Nytt skuleår på Tombontsoa

Jordbruksskulen Tombontsoa starta opp nytt skuleår 19.november. Søknaden til skulen er framleis høg. Til høgskuletilbodet søkte det 162 studentar, men berre 100 vart tekne inn.

Fordeling på kurstilboda

FPQ (det eittårige kurset for bønder) starta opp med 92 elevar, lycee agricole 54 elevar (3årig grønt gymnas) og IPSATTA (høgskuletilbodet) 286 fordelt på 3 år. I alt starta det opp 432 elevar og studentar. I tillegg kjem 68 studentar som held på med avsluttande diplomoppgåve for å få bachelor i jordbruk, husdyrbruk og miljøkunnskap.

Gardsbruket er viktig

Tombontsoa har 1250 dekar med jord, der dei dyrkar mais, gras og andre vekster. Besetningen av NRF kyr tel i dag rundt 50 mjølkekyr og påsett. Grisebesetningen held dei på å bygge opp igjen, etter at dei måtte slakte ut alt og desinfisere husa på grunn av afrikansk svinepest. Dei er og i gang igjen med hønehusa med innsett av daggamle kyllingar for oppdrett til 16 vekers kyllingar. Nå er det 17000 kyllingar i dei to hønehusa dei brukar til dette. Elevar og studentar har praksis på forskjellig vis i både husdyravdelingane og i jordbruket og Fanantenana (håpets gard), der dei mellom anna mjølkar kyrne med hand, og køyrer med trekkoksar. Dei studentar som går høgskuletilbodet får lettare jobb enn frå andre skular, seiest det. På grunn av at dei har ein slik god praksis på skulegarden på Tombontsoa. Andre tilsvarande skular og studier i landbruksfag har ikkje slike gardar for praksis til studentane.

Vi ønskjer lukke til med nytt skuleår på Tombontsoa!


Ei gruppe elevar i Lycee Agricole

 

Fjøset er viktig i undervisninga. Rektor Rasoloson Lala viser fram kvigene

 

Grøn diakoni-programmet

På Madagaskar er sjukelandsbyane eller omsorgssentra (toby) sentrale i behandlinga av mentalt sjuke menneske. Desse over 100 tobyane høyrer til Den gassisk lutherske kyrkja. Dei tek seg av dei sjuke som kjem inn, dei får omsorg og mat, og dei blir bedt for om helbredelse.

Hyrdar tek seg av dei sjuke

Ein hyrde er ei kvinne eller mann som har fått opplæring i 2 år i bibelkunnskap og korleis dei kan be for sjuke og drive ut vonde ånder. Dei som er tilknytta ein toby, har ofte dei sjuke buande saman med seg i huset sitt. Nokre sjuke blir friske etter ein månad eller to, mens andre blir der gjerne eit år eller lenger.

Grøn diakoni

Dei fleste tobyar har jord tilknytta tobyen. For 4 år sidan prøvde Filadelfia sjukelandsby i Manakara eit opplegg med at hyrdane tok med seg dei sjuke ut på jorda og dyrka grønsaker. Presten sa då at dei vart fortare friske dei som fekk arbeide slik. Nå er dette blitt eit program i Den gassisk lutherske kyrkja, med ei avtale med organisasjonen Plant et Tre i Norge, som finansierer opplæring av hyrdane på Tombontsoa og Fihaonana. Når dei sjuke er friske igjen og skal heim til sine landsbyar, får dei med seg nokre posar med grønsakfrø for å dyrke vidare heime det dei har lært i tobyen.

Aktive skular

Tombontsoa og Fihaonana er med i dette programmet. Hyrdane er inne på 14 dagars kurs i grønsakdyrking, laging av kompost og frukttredyrking og planting av skogstre. Kunnskapane tek dei med seg tilbake til tobyen, og dei sjuke er med dei ut i praksis på åkeren. Slik får dei god arbeidstrening, og dei dyrkar grønsaker, poteter og anna til eigen mat. Kvar toby sender 10 av hyrdane på desse kursa. I alt har nå 7 tobyar fått slik opplæring, og dei blir følgde opp av ein lærar frå skulane i 3 år framover. Rektorane på skulane seier at dette har vore med og gitt dei ein ny dimensjon, ei opplæring som er litt annleis enn det dei er vande med i opplæring av ungdom. Så dei ser dette som eit stor oppgåve, å hjelpe dei sjuke i tobyane til eit betre og meir meiningsfullt opphald i tobyane og seinare når dei kjem heim igjen.

Plant et Tre er med vidare

Plant et Tre i Norge vil halde fram med dette programmet og støtte opplæring av hyrdar frå 2 tobyar kvart år for Tombontsoa og Fihaonana, altså 4 nye tobyar kvart år. For å halde kontakten med dei tobyar som har fått hjelp, og følgje opp arbeidet, får skulane dekka deler av ei lærarløn i året. Dette i tillegg til dei nye prosjekta dei får kvart år.

 

Rektor Rasoloson Lala viser nyleg delegasjonen frå Plant et Tre rundt på Tombontsoa

 

To hyrdar i ein toby viser stolt fram nelliktre dei har i planteskulen sin. Dei har fått opplæring i dette på Fihaonana

 


Hyrdar ute i grønsakåkeren i ein toby i Antsirabe nyleg

 

 

Ny traktor til Fihaonana

Fihaonana jordbruksskule har ein MF 135 som dei fekk som gåve frå ein bonde på Varhaug, sendt ut i ein kontainer i 2010. Denne har vore mykje brukt til pløying og transport, sidan skulen har vore inne i ei tid med mykje restaurering og nyanlegg i skulen og gardsbruket.

Gåve frå Jordbruksskolenes Venner

Som ei jubileumsgåve i samband med 35 års jubileet 13. november-18, bestemte styret i JV at vi ville gje ein Kubota traktor som gåve. Dette er ein relativt liten traktor med 4 hjulstrekk som kan nyttast på dei små flater. Prisen var og svært rimeleg, truleg som ein introduksjonspris frå firmaet Kubota i Japan, for å auke salet av billege traktorar til bøndene på Madagaskar. Det høyrer og med ein vanleg sokkelplog og ein skålplog som utstyr. Rektor på skulen har ønskt ein slik traktor til skulen.

Varhaug kristelege ungdomslag

Ungdomslaget på Varhaug har i mange år gitt pengar til JV for arbeid på dei to jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana. Mellom anna nytt vassleidningsnett på heile skuleområdet på Tombontsoa for nokre få år sidan. Dei har og vore med på dugnadsoppdrag på skulane. Dette året vil dei altså dekke prisen på denne traktoren til Fihaonana. Takk til Ungdomslaget for denne store gåva!

 

Lærar Noely på den nye traktoren

 

MF 135 traktoren er nymalt av skulen sine folk, og gjennomgått av Kjell Dale og Kolbjørn Lerstøl då dei var på skulen. Nå er den i god stand

Stort 35 års jubileum på Fihaonana jordbruksskule

Fihaonana feira 35 års jubileum 12. og 13. november-18, med mykje folk frå kyrkje og stat på sjølve jubileumsdagen 13.november.

Jordbruksskulen har markert seg

Fihaonana er den einaste jordbruksskulen på heile austkysten av Madagaskar. Skulen ligg i eit av dei mest folkerike områda i landet. Store elvar renn ut i havet langs heile kysten, og langs desse elvane er det tett med landsbyar, der dei fleste er bønder. Ned mot kysten er det og mange fiskarlandsbyar. I alt er det nå godt 1.500 tidlegare elevar frå Fihaonana. Dei fleste av desse livnærar seg i jordbruket, men det er og nokre som har funne seg anna arbeid eller har studert vidare.

