Nytt studium på Tombontsoa jordbruksskule

Tombontsoa har mange studieretningar i dag. Agronomkurset har vore med heile tida sidan starten på skulen i 1965. Etter 50 år kom Lycee Agricole (grønt gymnas) med, og etter det høgskuletilbodet IPSATTA på 3 år for bachelorstudium i jordbruk, husdyrbruk og miljøkunnskap. Fjørfeskulen Avischool har dei og hatt dei siste åra for dei som er ferdige agronomar og spesialisering i fjørfe. 

Paraveterinærstudium

11. oktober i år byrja det 24 studentar i det som er kalla paraveterinærmedisin, eit 2 årig studium for ungdom som ønskjer å spesialisere seg i veterinærmedisin og som skal ut som vaksinatørar eller rettleiarar i staten eller private organisasjonar. Dei kan og gå vidare på veterinærstudium ved universitetet etter dette kurset.  Dette er det første i sitt slag på Madagaskar, og høver godt på Tombontsoa sidan rektor Rasoloson Lala sjølv er utdanna dyrlege. Det er god kontakt med universitet for å få gode lærarkrefter til dette kurset, samt dei andre kursa dei har i IPSATTA studiet.

1. året i det nye studiet skal studentane ha grunnleggande fag som plantedyrking, foring og stell av husdyr. 2. året er det spesialisering i sjukdomar og behandling av dyr. 

Til rektor, lærarstaben og studentane: Lukke til med det nye studiet på Tombontsoa!

Studentar som byrjar i paraveterinærstudiet.
Foto: Rasoloson Lala
Studentar i IPSATTA og elevar i Lycee Agricole var samla til andakt i starten på skuleåret.
Foto: Rasoloson Lala

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *