Fihaonana får hjelp til nytt skuleår

Som kjent for lesarane av heimesida til JV, så har Tombontsoa og Fihaonana ikkje lenger pengar frå Norad til å drive skulen med, frå komande skuleår. Fihaonana sende ein hastesøknad til Jordbruksskolenes Venner om støtte til nytt skuleår. Søknaden behandla JV på eit styremøte 3. september 2015.

Støtte dei første 6 månadene av skuleåret

JV bevilga 287.000 kr. til dei første 6 månadene av skuleåret som etter planen skulle kome i gang nå i november. På grunn av stor usikkerhet med finansieringa av komande skuleår, har skulen bestemt at skuleåret først tek til i januar 2016, med rekruttering av elevane nå i november. Normalt har Fihaonana følgd vekstsesongen med undervisninga, så dette blir seinare enn det dei har gjort tidlegare. Det er og snakk om eit litt mindre elevkull dette året på grunn av den økonomiske situasjonen. Men alternativet var å la undervisninga vente eitt år.

Ny søknad om støtte

Både Tombontsoa og Fihaonana vil sende søknad til Digni (Norad) om støtte frå og med skuleåret 2016-17, for undervisningsdelen på skulen. Gardsbruket på Fihaonana går godt, med eit fint årleg overskott på drifta. Nå produserer dei ost av mjølka som ikkje vert seld. Og det er stor etterspørsel for tida. Dei kan ikkje levere nok ost slik etterspørselen er nå. Det er store grisekull i grisehuset med oppforing av alt til slakt. Dei køyrer store slaktegriser til Antananarivo for slakt. Skulen har eigen lastebil som vert brukt til dette.

Ei ny retning for støtten frå JV

Med at JV på denne måten støttar undervisninga direkte på Fihaonana med dei første 6 månadene av det nye skuleåret, tek hjelpa til skulane ei ny retning enn tidligare. Før har vi konsentrert oss om tiltak og byggeverksemd i gardsbruket. Det har alltid vore viktig for JV å setje elevane i fokus med god praksisopplæring. Nå er dette blitt svært konkret med direkte støtte til undervisninga av elevane, og lærarlønningar. På Fihaonana er det 12 lærarar (inklusivt rektor) og instruktørar som saman med opplæringa, også har ansvaret for dei praktiske avdelingane i gardsbruket.

Takk til dykk som støttar arbeidet som jordbruksskolens Venner har i gang på Madagaskar, på dei to jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana!

IMG_6313

Lærer Rabemanantsoa Yony Mamihariniaina har ansvar for opplæringa i hagebruk

IMG_6306

Elevene har egen grønnsakåker som ledd i opplæringa

IMG_6293

Elev har praksis i grisehuset

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *