplegg som staten støttar om å gi eit startgrunnlag for dei som vil satse på og kome i gang med eit skikkeleg opplegg i jordbruk/hagebruk eller husdyrhald. Skulen skal følgje opp elevane og det arbeidet dei gjer.

Suksess med fiskedammen og oppdyrking av jorda

På Fihaonana laga dei ein stor fiskedam for oppdrett av Tilapia. Dette var ein stor suksess. Dei hausta fisken og selde den til restaurantar, hotell og andre i byen Manakara og andre stader. Oppdyrkinga av den jorda som har lege brakk lenge, har JV støtta økonomisk. Nå er oppdyrkinga ferdig med flotte terrassar, der dei m.a. dyrkar maniok og andre vekster.

Tombontsoa jordbruksskule

På Tombontsoa blir det rundt 60 elevar i det eittårige kurset som vil kome i gang så snart det er klart med overføring av pengar frå NMS. Lycee Agricole har 22 elevar i det første året, og 54 elevar i det andre året. I høgskuletilbodet IPSATA er det 110 studentar i det 1.året, 77 studentar i det 2.året og 38 studentar i det 3.året. I alt blir det 360 elevar og studentar på Tombontsa dette skuleåret. Elevar i Lycee Agricole og studentar i IPSATA betalar skulepengar som er tilstrekkeleg til å betale det studiet kostar. For det eittårige kurset FPQ, er skulepengane låge for å kunne nå dei frå landsbygda som har liten betalingsevne. Derfor er dette kurset støtta utanfrå.

776

Fiskedam og terrasser på Fihaonana

 

181

Tombontsoa med stort elev-og studentkull i år

Nytt toalettanlegg på Tombontsoa

Det gamle toalettanlegget for elevane på Tombontsoa er svært dårleg etter mange års bruk. Skulen har lenge ønskt eit nytt anlegg, og diskusjonen rundt dette har gått ei par års tid.

Ungdomslaget på Varhaug

Nå har ungdomslaget igjen teke eit tak. Dei har samla inn pengar til å bygge eit heilt nytt anlegg med 8 toaletter for jentene og 8 toaletter for gutane, i to atskilde bygg. Toalettene skal byggast på ein skikkeleg måte med septikktank som kan tømast med vakumvogna i gardsbruket.

Byggast i polybetong

Firmaet PCCM, som leiger fabrikklokale i mølla på Tombontsoa, skal stå for bygginga. Dei leverte inn anbud på lik linje med 3 andre entreprenørar. Dei fekk tilslaget som den rimelagste av desse fire som hadde levert inn anbud. Det serprega med dette bygget, er at det skal byggast i polybetong, dvs. med blokker laga av brukt isopor og sement. Dette byggematerialet har mange fordeler framfor vanleg sementstein, mellom anna god isolasjonsevne og raskt og lett og setje opp. Arbeidet med toalettanlegget kjem i gong måndag 12. desember med ei byggetid på 45 dagar.

 

937

Blokker av polybetong skal brukes i det nye toaalettanlegget

Ny brønn på Tombontsoa

I fjor i november vart det lagt ned 2,5 km med røyr og slangar i det store vassleidningsnettet på Tombontsoa, då ein dugnadsgjeng frå Varhaug var der ute. I år sto arbeidet med å forbetre ein av brønnane på skulen for tur. Rolf Moi reiste til Tombontsoa i oktober -16 for å stå for dette arbeidet med å grave ut og støype den 18 meter djupe brønnen på nytt. Det vart laga ny forskaling i verkstaden som skulle nyttast til dette, så det vart eit omfattande arbeid.

God innsats frå arbeidslaget som var med

4 murarar og 4 andre arbeidsfolk var med under arbeidet med den nye brønnen. Dei skulle djupt ned for å grave ut og støype, så det vart laga til ein innretning for å kome ned på ein skikkeleg måte. I byrjinga av desember vart brønnen ferdig.

To gamle tårnsiloar vart revne

Dei to gamle siloane, den eine bygd i 1966, og den andre i 1972, var ikkje i bruk lenger. Desse vart revne for og brukast som bakfyll i brønnnen. Nå er brønnen ferdig, og det store arbeidet som dugnadsgjengen frå Norge gjorde i 2015, er sluttført med arbeidet med denne brønnen. Vasstilførselen på Tombontsoa er nå heilt perfekt, med godt trykk og rikeleg med vatn til alle skulebygningane og driftsbygningane på skulen.

Ungdomslaget på Varhaug

3 av medlemene i ungdomslaget på Varhaug var med i dugnadsgjengen i fjor haust. Det var ungdomslaget som gjennom Jordbruksskolenes Venner finansierte fornyinga av vassleidningsnettet og denne nye brønnen. Stor takk til ungdomslaget på Varhaug for denne kjempeinnsatsen på Tombontsoa Jordbruksskule.

023

Lederen for arbeidslaget og Rolf Moi ved den nye brønnen

Reparasjon av det store grisehuset på Tombontsoa

Det gamle grisehuset på skulen trong ei fornying. Innredninga var rusta og øydelagd og veggene trong reparerast i fødeavdelinga og gjeldpurkeavdelinga. Eit firma som la inn anbud på dette, har dei siste to månadene halde på med reparasjonen av huset.

Tomb vidaregåande skole med

Elevane på Tomb vidaregåande skole har gjennom Operasjon Dagsverk og Vårløpet samla inn pengar til reparasjon av grisehuset på Tombontsoa. Flott at elevane på Tomb kan vere med på dette arbeidet. Pengane går via Jordbrukskolenes Venner.

Satsing på gris framover

Det er nå gode prisar både på smågris og slaktegris. Etterspørselen etter kvalitetsgris er stor, og dette vil Tombontsoa utnytte. Dei sel stort sett all smågrisen dei produserer til dei som forar grisen opp til slakt. Med det opprusta grisehuset vil skulen står godt rusta til å produsere meir gris, også med tanke på at dei treng pengar for å dekke mest mogeleg av skuledrifta.

078

Ny innredning i grisehuset. Rolf Moi viser resultatet