Kvart år plantar dei skog på Tombontsoa jordbuksskule i Antsirabe. Slik også i år, med ein plantedag 25.februar.
Studentar som lærarar
I høgskulen IPSATTA er det ei linje for miljøkunnskap. Studentane i 3. årskullet (kledd i blå T-shirt) underviste agronomelevane i korleis dei skulle plante forskjellige treslag, som eucaluptus, furu og andre treslag. Skulen har eit skogsareal i Ambatomainty, eit par kilometer nord for Tombontsoa, der det tidlegare var planta til med furuskog. Den store skogen vart hoggen ned for nokre år sidan, og både furu og andre treslag vart planta etter det. Skogen der tener også som demonstrasjonsfelt for elevar og studentar på skulen. Eit treslag som heiter Liquidaambar, har vakse mykje på 2 år slik eit av bileta viser.
Avslutning av studiet
Studentane i høgskulen har nå avslutta året med hovudoppgåva, og skal ha avslutning av studiet 18.mars med utdeling av vitnemåla. Mange av desse har alt fått seg arbeid, og nokre tek eit masterstudium på universitetet etter studiet på Tombontsoa. Sidan gardsbruket vert nytta i studiet i høgskulen, med planlegging og analyser av drifta til dømes, er studentane frå dette kurset etterspurde i arbeidsmarkedet.
Planting av moringatreet
Begge jordbruksskulane har satsa på planting av treslaget Moringa. Det har eit stort innhald av viktige næringsstoff og mineral og vitaminar. Blada på Moringatreet inneheld og mykje protein, og har alle dei 9 viktige aminosyrene i seg. Eit eige prosjekt tilknytta Jordbruksskolenes Venner i samarbeid med jordbruksskulane, er starta opp for om lag 2 år sidan. Det er oppretta ein eigen konto i NMS som sender pengane ut til skulane. Eit ektepar i Oslo leiar prosjektet og har samla inn pengar til arbeidet, med blant anna opplæring på begge skulane for å spreie bruken av dette treet. Og oppformering i planteskulane. Det er stor interesse for dette treslaget. Nå har Tombontsoa planta Moringa fleire stader, med ein start i desember 2021. 700 tre vart planta på skulen, og ein heil del vart planta i nokre distrikt nær Tombontsoa, og i sjukelandsbyar i Antsirabeområdet.