Avslutning av det eittårige agronomkurset på Tombontsoa

Avslutning av det eittårige agronomkurset på TombontsoaSidan starten på Tombontsoa jordbruksskule i 1965, har det eittårige agronomkurset vore det viktigaste kurset. Her får ungdom ei solid og god utdanning for å bli bønder. Og som det gjerne også er i Norge at der foreldra har fått si jordbruksutdanning, der vil også borna gå. Dette har vi på landbruksfagskular t.d. Tomb, Gjennestad, Lyngdal, Øya, Øksnevad, Melsom, for å nemne nokre. På Tombontsoa er det i dag mange elevar med foreldre som har gått her før. Desse finn vi igjen ute i landsbyane som driftige bønder som har teke med seg sine kunnskapar frå skulen i sitt arbeid på garden. 

Skuleavslutning

Skuleåret 2022-23 vart avslutta i juli-23. 100 elevar fekk då sine diplomar, signerte av skuleleiinga og synoden, samt staten som også var med og godkjende eksamensoppgåvene.

Avgangselevane samla. Dei beste elevane fekk sine premiar under avslutningsfesten. Foto: Rasoloson Lala.

For skuleåret 2023-24 er det 68 elevar i det eittårige kurset på Tombontsoa. Ein av desse er blind. 50 elevar ligg til grunn for den økonomiske støtta til skulen frå NMS og JV. Så skulen finansierer 18 elevar ekstra av eigne pengar dette året. Nokre av elevane bur nå utanfor skulen, men dei fleste bur på internatet. I dette kurset er halvparten av opplæringa praksis ute i jordbruket, fjøset, grisehuset og hønehuset. Grupper på 6 elevar har då med seg ein lærar. I denne samanheng kan det nemnast at staten har teke læreplanane for skulane Tombontsoa og Fihaonana som mal for eigne og andre skular og institusjonar som har landbruksutdanning, der praksiskravet er kome med som ein viktig del av undervisninga.Så gardsbruket på Tombontsoa er ein viktig læringsarena. 

Fanantenana= Håpets gard

Sidan det i fjøset vert mjølka med mjølkemaskinar og faste folk, lærer elevane mjølking med hand på demonstrasjonsgarden Fanantenana=håpets gard. Denne garden vart bygt opp i 1974, og har både kyr, griser og sauer, samt grønsaker og gras på rundt 50 dekar jord. Tombontsoa sin planteskule for oppal av skogstre og frukttre ligg på denne garden. I fjøset står dei to store trekkoksane som vert nytta til pløying og jordarbeiding, og transport av t.d.kraftfor frå mølla til husdyrbruket. I fjøset og grisehuset er det laga renner kor landet renn ut i ein kumme utanfor fjøset, og dette vert nytta både til grønsaker og til grasproduksjonen på denne garden. Denne demonstrasjonsgarden vert som sagt nytta til opplæring av elevar, og tener også som ein modell for korleis dei kan bygge opp sin eigen gard når dei kjem tilbake til sine landsbyar etter endt utdanning.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *