Ny leiar i styret for Jordbruksskolenes Venner

På styremøtet i JV 12. januar 2022 vart Kolbjørn Lerstøl vald til ny leiar etter at Rolf Moi ba om avløysing. May- Brit og Kolbjørn Lerstøl var misjonærar på Tombontsoa jordbruksskule i Antsirabe i tida 1982-87. Kolbjørn arbeidde som leiar for mølleprosjektet med produksjon av kraftfor til storfe, svin og fjørfe med ein produksjon på bortimot 1000 tonn i året på det meste. Han sto for monteringa av ei ny kraftformølle som vart importert frå Norge.  I mølla hadde dei og maling av kveite som bøndene i området, i samarbeid med NORAD prosjektet Fifamanor, dyrka. Mølla spelte ein viktig rolle i rettleiinga til bøndene om å auke kveitedyrkinga, som ein kultur i tørketida, etter at risen var hausta. Køyrer ein sørover mot Manandona i juni-juli, ser ein dei fine kveiteåkrane i rismarkene. Framleis kan bøndene få male kornet i mølla på Tombontsoa. Kolbjørn hadde og opplærina av mekanikarane på verkstaden for garden. Han leia og arbeidet med bygginga av eit nytt jenteinternat i 1986 og fram til dei reiste heim året etter. 

May- Brit Lerstøl, som er sjukepleiar, hadde ansvaret for helsestellet blant arbeidarane og elevane på Tombontsoa. Mellom anna var ho oppteken av god ernæring og oppfølgjing av borna til arbeidarane på skulen.  

Kolbjørn Lerstøl var med og starta foreininga Jordbruksskolenes Venner, og kjenner godt til arbeidet på dei to jordbruksskulane på Madagaskar. Han har ofte vore med på dugnadsoppdrag på Tombontsoa og Fihaonana, dei seinare åra og i det såkalla Okseprosjektet med produksjon av åk, gode vogner og reiskapar tilpassa oksetrekkraft.

Lukke til med oppgåvene som ny leiar i JV!

Kolbjørn Lerstøl er ny leiar i JV
Foto: Arne Dragsund

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *