Grøn diakoni-programmet

På Madagaskar er sjukelandsbyane eller omsorgssentra (toby) sentrale i behandlinga av mentalt sjuke menneske. Desse over 100 tobyane høyrer til Den gassisk lutherske kyrkja. Dei tek seg av dei sjuke som kjem inn, dei får omsorg og mat, og dei blir bedt for om helbredelse.

Hyrdar tek seg av dei sjuke

Ein hyrde er ei kvinne eller mann som har fått opplæring i 2 år i bibelkunnskap og korleis dei kan be for sjuke og drive ut vonde ånder. Dei som er tilknytta ein toby, har ofte dei sjuke buande saman med seg i huset sitt. Nokre sjuke blir friske etter ein månad eller to, mens andre blir der gjerne eit år eller lenger.

Grøn diakoni

Dei fleste tobyar har jord tilknytta tobyen. For 4 år sidan prøvde Filadelfia sjukelandsby i Manakara eit opplegg med at hyrdane tok med seg dei sjuke ut på jorda og dyrka grønsaker. Presten sa då at dei vart fortare friske dei som fekk arbeide slik. Nå er dette blitt eit program i Den gassisk lutherske kyrkja, med ei avtale med organisasjonen Plant et Tre i Norge, som finansierer opplæring av hyrdane på Tombontsoa og Fihaonana. Når dei sjuke er friske igjen og skal heim til sine landsbyar, får dei med seg nokre posar med grønsakfrø for å dyrke vidare heime det dei har lært i tobyen.

Aktive skular

Tombontsoa og Fihaonana er med i dette programmet. Hyrdane er inne på 14 dagars kurs i grønsakdyrking, laging av kompost og frukttredyrking og planting av skogstre. Kunnskapane tek dei med seg tilbake til tobyen, og dei sjuke er med dei ut i praksis på åkeren. Slik får dei god arbeidstrening, og dei dyrkar grønsaker, poteter og anna til eigen mat. Kvar toby sender 10 av hyrdane på desse kursa. I alt har nå 7 tobyar fått slik opplæring, og dei blir følgde opp av ein lærar frå skulane i 3 år framover. Rektorane på skulane seier at dette har vore med og gitt dei ein ny dimensjon, ei opplæring som er litt annleis enn det dei er vande med i opplæring av ungdom. Så dei ser dette som eit stor oppgåve, å hjelpe dei sjuke i tobyane til eit betre og meir meiningsfullt opphald i tobyane og seinare når dei kjem heim igjen.

Plant et Tre er med vidare

Plant et Tre i Norge vil halde fram med dette programmet og støtte opplæring av hyrdar frå 2 tobyar kvart år for Tombontsoa og Fihaonana, altså 4 nye tobyar kvart år. For å halde kontakten med dei tobyar som har fått hjelp, og følgje opp arbeidet, får skulane dekka deler av ei lærarløn i året. Dette i tillegg til dei nye prosjekta dei får kvart år.

 

Rektor Rasoloson Lala viser nyleg delegasjonen frå Plant et Tre rundt på Tombontsoa

 

To hyrdar i ein toby viser stolt fram nelliktre dei har i planteskulen sin. Dei har fått opplæring i dette på Fihaonana

 


Hyrdar ute i grønsakåkeren i ein toby i Antsirabe nyleg

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *