Flotte griser av rasen Yorkshire like før slakting. Foto: Arne Dragsund
Sjølvfinansiert med skuledrifta
Drifta av det eittårige agronomkurset har i mange år blitt støtta økonomisk av Det Norske Misjonsselskap, og Jordbruksskolenes Venner. Det har lenge vore snakk om at det godt drivne gardsbruket skulle auke produksjonen, slik at overskotet av drifta kunne dekke drifta av skulen i si heilhet. Skulen har ei god inntektskjelde i svinehaldet. Dei sel slaktegriser i hovudstaden Antananarivo. Grisene køyrer dei med to eigne lastebilar godt 60 mil til eit slaktehus dei har ei avtale med. Når grisene er slakteferdige på 80-100 kg, vert dei frakta til Antananarivo for slakting. Dei har dei siste to åra selt om lag 400 griser kvart år på denne måten.
Stein og murblokker til bygginga er klare. Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Stor auke i besetninga
Nå skal Fihaonana bygge eit nytt stor grisehus på 51×12 meter med 50 bingar og ein kapasitet for 500 griser. JV har nyleg gitt pengar som ein start til bygginga av dette huset. Skulen har og søkt NMS om finansiell støtte til å bygge dette huset. Bygginga av huset er i gang, med produksjon av murblokker som skal nyttast til veggene. Huset vert ope, med bingar og god avrenning til ein gjødselkumme frå betonggolva. Og det skal leggast bølgeblekk som tak.
20.-22. juni i år var det stort jubileum på Tombontsoa jordbruksskule på Madagaskar. Skulen feira at det var 60 år sidan skulen kom i gang med jordbruksutdanning for unge gassarar.
Den første skulen i sitt slag på Madagaskar
Då skulen kom i gong i august 1965, var den blant dei aller første skulane som skulle gje landbruksutdanning på Madagaskar. Halvparten av opplæringa i det eittårige agronomkurset var praksis ute i avdelingane i gardsbruket på 1250 dekar, med dyrking av mange vekster og eit husdyrbruk med kyr, griser og høner. Det var rundt 50 elevar i det første agronomkullet, berre gutar. Dei fleste elevane kom frå gardane i nærleiken eller rundt om i det store jordbruksfylket Vakinankaratra.
Offisiell opning i festsalen
Fredag 20. juni var det opning av jubileet i skulen sin festsal. Skulens rektor, dr. Rasoloson Lala ønskte velkommen til leiinga i den gassiske lutherske kyrkja, representert ved presidenten i kyrkja, pastor Rakotozafy Denis. Mange samarbeidspartnarar med skulen gjennom mange år, var også til stades. Til dømes Jordbruksskolenes Venner og fjørfefirmaet Avitech som skulen samarbeider med med opplæring og produksjon av verpehøner. Det norske misjonsselskap vart representert ved Arne Dragsund, som var bedt om å kome med helsing på vegne av NMS.
Gjester i festsalen på skulen med avgangselevane. Dr. Rasoloson Lala leia samlinga. Foto: A. Dragsund
Samarbeidspartnarane hadde ei utstilling og stands for å vise kva dei held på med. Ein stor traktor med 4 skjærs vendeplog hadde skulen plassert saman med dei andre samarbeidspartnarane, som JV har gitt for nokre år sidan. Det norske misjonsselskap hadde gitt pengar til bygging av eit nytt kyllinghus for oppdrett av verpehøner. Innsamlinga av pengane var i samarbeid med KG i Oslo.
Rektor Rasoloson Lala orienterer framfor traktoren. NMS sitt emblem på veggen til det nye kyllinghuset med 7.000 daggamle kyllingar i. Foto: Arne Dragsund
Laurdag 21. juni, den 2. jubileumsdagen, var det stor feiring i parken. Det var laga til ei stor scene og benker ut i parken. Kyrkjepresidenten, pastor dr. Rakotozafy Denis, leia samlinga saman med rektor dr. Rasoloson Lala.
