Avslutningsfest på Tombontsoa Jorbruksskule

7. juli 2023 var det stor avslutningsfest på Tombontsoa. Agronomklassen avslutta sitt 10 månaders lange studium og fekk sine diplomar.

Allsidig utdanning

Agronomkurset har vore med på Tombontsoa sidan skulen kom i gang i 1965. Antalet var i mange år rundt 50 elevar i året, den første tida berre gutar. Etter kvart har dette endra seg, slik at det i dag er både gutar og jenter i kullet. I år var det 100 avgangselevar.

Opplæringa

På skulen har elevane om lag 50 % teori og 50 % praksis ute i dei praktiske avdelingane i det 1200 dekar store gardsbruket. Teorien består av husdyrfag, plantedyrking, økonomi og rekneskap, og andre fag som naturleg høyrer til i dette kurset. Praksisen er i fjøset, grisehuset og hønehuset, samt ute i jordbruket med dei forskjellege kulturar. Det vert dyrka mykje gras som vert slege til kyrne, mais for ensilering som for i turketida som varer frå mai til oktober. Ein stor gropsilo rommer nok silofor til mjølkekyrne og ungdyra. 

Kvar blir det av elevane etter utdanninga?

Dei aller fleste elevane reiser tilbake til sine landsbyar og driv garden saman med foreldra eller startar for seg sjølv. Då er det enklast å starte opp med nokre slaktegriser eller brolierproduksjon for å få kapital til å bygge ut garden vidare. Ein nyleg evaluering som begge jordbruksskulane hadde for nokre månader sidan, viste at elevane frå Tombontsoa gjorde det godt etter utdanninga med at mange starta opp for seg sjølve og etablerte seg som bønder i sine landsbyar.

Tilsette i staten eller private organisasjonar

Nokre av elevane vert rekruterte til rettleiarar i staten eller private organisasjonar. Nokre av dei tek og kurset for vaksinatørar på Tombontsoa, og går over i ei statleg teneste som vaksinatørar.

Vi gratulerer dei nye agronomane og ønskjer dei lukke til som nye bønder!

Elevane ute i praksis
Foto: Rasoloson Lala

Ambassadørbesøk på Tombontsoa

Ambassadør Gjermund Sæther

Fredag 28. april var ambassadør Gjermund Sæther på besøk på Tombontsoa jordbruksskule i Antsirabe. Han vart ønska velkommen av rektor dr. Rasoloson Lala, og vist rundt på skulen og gardsbruket. 

Støtte frå Norge

Tombontsoa jordbruksskule har gjennom mange år hatt eit nært og godt samarbeid med den norske stat, gjennom NORAD og UD. Derfor er det kjekt at ein slik skule som Tombontsoa kan bli besøkt av personar frå det offentlege Norge, slik som denne gong med den norske ambassadøren for Madagaskar, som nå har sete i Pretoria i Sør-Afrika. Tidlegare var det også ein ambassade i Antananarivo på Madagaskar, men den vart for nokre år sidan lagt ned. Så får vi vone at ambassadørbesøket kan vise igjen med at Den norske stat igjen vil satse på utviklingssamarbeid med institusjonar på Madagaskar, og vere med og hjelpe til at landets befolkning kan kome ut av den fattigdomen som rår i dag.

Ein viktig skule for gassisk landbruk

Tombontsoa jordsbruksskule blir 60 år i 2025, og det vert ei markering av dette når det 60. kullet agronomelevar sluttar av skuleåret. Skulen har vore, saman med Fihaonana jordbruksskule i Vohipeno, blant dei fremste jordbruksskulane i landet. Det seier mykje når staten i sine utlysingstekstar skriv når dei søkjer etter folk for sine prosjekt: « fortrinnsvis elevar som har gått ut frå Tombontsoa».

Ambassadør Gjermund Særther og rektor Rasoloson Lala
Ambassadøren skriver i gjesteboken

EVALUERING AV JORDBRUKSSKULANE

Det har nå i mars 2023 vore ei ekstern evaluering av Tombontsoa og Fihaonana. Evalueringsteamet besto av fagfolk med kunnskap i evaluering av prosjekt, landbruk og opplæring. Knut Roland var observatør for NMS og JV.

Besøk hos tidlegare elevar frå Tombontsoa

Evalueringsteamet besøkte fleire tidlegare elevar som hadde gått på Tombontsoa. Ein av desse hadde begynt i det små og starta med 1 gris for oppforing til slakt. Nettoen av den brukte han til å kjøpe litt jord og vidare bygde han driftsbygningar og bolighus og auka besetningen. Ein annan hadde 1000 verpehøner og andre dyreslag. Familiane til desse greide seg godt nå.

Rapport frå evalueringa

Evalueringsteamet utarbeider ein rapport for evalueringa av Tombontsoa og Fihaonana. Den skal kome innan utgangen av mars 2023. Vi har fått kjennskap til noko som teamet meinte var fint som resultat av opplæringa på Tombontsoa:

  • Elevane blir vande med å arbeide praktisk
  • Gode lærarar på skulen
  • Billeg opplæring 
  • Det er mogeleg å ta kontakt med lærarane på Tombontsoa om det skulle oppstå problem i drifta på garden
  • Elevane blir kjende med mange ting i jordbruk og husdyrbruk, og dei får kunnskap til å løyse utfordringar som måtte kome seinare

For skulane, NMS og JV er det nyttig med ei evaluering av skulane. Det er verdifullt at utanforståande fagfolk kan gjennomgå drifta av skulen og gardsbruket slik som dette. Og kome med tilrådingar for vidare drift av desse to viktige skulane på Madagaskar.

Besøk hos Manohisoa Rakotondravao, som gjekk ut i 2021. Rektor Rasoloson Lala og Knut Roland t.v.
Styret for Tombontsoa saman med evaluerinngsteamet.

AVSLUTNINGSFEST PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Skulen har eit stort elev- og studenttal. Tysdag 7. mars-23 var det avslutningsfest for studentane i IPSATTA- høgskuletilbodet. Og elevane i AVISCHOOL avslutta og studiet sitt den dagen. Presidenten i Den Gassisk Lutherske kyrkja, Dr. Rakotozafy Denis, synodeleiinga, guvernøren i fylket Vakinankaratra, ansvarlege for jord- og husdyrbruk og rektor på skulen for teknisk utdanning i fylket, var til stades på denne store dagen.

IPSATTA- 3 årig høgskule

Dei som nå gjekk ut, starta opplæringa si i november 2019. I alt var det 69 studentar som har avslutta med hovedoppgåve og avsluttande bachelorstudium (license en sciences agronomiques). 32 valde spesialisering i husdyrbruk, 28 spesialisering i jordbruksfag og 10 spesialisering i miljøkunnskap. Av desse 69 var det 3 frå naboøyane Comorene, og 2 av studentane var katolske nonner. 

Studiet på skulen

Studentane har 2100 timar med teori gjennom studietida, og deretter praksis i avdelingane i gardsbruket. Deretter har dei eit opphald på 6 månader i ei bedrift eller prosjekt på Madagaskar eller i utlandet. Og det er lagt inn ein studietur på Madagaskar for å sjå bedrifter og prosjekt i landbruket og mæringsmiddelfag.

Mange har fått seg arbeid

Skulen melder om at mange av dei som nå har slutta studiet, har fått seg jobb, anten i staten eller i prosjekt drive av private organisasjonar.

Vi gratulerer dei som nå har fått bachelorgraden! Gratulerer også til skulen og alle tilsette!

 Fornøyde studentar
Kyrkjepresidenten Dr. Rakotozafy Denis t.v. og rektor Rasoloson Lala
Elevar i Avischool- fjørfeskulen
Nokre av studentane

SKOGPLANTING PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Kvart år plantar elevane skog på den rundt 200 dekar store skogeigedomen Ambatomainty som høyrer til Tombontsoa. Noko vart og planta inne på skuleområdet. Trea veks fort i dette klimaet, og det er ikkje lenge sidan dei hogg ut eit stort felt med furu frå denne skogen.

Skogdagen i år

28. februar-23 var avsett til skogplanting for elevane i alle klassane på skulen. I alt vart det denne dagen planta 3500 skogstre. Nytt av året er også at det vart planta Moringa, eit tre som vert kalla mirakeltreet, fordi blada kan brukast som mattilskot. Dei inneheld alle aminosyrer og ei rekkje mineral og vitaminar. Skulen har teke til med kurs i dyrking av Moringatre, og dette treslaget vert også spreidd til sjukelandsbyane gjennom Grønn diakoni-programmet. 

Samarbeid med Miljøverndepartementet

Skulen har i år eit samarbeid med Miljøverndepartementet, som og hjelper til med å skaffe gode planter av skogstre og andre treslag som skulen treng. Dei har og ein planteskule der dei sår skogsfrø for oppal og sal til bøndene i distriktet, og til utplanting saman med hyrdane i sjukelandsbyane.

Ein elev i aksjon
Glade elevar
3.500 planter skal ut
Orientering om plantinga