Bygginga har gått føre seg sidan 12. desember-16. Eit arbeidslag murarar og andre fagfolk er i gang med avslutningsfasen av sjølve husa. Bygginga går heilt etter planen.
Stor elev- og studenflokk på Tombontsoa
Det nærmar seg 400 elevar og studentar på Tombontsoa i år. Saman med lærarstaben for alle dei kursa dei har, er dette nye toalettanlegget svært kjærkome og nødvendig. Det kjem og inn mange besøkande utanfrå som treng toalett.
PolyConcrete Madagascar som byggherre
Firmaet PCCM som leiger fabrikk i mølla på Tombontsoa, har ansvaret for bygginga av dette nye anlegget. Det er god framgang i arbeidet, og dei reknar med at dei skal halde seg innan for 45 dagar for ferdigstilling av dei to bygga, levert ferdige.
Takksemd til Varhaug Kristelege Ungdomslag
Ungdomslaget på Varhaug på Jæren finansierer i sin heilhet dette nye anlegget på Tombontsoa. Pengane til ungdsomslaget kjem frå flaskesamling, amerikansk auksjon på møtene, og andre tiltak som skaffar pengar til ungdomslaget sitt engasjement på Madagaskar. Presidenten i synoden i Den gassisk lutherske kyrkja, der Tombontsoa høyrer til, har gjennom rektor Lala på Tombontsoa sendt ei varm helsing til Varhaug Kristelege Ungdomslag og til andre venner i Norge som har bidratt med så mykje utbygging av Tombontsoa. Det viser igjen!
Husa er reist
Dyktige fagfolk i ferd med å fullføre det eine huset