Avgangselevane ute på plenen. Kyrkjeleiinga og innbedne gjester framme på podiet. Foto: R. BaryKyrkjeleiinga sentralt og på synodeplan og innbedne gjester fekk ei gåve frå skulen ved rektor Rasoloson Lala. Blant gjestene var også Thor Ringsbu som tidlegare lærar, med familie, og Lillian Razafimandimby Våje og sonen Philip. Far til Lillian, Razafimandimby var rektor frå 1975 då han overtok etter Arne Dragsund. Foto: Randriamahaleo Bary.Overrekking av premiar til dei beste elevane i teori og praksis. Kyrkjeleiinga og statleg representant og NMS/JV representanten ga premiane. Ein smågris pluss kraftfor i 2 mnd. Foto: Randriamhaleo BaryAvduking av plaketten for jubileet. Arne Dragsund vart spurt om å lese innskrifta. Foto: R. BaryJubileumsgåva frå JV var ei maskin for produksjon av pellet kraftfor og ei maskin for avskaling av ris. Foto: Randriamahaleo Bary
Gudsteneste i Antsirabe
Jubileet vart avslutta med ei gudsteneste i den store Antsirabekatedralen sundag 21. juni, leia av kyrkjepresidenten og presidenten for synoden SPAM, som eig Tombontsoa jordbruksskule.
Rundt 3000 menneske i kyrkja avslutningsdagen. Rektor Rasoloson Lala og kona vart heidra med ei gåve.F: R. B
Nedlegging av grunnsteinen for ein stor forsamlingssal for skulen. Foto: Randriamahaleo Bary
Ein skule i vekst
Jubileet på Tombontsoa var ei stor markering av det skulen har vore i 60 år for det gassiske samfunnet, og ikkje minst for bøndene gjennom desse åra. Eit stort antall avlsdyr er selde til bøndene i distrikta rundt Tombontsoa, t.d. NRF kalvar av begge kjønn. NRF dyra kom til skulen i 1966, med 10 kviger og ein okse frå Norge. Det var den første stammen av NRF dyr på øya. Seinare kom det store norsk- gassiske prosjektet Fifamanor til med import av kvige- og oksekalvar. Og ei utstrakt rettleiing ute hos bøndene med ikkje mindre enn 60 oksestasjonar for bedekking med det lokale feet, Zeburasen. Resultatet er at det nå er mange tusen reine NRF kyr spreid over heile innlandet, og noko på austkysten, og krysningsdyr av NRF og Zebu. Så skulen har ikkje berre vore ein pioner på utdanningsområdet, men også med spreiing av NRF som den nye mjølkerasen på Madagaskar. Skulen importerte NRF sæd frå NRF på Hamar i 1973, og Madagaskar var såleis det første landet som importerte oksesæd frå Norge. Det vert ennå i dag importert oksesæd frå Geno i Norge.
Rektor dr. Rasoloson Lala og studentar i høgskuleklassen IPSATTA ved skulestart 10.10.24. Foto: A.D
Den første jordbruksskulen i Den gassisk lutherske kyrkja, Tombontsoa, kom i gang i 1965, og kan såleis feire 60 års jubileum i sommar.
Feiring 20.-22. juni 2025
Feiringa skal foregå i 3 dagar frå 20.juni til 22. juni i år. Det blir eit rikhaldig program, meldest det frå rektor Rasoloson Lala. Han har sendt invitasjon til mange i Norge, både til dei som har arbeidt på skulen tidlegare, og til vener av skulen. Han ba om at vi sender ut ein invitasjon frå Jordbruksskolenes Venner også. Det blir heilt sikkert eit flott jubileum på skulen i Antsirabe desse dagane.
Ein skule i fremste rekkje
Skulen har gjennom desse seksti åra vore rekna for å vere blant dei aller fremste skulane innan landbrukssektoren på Madagaskar. Når staten skal ha folk til stillingar i sine prosjekt, skriv dei ofte i utlysingsteksten: «elevar frå Tombontsoa vert føretrekte». Dette er ein god attest frå staten til ein skule som er i stadig utvikling.
Årsmeldinga 2024
Les gjerne meir om skulen og det som har skjedd der i året 2024. Det er mykje positivt å lese, der rektor og hans medarbeidarar arbeider for at dei praktiske avdelingane i gardsbruket skal gå så godt at dei finansierer agronomkurset på skulen utan hjelp utanfrå.
Avslutning av det eittårige agronomkurset på TombontsoaSidan starten på Tombontsoa jordbruksskule i 1965, har det eittårige agronomkurset vore det viktigaste kurset. Her får ungdom ei solid og god utdanning for å bli bønder. Og som det gjerne også er i Norge at der foreldra har fått si jordbruksutdanning, der vil også borna gå. Dette har vi på landbruksfagskular t.d. Tomb, Gjennestad, Lyngdal, Øya, Øksnevad, Melsom, for å nemne nokre. På Tombontsoa er det i dag mange elevar med foreldre som har gått her før. Desse finn vi igjen ute i landsbyane som driftige bønder som har teke med seg sine kunnskapar frå skulen i sitt arbeid på garden.
Skuleavslutning
Skuleåret 2022-23 vart avslutta i juli-23. 100 elevar fekk då sine diplomar, signerte av skuleleiinga og synoden, samt staten som også var med og godkjende eksamensoppgåvene.
Avgangselevane samla. Dei beste elevane fekk sine premiar under avslutningsfesten. Foto: Rasoloson Lala.
For skuleåret 2023-24 er det 68 elevar i det eittårige kurset på Tombontsoa. Ein av desse er blind. 50 elevar ligg til grunn for den økonomiske støtta til skulen frå NMS og JV. Så skulen finansierer 18 elevar ekstra av eigne pengar dette året. Nokre av elevane bur nå utanfor skulen, men dei fleste bur på internatet. I dette kurset er halvparten av opplæringa praksis ute i jordbruket, fjøset, grisehuset og hønehuset. Grupper på 6 elevar har då med seg ein lærar. I denne samanheng kan det nemnast at staten har teke læreplanane for skulane Tombontsoa og Fihaonana som mal for eigne og andre skular og institusjonar som har landbruksutdanning, der praksiskravet er kome med som ein viktig del av undervisninga.Så gardsbruket på Tombontsoa er ein viktig læringsarena.
Fanantenana= Håpets gard
Sidan det i fjøset vert mjølka med mjølkemaskinar og faste folk, lærer elevane mjølking med hand på demonstrasjonsgarden Fanantenana=håpets gard. Denne garden vart bygt opp i 1974, og har både kyr, griser og sauer, samt grønsaker og gras på rundt 50 dekar jord. Tombontsoa sin planteskule for oppal av skogstre og frukttre ligg på denne garden. I fjøset står dei to store trekkoksane som vert nytta til pløying og jordarbeiding, og transport av t.d.kraftfor frå mølla til husdyrbruket. I fjøset og grisehuset er det laga renner kor landet renn ut i ein kumme utanfor fjøset, og dette vert nytta både til grønsaker og til grasproduksjonen på denne garden. Denne demonstrasjonsgarden vert som sagt nytta til opplæring av elevar, og tener også som ein modell for korleis dei kan bygge opp sin eigen gard når dei kjem tilbake til sine landsbyar etter endt utdanning.
4Skulen hadde feiring i tida 1.- 4. desember 2023. Sjølve jubileumsfeiringa var måndag 4. desember. Dagen før var det gudsteneste i Voatsoa kyrkje like ved, ei kyrkje som Fihaonana har bygt opp litt etter litt saman med kyrkjelyden.
Laurdag 2. desember var det samling for tidlegare elevar, der rektor Hoby og lærar Noely hadde ein gjennomang av måtar å starte samvirkelag i landbruket på. Rektor tok med forhold i Israel etter turen han hadde dit tidlegare i år. Arne Dragsund avslutta samlinga med å fortelje om korleis samvirket kom i gang i Norge, og den betydning dette har hatt for veksten i norsk landbruk gjennom tidene.
Elevane song i gudstenesta søndag. Foto: Randriamahaleo BaryKvinnene på skulen song under gudstjenesta. Foto: Randriamahaleo Bary
Mange gjester på jubileet
Rundt 400 gjester var til stades på jubileumfeiringa måndag, som var leia av visepresident i Manakarasynoden, Randrianiaina James, og rektor Randrianarijao Hobiharisoa. Historia til skulen går tilbake til arbeidet i FaFaFi i Manakara, som Arne Dragsund bygde opp og leia i tida 1979-1982. Rettleiingstenesta trong eit kurssenter, så austsynoden ga Fihaonana, som då var eit lite brukt ungdomssenter, til FaFaFi. Arne Dragsund planla så ein ny jordbruksskule på Fihaonana, etter at synoden hadde vedteke at dei ville ha ein jordbruksskule på austkysten. Søknaden om støtte til utbygging og drift vart sendt til NORAD i 1981, underteikna av synodepresident Soamila Felix og Arne Dragsund. FaFaFi fekk eit positivt svar frå NORAD i 1982, at søknaden om oppbygging og drift av skulen, var innvilga. Ramiharimanana Felicite starta då opp som den første rektor med oppbygging av skulen. Det første kullet kom altså i gong i 1983 med berre 8 elevar, fordi det var nokså ukjent på aust på den tid at ungdom trong jordbruksutdanning. I dag er det stor søkning til skulen, ikkje mindre enn 160 søkarar til det 40. kullet som nå gjekk ut. Ramiharimanana Felicite og Mahadimby Gerard fortalte om starten på skulen og hadde ei bildeframvisning frå den første tida fram til i dag.
Mange av gjestene kom med helsingar på jubileet, mellom andre fylkesmannen, synodeleiinga og Arne Dragsund, som helsa frå styret i JV og overrakte eit bilete med innskrift på gassisk om gåva til skulen som nemnt tidlegare. Han helsa og frå Det Norske Misjonsselskap og las opp gratulasjonsbrevet frå Arild Bakke i NMS som ikkje hadde høve til å vere med på jubileet. Det var eit vel gjennomført og fint jubileum på Fihaonana desse dagane. Som nemnt tidlegare, var Fihaonana den einaste jordbruksskulen på heile austkysten av Madagaskar, bortsett frå eit Lycee Agricole som staten hadde på den tida i kystbyen Toamasina. Denne skulen vart nedlagt midt på 80 talet på grunn av finansielle problem i staten. I dag er det nokre få kurssenter i jordbruk på austkysten, men Fihaonana er den største og viktigaste skulen, som får elevar ikkje berre frå austkysten, men og frå Fianarantsoa og andre område i Innlandet og sør- og vestkysten.
Pastor Randrianiaina James, rektor Randrianarijao Hobiharisoa, Arne Dragsund. Foto: Randriamahaleo Bary.
Rektor Hoby og hans medarbeidarar på skulen. Dei fleste av dei 48 elevane i det 40. kullet. Foto: Randriamahaleo Bary.
Så tek ein ny epoke i skulen si historie til, med det 41. kullet som tek til i januar 2024. Opptaket av nye elevar skjer fleire stader på Austkysten og i Innlandet, med ei praktisk oppgåve og intervju med kvar enkelt, i tillegg til ei teoretisk oppgåve. Som nemnt tidlegare, var det svært stor søkning til det 40.årskullet, og det er gledeleg at så mange unge ønskjer ei jordbruksutdanning, både på Fihaonana og på Tombontsoa. Begge desse skulane er mellom dei skulane som ligg lengst framme når det gjeld undervisning i landbruk på Madagaskar. Begge skulane er som det heiter, Ecole agree, dvs. dei er godkjende av myndighetene som fagskular i landbruket.
I veka 1.-4. desember var det jubileum på Fihaonana jordbruksskule. Styret i Jordbruksskolenes Venner hadde bevilga 40.000 kr. som jubileumsgåve til skulen som støtte til å plante til eit areal med banan, appelsin og kokospalmer. Dette var skulen sitt ønskje. Plantene var av ulike sortar banan, og nokre appelsin var poda. Alt dette vil gje god avling om nokre år. Plantinga er ein del av det Fihaonana satsar på for å bli sjølfinansiert når det gjeld drifta av agronomkurset på skulen. Det vart planta 2000 bananplanter, 2000 sitrusfrukter og 2000 kokospalmer den dagen. Både rektor, tilsette og elevar var med. Plantinga er gjort med agroforestry-teknikken. Dvs. at det er andre vekster innimellom frukttrea, slik som gras og andre vekster. Det er og ein del leguminøse planter der, som tek opp nitrogen frå lufta. Noko andre vekster også får nytte av med meir nitrogen i jorda. Arealet er totalt på 150 dekar.