Rettleiingsprosjektet FaFaFi i Manakara

I 1979 vart det starta opp eit rettleiingsprosjekt i jord- og husdyrbruk i Manakara, 4 mil nord for Fihaonana. Underteikna var leiar for dette prosjektet. Det vart bygt eit senter for prosjektet og tilsett i alt 16 rettleiarar som budde og arbeidde ute blant bøndene. Ungdomssenteret Fihaonana i Vohipeno vart i si tid bygd opp av pengar frå KFUM-KFUK i Norge. Dette senteret var svært lite brukt, så FaFaFi overtok senteret som kursstad i 1981. Dette gjekk austsynoden inn for. Styret i FaFaFi og synoden gjekk inn for forslaget om å bygge ein jordbruksskule på denne staden. Søknad til Norad vart utarbeidt og sendt via kyrkja og NMS. Norad svara positivt på søknaden, og bygginga av skulen kom i gang i 1982, med det første kullet elevar som starta opp i 1983. Den første rektoren var Ramiharimanana Felicite som var rektor på skulen i 32 år.

Stor heider frå den gassiske stat

Den gassiske stat har for ei tid sidan anerkjent Fihaonana som ein viktig fagskule for landbruket. Då det nyleg skulle vere eit seminar i Sør-Afrika for å diskutere framtidig landbruksutdanning, vart rektor Hoby på Fihaonana valt som den einaste frå skulane på Madagaskar, saman med folk frå landbruksdepartementet som skulle representere Madagaskar. Staten er og med og utarbeider eksamensoppgåver og signerer vitnemåla til elevane. Dette gir ei viss tyngde for dei som er utdanna på Fihaonana.

 

Disse fra styret i JV var med på jubileet: F.v. Arne Dragsund, Rolf Moi,
Kolbjørn Lerstøl og Kjell Dale

 

  Fra festsalen under jubileet

Tre sentrale personar då skulen kom i gang i 1983. F v. Ramiharimanana Felicite, rektor, Soamila Felix, synodepresident, Arne Dragsund, utarbeidet søknaden til Norad

 

Rektor Randrianarijao Hobiharisoa og kona Solange under festmiddagen

Kurs i samvirke på Fihaonana jordbruksskule

Fihaonana feira 35 års jubileum 12. og 13. november-18. Mange tidlegare elevar kom til jubileet, og mykje folk frå kyrkja og staten var til stades. |

Kurs i samvirke for tidlegare og nåverande elevar

Lærar Noely og underteikna hadde kurs i samvirke for tidlegare og nåverande elevar dagen før sjølve jubileet. På Madagaskar er det oppretta samvirkelag i transportsektoren, men ennå svært lite innan landbruk. Staten har laga ei eiga lov for etablering og drift av eit samvirkelag. Nå sel kvar enkelt bonde sine eigne produkt, anten på torget i nærande by eller tettstad, eller det kjem oppkjøparar frå hovudstaden eller andre byar og kjøper opp frukt frå t.d. austkysten, der Fihaonana held til. Bøndene har såleis svært liten påverknad på prisen på produkta, dei må ta til takke med det oppkjøparen tilbyr.

Aktuelt for tidlegare elevar å starte opp med samvirke?

Det er absolutt mogeleg for tidlegare elevar frå jordbruksskulane å starte opp samvirkelag, både salgssamvirke og innkjøpssamvirke. Som han sa ein tidlegare elev under kurset: – Hadde vi berre vore fleire elevar frå skulen samla i same området, hadde det vore lettare å starte opp eit samvirkelag. Vi er kanskje åleine i vår landsby, og det er langt til næraste tidlegare elev. Det er ikkje tvil om at danning av samvirkeorganisasjonar i landbruket vil kunne vere med å auke inntekta til bøndene betrakteleg. Mange stader er også vegane så dårlege at bøndene, eller dei som skal kjøpe produkta frå bøndene, ikkje kjem fram til byane og tettstadane med produkta dei produserer.

 

Nåverande og tidlegare elevar på kurs i samvirke

 

Lærar Noely hadde ein del av kurset, med praktisk oppretting etter gassisk lovverk

 

Forbetring av vogner og reidskapar til oksar

Okseprosjektet på Madagaskar, som JV har teke initiativ til, har fleire viktige satsingsområde:

  • Utbetring av åk og vogner til trekkoksar
  • Betre og meir tenlege reidskapar til oksetrekkraft
  • Temming av ungoksar for at dei skal bli betre trekkoksar

Oksesenter på Fihaonana jordbruksskule

JV har gitt pengar til etablering av eit senter for temming og bruk av trekkoksar på austkysten. Bøndene i dette området brukar omtrent ikkje trekkoksar. Jordarbeidinga foregår med spade, eit veldig arbeid i ei hektisk våronn. Tanken er at Fihaonana skal temme ungoksar i løpet av skuletida saman med elevane. Så vert oksane, ei vogn og ein plog selde til bønder etter kvart år. På den måten kan ein spre bruken av trekkoksar i jordbruket på aust-Madagaskar.

Store mogelegheiter i jordbruket på austkysten

Området der Fihaonana jordbruksskule ligg, er svært folkerikt inntil dei store elvane som renn mot Det indiske hav. Jorda er fruktbar i dette området på grunn av slam som kjem med elvane og som i tider med mykje nedbør, fløymer utover markene. Det vert dyrka mykje ris her, og søtpoteter og maniokk i tillegg til mykje frukt som bananar, sitrusfrukter, letchi, avokado og nelliktre. Lettare mekanisering med bruk av oksar er det første skritt til større produksjon der det er areal nok til dette, spesielt for dyrking av ris på dei flate areala.

Utprøving av åk, vogner og reidskapar

I området rundt Tombontsoa jordbruksskule er det i gang eit utprøvingsprojekt der 4 bønder er med i dette opplegget. Dei får åk, forbetra vogner og forbetra reidskapar som dei skal prøve ut i praksis og notere skilnaden dei opplever med dei nye reidskapane i forhold til dei tradisjonelle. Tidlegare lærar på Tombontsoa, Rakotonoely Desire, koordinerer dette arbeidet. Han er i nær kontakt med Kjell Dale i JV om framdrifta i prosjektet.

 

Vogn med 4 hjul er eit godt alternativ til dei tradisjonelle vognene. Kjell Dale viser korleis vogna kan byggast

 

Kjell Dale har konstruert ein enkel vognkarm, det lasta kan tippast av

Veltefjøler av nylon på ploger til oksar

Kjell Dale og Kolbjørn Lerstøl var nyleg på dugnad på Tombontsoa jordbruksskule i samband med okseprosjektet som JV er engasjert i.

Veltefjøl av hard nylon

Med seg i bagasjen frå Norge hadde dei veltefjøler av hard nylon frå Kverneland Fabrikker. Desse var til store traktorplogar, men dei vart skorne til og bøygde slik at dei skulle passe til ein hestplog frå Norge som blir brukt til trekkoksar på Tombontsoa.

Plogane glir mykje lettare

Den raude laterittjorda på Tombontsoa og elles i Innlandet, klinar seg fast til vanlege veltefjøler av stål, noko som gjer at pløyinga vert dårlegare og plogen går tyngre. På den store fireskjærs traktorplogen er det også plastfjøler, og ein reknar at traktoren brukar 20 % mindre diesel med denne plogen.

Nyvinning på Madagaskar

Bruk av veltefjøler av hard nylon er ei nyvinning på Madagaskar, både den store traktorplogen, men spesielt for okseplogar som ikkje har vore prøvt ut før. JV har kontakt med eit firma i Antsirabe som lagar plogar, harver og andre jordbruksreidskapar. Om det er aktuelt med bruk av hard nylon som veltefjøler på deira plogar, vil framtida vise. Oksane dreg slike plogar mykje lettare enn plogar med veltefjøler av stål på grunn av tilklining av veltefjølene, og dermed blir pløyekapasiteten for oksane mykje større.

Kjell Dale og Kolbjørn Lerstøl har montert ei veltefjøl av hard nylon på okseplogen

Kolbjørn Lerstøl framfor den store traktorplogen med plastfjøler