EVALUERING AV JORDBRUKSSKULANE

Det har nå i mars 2023 vore ei ekstern evaluering av Tombontsoa og Fihaonana. Evalueringsteamet besto av fagfolk med kunnskap i evaluering av prosjekt, landbruk og opplæring. Knut Roland var observatør for NMS og JV.

Besøk hos tidlegare elevar frå Tombontsoa

Evalueringsteamet besøkte fleire tidlegare elevar som hadde gått på Tombontsoa. Ein av desse hadde begynt i det små og starta med 1 gris for oppforing til slakt. Nettoen av den brukte han til å kjøpe litt jord og vidare bygde han driftsbygningar og bolighus og auka besetningen. Ein annan hadde 1000 verpehøner og andre dyreslag. Familiane til desse greide seg godt nå.

Rapport frå evalueringa

Evalueringsteamet utarbeider ein rapport for evalueringa av Tombontsoa og Fihaonana. Den skal kome innan utgangen av mars 2023. Vi har fått kjennskap til noko som teamet meinte var fint som resultat av opplæringa på Tombontsoa:

  • Elevane blir vande med å arbeide praktisk
  • Gode lærarar på skulen
  • Billeg opplæring 
  • Det er mogeleg å ta kontakt med lærarane på Tombontsoa om det skulle oppstå problem i drifta på garden
  • Elevane blir kjende med mange ting i jordbruk og husdyrbruk, og dei får kunnskap til å løyse utfordringar som måtte kome seinare

For skulane, NMS og JV er det nyttig med ei evaluering av skulane. Det er verdifullt at utanforståande fagfolk kan gjennomgå drifta av skulen og gardsbruket slik som dette. Og kome med tilrådingar for vidare drift av desse to viktige skulane på Madagaskar.

Besøk hos Manohisoa Rakotondravao, som gjekk ut i 2021. Rektor Rasoloson Lala og Knut Roland t.v.
Styret for Tombontsoa saman med evaluerinngsteamet.

AVSLUTNINGSFEST PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Skulen har eit stort elev- og studenttal. Tysdag 7. mars-23 var det avslutningsfest for studentane i IPSATTA- høgskuletilbodet. Og elevane i AVISCHOOL avslutta og studiet sitt den dagen. Presidenten i Den Gassisk Lutherske kyrkja, Dr. Rakotozafy Denis, synodeleiinga, guvernøren i fylket Vakinankaratra, ansvarlege for jord- og husdyrbruk og rektor på skulen for teknisk utdanning i fylket, var til stades på denne store dagen.

IPSATTA- 3 årig høgskule

Dei som nå gjekk ut, starta opplæringa si i november 2019. I alt var det 69 studentar som har avslutta med hovedoppgåve og avsluttande bachelorstudium (license en sciences agronomiques). 32 valde spesialisering i husdyrbruk, 28 spesialisering i jordbruksfag og 10 spesialisering i miljøkunnskap. Av desse 69 var det 3 frå naboøyane Comorene, og 2 av studentane var katolske nonner. 

Studiet på skulen

Studentane har 2100 timar med teori gjennom studietida, og deretter praksis i avdelingane i gardsbruket. Deretter har dei eit opphald på 6 månader i ei bedrift eller prosjekt på Madagaskar eller i utlandet. Og det er lagt inn ein studietur på Madagaskar for å sjå bedrifter og prosjekt i landbruket og mæringsmiddelfag.

Mange har fått seg arbeid

Skulen melder om at mange av dei som nå har slutta studiet, har fått seg jobb, anten i staten eller i prosjekt drive av private organisasjonar.

Vi gratulerer dei som nå har fått bachelorgraden! Gratulerer også til skulen og alle tilsette!

 Fornøyde studentar
Kyrkjepresidenten Dr. Rakotozafy Denis t.v. og rektor Rasoloson Lala
Elevar i Avischool- fjørfeskulen
Nokre av studentane

SKOGPLANTING PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Kvart år plantar elevane skog på den rundt 200 dekar store skogeigedomen Ambatomainty som høyrer til Tombontsoa. Noko vart og planta inne på skuleområdet. Trea veks fort i dette klimaet, og det er ikkje lenge sidan dei hogg ut eit stort felt med furu frå denne skogen.

Skogdagen i år

28. februar-23 var avsett til skogplanting for elevane i alle klassane på skulen. I alt vart det denne dagen planta 3500 skogstre. Nytt av året er også at det vart planta Moringa, eit tre som vert kalla mirakeltreet, fordi blada kan brukast som mattilskot. Dei inneheld alle aminosyrer og ei rekkje mineral og vitaminar. Skulen har teke til med kurs i dyrking av Moringatre, og dette treslaget vert også spreidd til sjukelandsbyane gjennom Grønn diakoni-programmet. 

Samarbeid med Miljøverndepartementet

Skulen har i år eit samarbeid med Miljøverndepartementet, som og hjelper til med å skaffe gode planter av skogstre og andre treslag som skulen treng. Dei har og ein planteskule der dei sår skogsfrø for oppal og sal til bøndene i distriktet, og til utplanting saman med hyrdane i sjukelandsbyane.

Ein elev i aksjon
Glade elevar
3.500 planter skal ut
Orientering om plantinga