Elevar og tilsette med rektor i spissen ut på planting ein av jubileumsdagane. Foto: Randriamahaleo Bary
Foto: Randriamahaleo Bary
Rektor Hoby og tidlegare rektor Felicite og Arne Dragsund planta nye sortar av bananplanter
Foto: Randriamahaleo Bary
Plantinga av denne store fruktåkeren er ein del av det som Fihaonana satsar på av planter som greier syklonar i framtida. Mykje av dei frukttrea og plantene dei hadde satsa på før, vart øydelagde i syklonane i 2021, mellom andre ein stor planting av kaffibusker.
Varhaug Kristelege Ungdomslag har støtta jordbruksskulane økonomisk i mange år, også i 2023, med eit betydeleg beløp. 20 ungdomar reiste til Madagaskar saman med reiseleiar Jonas Skrettingland i oktober.
Besøk på jordbruksskulane
Ungdomane var innom Tombontsoa og Fihaonana jordbruksskular, med god kontakt med lærarar og elevar. Og dei hadde ein tur i regnskogen i Ranomafana i tillegg til mykje anna dei opplevde på turen. Ungdomane hadde orienteringsmøte om turen på Varhaug etter at dei var komne heim, og turen var omtalt i Jærbladet. Det er inspirerande at ungdomar på denne måten engasjerer seg i misjonsarbeidet, med støtte til dei to jordbruksskulane på Madagaskar. Dette gjev store ringvirkningar og auka interessa for misjon og hjelpearbeid. Stor takk til Ungdomslaget på Varhaug for det gode samarbeidet vi har! Og for den hjelp og inspirasjon dei er for jordbruksskulane på Madagaskar!B
Ungdomane frå Varhaug saman med reiseleiar. Foto: Jonas Skrettingland Kubotatraktoren dei gav til 35 års jubileet på Fihaonana Foto: Jonas Skrettingland Planting av ris på Fihaonana Foto: Jonas Skrettingland
Ved landkummen på Tombontsoa, bygd av JV i 2012 Foto: Jonas Skrettingland
61 studenter avsluttet sitt 3 årige studium med en utspørring (soutenance) i bacheloroppgaven i oktober- 23. Avslutningsfesten var i desember. I mars -23 ble 68 studenter uteksaminert, så i alt er 129 studenter ferdige med bachelorstudiet i 2023.
Oppgave i produksjon av kaniner
Onsdag 25. oktober var undertegnede invitert til Tombontsoa for å overvære utspørringen av kandidaten Velomanana Ranjatiana Herimalala. Han skulle forsvare sin avhandling «Verdien av tilsetting av ekstrakt av planten Azolla i foret til kaniner av rasen Geant på 1,5 og 2,0 mnd. alder».
Utprøving med i oppgaven
Han hadde også lagt inn data ved praktisk tildeling av tilskuddet til kaninene, slik at oppgaven hadde også med resultater på veksten for forskjellig tilskuddsmengde og tid.
Gjennomgang av oppgaven
Lærer i husdyrfaget og rektor var med på utspørringa. En representant for departementet for Teknisk utdanning var også med i sensurteamet.
Stor tilgang på nye studenter
129 studenter gikk ut av dette studiet i 2023, slik som nevnt ovenfor. Rektor Rasoloson Lala kunne fortelle at det nå var 140 søkere til det 1. året som vil komme i gang med det første, en stor økning fra tidligere. Dette sier litt om interessen blant ungdom for å gå på IPSATTA på Tombontsoa. Fordelen for Tombontsoa i forhold til andre tilsvarende studiesteder, er at skolen har et velutviklet gårdsbruk, der studentene får nødvendig praksis. Og de kan benytte avdelingene i jord – og husdyrbruket til sine økonomiske analyser i studiet sitt.
Velomanana Ranjatiana Herimalala med bacheloroppgaven sin
Utspørringsteamet. Rektor Rasoloson Lala i midten. Foto: Arne Dragsund