Agronomkurset på Fihaonana i gong

Fihaonana jordbruksskule har dei siste åra starta agronomkurset i januar månad, slik også i år. 6. januar starta kurset opp med 85 elevar av begge kjønn. Dette er eitt av dei største kulla i skulens historie.

Teori og praksis hand i hand

Heilt sidan starten av skulen i 1983, har det vore rundt 50 % praksis på skulen. Elevane arbeider saman i partier på 6, både ute i dei ulike plantekulturane og i fjøset, grisehuset og hønehuset. Praksislærarane er saman med elevanae ute i praksis. Kvar elev har også sine eigne parsellar med grønsaker, som dei steller heile skuleåret. Mykje av det vert brukt til matlaginga. Dei lagar sin eigen mat som dei et saman i matsalen. Teoriundervisninga foregår for heile kullet i den store møtesalen, anten formiddag eller ettermiddag.

Landbruksdepartementet gjev eksamensoppgåver

Begge jordbruksskulane er såkalla ecoles agrees i staten. Dei er godkjende som fagskular i landbruket. Det innebær m.a. at staten sender eksamensoppgåver til skulane i produksjonsfaga, og departementet er med og rettar oppgåvene og set karakterar saman med skulane. For elevane er det verdifullt at landbruksdepartementet er med og signerer vitnemåla saman med rektor og styreleiar.

Fagplanane som ein modell for all landbruksutdanning

For eit par år sidan bestemte landbruksdepartementet at undervisninga ved alle skular for landbruksfag på Madagaskar skulle bruke den same fagplanen. I utarbeidinga av denne planen, tok dei utgangspunkt i læreplanane som Tombontsoa og Fihaonana brukte. Begge skulane har gjennom mange år koordinert sine fagplanar, med nokre små tilpasningar for kysten eller innlandet.

 

Dei nye elevane i agronomkurset.

Foto: Randrianarijao Hobiharisoa

 

 

Arbeid ute i fiskeoppdrettet

 

Høsting av gras til dyra.

Foto: Randrianarijao Hobiharisoa

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *