Tombontsoa jordbruksskule har både eittårig kurs i jord- og husdyrbruk, treårig vidaregåande skule (lycee agricole) og eit høgskuletilbod i jordbruk, husdyrbruk og miljøkunnskap.
Stor søkning dette året
Det nye kurset som nyleg tok til med det første året har 95 studentar. Bakgrunnen deira er avslutta vidaregåande skule med studiekompetanse. Nokre av dei har starta høgare utdanning med andre fag, men valde dette kurset i staden. Andre har teke det eittårige kurset på Tombontsoa først.
God etterspurnad etter ferdige kandidatar
Etter at det 3 årige kurset er ferdig, og dei har fått sin bachelor-grad i jordbruk, husdyrbruk eller miljøkunnskap, har kandidatane frå Tombontsoa lettare for å få seg jobb enn kandidatar frå andre tilsvarande studiestader. Årsaka til dette, seiest det, ligg i at på Tombontsoa har dei eit stort gardsbruk, og studentane brukar dette aktivt i sin praksis. Dette ser arbeidsgjevarar på som ein stor fordel, fordi dei gjennom si studietid har arbeidt i fjøset og dei andre husdyravdelingane, eller ute i jordbruket. Så dei kjenner til korleis ei god drift skal vere. Oppgåver om økonomiske analysar, dekningsbidragskalkylar og økonomisk planlegging er enkelt å få til i dei gode produksjonane som fins på skulen. Dei ferdige kandidatane får gjerne arbeid i private organisasjonar, i sta.
De 95 studentane i det første året har tre fine år framfor seg
Foto Arne Dragsund
Foto Arne Dragsund