Dugnadsarbeidet i gang på Tombontsoa

Ole Moi, Rolf Moi, Kolbjørn Lerstøl, Rune Moi, Bjørn Skrettingland, Sven Auestad og Sondre Varhaug er på Tombontsoa jordbruksskole på dugnad. Dei reiste ut 4. og 5.november-15.

Nytt vassleidningsnett på skulen og gardsbruket

Skulen kom i gang i 1965, altså rundt 50 år sidan. Etter ein del år tok det til å lekke vatn frå leidningane, slik at det vart for lite vatn til boligane og driftsbygningane i tørketida. Det vart for nokre år sidan graven ein ny brønn som skulle tilføre meir vatn. Dugnadsgjengen frå Rogaland er nå i full gang med å skifte vassleidningane på heile skuleområdet. Meldingar derifrå seier at dei første dagen la ca. 500 meter med nye røyr. Koblingane til røyra hadde dei med frå Norge, ei gåve frå eit firma på Varhaug. Gassiske medarbeidarar grev grøftene for hand. Service på det nye mjølkeanlegget som vart montert i 2014, høyrer også med til oppdraget på skulen denne gong.

Nytt tak på grisehuset

Nokre av dei som er på dugnad på Tombontsoa, reparerer taket på det store grisehuset. Det er mellom anna nødvendig med nye takrenner. Eitt av bileta syner produksjon av bøylar til takrennene.

Jordbruksskolenes Venner gir med dette tiltaket i år, Tombontsoa ei verdifull støtte. Ofte vert vedlikehaldet på bygningane nedprioritert fordi det er så mange andre oppgåver som treng pengar. Derfor er det stor glede på skulen for denne hjelpa frå Norge. Tombontsoa held hus og mat for dei som kjem på dugnad, men dei betalar sjølv reisa til og frå Madagaskar.

bilde 5

Dugnadsgjengen på Tombontsoa. Foto: Ole Moi

bilde 2

Legging av røyr. Foto: Ole Moi

bilde 4

Produksjon av bøylar til takrennene. Foto: Ole Moi

Basar for Jordbruksskolenes Venner

Venner av jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana arrangerte 6.november-15 ein basar på Steinnesvåg på Finnøy til inntekt for arbeidet i Jordbruksskolenes Venner. Primus motor for basaren var Marit Meltveit Vignes, som saman med mannen sin, Terje Vignes, var på Madagaskar på jordbruksturen i november 2014.

Næringslivet og private ga gevinstane

Det var mange flotte gevinstar på basaren. Både bedrifter på Finnøy og mange private hadde gitt flotte gevinstar som vart lodda ut. Det kom inn 57.000 kr. til JV , eit fantastisk resultat.

Representantar frå JV

Kjell Dale og Arne Dragsund representerte JV på basaren. Arne Dragsund hadde andakt og fortalde litt om kva JV står for og gjer i samarbeid med dei to jordbruksskulane. Han viste og bilete frå pakkinga av ein container og dugnaden på Tombontsoa i 2012, då det vart bygt ein stor landkumme utanfor fjøset på skulen. Kjell Dale demonstrerte eit åk han har konstruert for oksetransport på Madagaskar. Dette gjer det lettare for oksane som skal dra tunge lass med betre tyngdefordeling av vekta. Mekaniseringa av landbruket er ikkje kome langt på Madagaskar, så bruk av oksar som trekkdyr er framleis viktig.

Takk til Marit Meltveit Vignes og hennar medarbeidarar

Styret i JV vil rette ei varm takk til dei som har laga til denne basaren på Finnøy. Det ligg mykje arbeid og omtanke bak eit slikt tiltak. Det er gildt at folk rundt om i landet set pris på det arbeidet som Jordbruksskolenes Venner har i gang saman med skulane, og støttar JV på denne måten. Nå i november er ein dugnadsgjeng frå Rogaland på plass på Tombontsoa for å legge nytt vassledningsnett på skulen og gardsbruket, samt reparere taket på det store grisehuset og ha service på mjølkeanlegget som vart montert i 2014.