Treplanting på Tombontsoa

Kvart år plantar dei skog på Tombontsoa jordbuksskule i Antsirabe. Slik også i år, med ein plantedag 25.februar. 

Studentar som lærarar

I høgskulen IPSATTA er det ei linje for miljøkunnskap. Studentane i 3. årskullet (kledd i blå T-shirt) underviste agronomelevane i korleis dei skulle plante forskjellige treslag, som eucaluptus, furu og andre treslag. Skulen har eit skogsareal i Ambatomainty, eit par kilometer nord for Tombontsoa, der det tidlegare var planta til med furuskog. Den store skogen vart hoggen ned for nokre år sidan, og både furu og andre treslag vart planta etter det. Skogen der tener også som demonstrasjonsfelt for elevar og studentar på skulen. Eit treslag som heiter Liquidaambar, har vakse mykje på 2 år slik eit av bileta viser. 

Avslutning av studiet

Studentane i høgskulen har nå avslutta året med hovudoppgåva, og skal ha avslutning av studiet 18.mars med utdeling av vitnemåla. Mange av desse har alt fått seg arbeid, og nokre tek eit masterstudium på universitetet etter studiet på Tombontsoa. Sidan gardsbruket vert nytta i studiet i høgskulen, med planlegging og analyser av drifta til dømes, er studentane frå dette kurset etterspurde i arbeidsmarkedet. 

Planting av moringatreet

Begge jordbruksskulane har satsa på planting av treslaget Moringa. Det har eit stort innhald av viktige næringsstoff og mineral og vitaminar.  Blada på Moringatreet inneheld og mykje protein, og har alle dei 9 viktige aminosyrene i seg. Eit eige prosjekt tilknytta Jordbruksskolenes Venner i samarbeid med jordbruksskulane, er starta opp for om lag 2 år sidan. Det er oppretta ein eigen konto i NMS som sender pengane ut til skulane. Eit ektepar i Oslo leiar prosjektet og har samla inn pengar til arbeidet, med blant anna opplæring på begge skulane for å spreie bruken av dette treet. Og oppformering i planteskulane. Det er stor interesse for dette treslaget. Nå har Tombontsoa planta Moringa fleire stader, med ein start i desember 2021. 700 tre vart planta på skulen, og ein heil del vart planta i nokre distrikt nær Tombontsoa, og i sjukelandsbyar i Antsirabeområdet. 

Lauvtre klare til utplanting.
Foto: Rasoloson Lala
Liquidambar-treet etter 2 år.
Foto: Rasoloson Lala
Student underviser.
Foto: Rasoloson Lala
Elevar i aksjon.
Foto: Rasoloson Lala
Glade studentar.
Foto: Rasoloson Lala

Store øydeleggingar på Fihaonana jordbruksskule

Den sterke syklonen Batsirai som kom innover austkysten av Madagaskar natt til søndag 6. februar, har gjort store skader på Fihaonana jordbruksskule i Vohipeno.

Store skader på bygningane

Takplater på driftsbygningar, garasjebygg og bolighus er tekne av vinden i den sterkaste syklonen i manns minne, seier folk i Manakara. 1500 meter av gjerdet rundt eigedomen på Fihaonana er øydelagt på grunn av at store tre har falt over det høge gjerdet. Plantingane av avocado, banan, papaya og andre frukttre er øydelagde. Store tre inntil skulen har knekt rett av. 4 geiter og sauer og ein gris omkom sidan det kom mykje vatn inn i gardane. Vindaugo i klasseromma er øydelagde, og det er kome vatn inn i kontorbygningen. Vindaugo i kontora er knuste. Dette er noko av skadene. I tillegg vart fleire fiskedammar øydelagde, på grunn av store mengder vatn som kom samtidig med syklonen, og fisken er tapt. Elevar og tilsette er i gang med rydding av tre på skuleområdet og i gardsbruket.

Straumen borte

Pumpene for vatn til heile skulen og gardsbruket går med straum. Den forsvant under syklonen, og det statlege straumselskapet Jirama kan ikkje love kva tid dei kan kome for å reparere leidningane som har falle ned. Nå brukar dei bøtter for å bere vatn frå brønnane til alle dyra og det elevar og tilsette treng sjølv. 

Koronatilfelle

Under syklonen kom folk frå dei nærliggande landsbyane til Fihaonana for å søkje ly for uveret. Rektor fortel i dag (7.2.) at det er mykje korona hos elevane nå, med 22 sjuke. Dei har fått medisinar som dei brukar mot sjukdomen. 

Våre venner på Fihaonana treng vår støtte

Fihaonana jordbruksskule treng ekstra støtte i desse dagar. Styret i JV vil sende pengar til skulen for å hjelpe til med det som trengst mest i denne fasen. Du som les om dette, kan vere med ved å sende pengar til JV kontoen med Vipps 513127 eller konto 8220.02.85057. Vi er glade om du vil vere med oss i ei ekstra gåve til skulen i ei vanskeleg tid!

Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa.
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa