Avslutningsfest på Tombontsoa Jorbruksskule

7. juli 2023 var det stor avslutningsfest på Tombontsoa. Agronomklassen avslutta sitt 10 månaders lange studium og fekk sine diplomar.

Allsidig utdanning

Agronomkurset har vore med på Tombontsoa sidan skulen kom i gang i 1965. Antalet var i mange år rundt 50 elevar i året, den første tida berre gutar. Etter kvart har dette endra seg, slik at det i dag er både gutar og jenter i kullet. I år var det 100 avgangselevar.

Opplæringa

På skulen har elevane om lag 50 % teori og 50 % praksis ute i dei praktiske avdelingane i det 1200 dekar store gardsbruket. Teorien består av husdyrfag, plantedyrking, økonomi og rekneskap, og andre fag som naturleg høyrer til i dette kurset. Praksisen er i fjøset, grisehuset og hønehuset, samt ute i jordbruket med dei forskjellege kulturar. Det vert dyrka mykje gras som vert slege til kyrne, mais for ensilering som for i turketida som varer frå mai til oktober. Ein stor gropsilo rommer nok silofor til mjølkekyrne og ungdyra. 

Kvar blir det av elevane etter utdanninga?

Dei aller fleste elevane reiser tilbake til sine landsbyar og driv garden saman med foreldra eller startar for seg sjølv. Då er det enklast å starte opp med nokre slaktegriser eller brolierproduksjon for å få kapital til å bygge ut garden vidare. Ein nyleg evaluering som begge jordbruksskulane hadde for nokre månader sidan, viste at elevane frå Tombontsoa gjorde det godt etter utdanninga med at mange starta opp for seg sjølve og etablerte seg som bønder i sine landsbyar.

Tilsette i staten eller private organisasjonar

Nokre av elevane vert rekruterte til rettleiarar i staten eller private organisasjonar. Nokre av dei tek og kurset for vaksinatørar på Tombontsoa, og går over i ei statleg teneste som vaksinatørar.

Vi gratulerer dei nye agronomane og ønskjer dei lukke til som nye bønder!

Elevane ute i praksis
Foto: Rasoloson Lala

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *