Det elektriske anlegget på Tombontsoa

Vi har tidlegare på heimesida skrive om utskifting og fornying av det elektriske anlegget på Tombontsoa. Vi har også oppmoda om å støtte at Tombontsoa får eit solcelleanlegg på skulen.

Arbeidet med straumanlegget nesten ferdig

Reinert Vassbø og Rolf Arild Nuland var på Tombontsoa i godt ei veke i november i år for å sjå over det arbeidet som eit gassisk firma hadde gjort med å legge nye kablar over heile Tombontsoa, og innstallere skap for sikringar ute på skuleområdet og i gardsbruket. Kjell Dale og Kolbjørn Lerstøl, samt mekanikar Lalaina var og med på dette arbeidet denne veka.

Nye straummålarar og sikringsskap

Dei som reiste på dugnad til Tombontsoa, hadde med seg ut eit stort antal straummålarar og anna utstyr som vart installerte på Tombontsoa. Mekanikar Lalaina som har vore med heile tida, held nå på med sluttføring av det elektriske arbeidet før alt er ferdig.

Solceller på fjøstaket

Det er nå installert solceller på fjøstaket. Dette bidrar med straum til heile skuleområdet som nå har fått gode kablar og ledningar rundt om. Rektor Rasoloson Lala seier dei merkar ein god nedgang i strumfakturaen frå E-verket etter at dette kom på plass.

Mekanikar Lalaina i gong med monteringsarbeidet.

Foto: Kolbjørn Lerstøl 

 

Lalaina i gang med montering av straummålarar.
Foto: Arne Dragsund.

Solceller montert på fjøstaket
Foto: Arne Dragsund 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *