Dugnad i september 2014

Bildet: Nødvendig med ny mjølkegrav for dei rundt 70 NRF –kyrne på Tombontsoa

Ole Moi og fem andre frå Varhaug reiser på dugnad til Tombontsoa 20. september for å montere mjølkeanlegget som vart sendt ut for eit par år sidan. Den nye mjølkegrava vart gjort ferdig tidlegare i år då Rolf Moi og Ole Moi var ute for og setje i gang dette arbeidet. Dyktige handverkarar har nå gjort alt klart til det store arbeidet som skal skje i september. Dei har flytta vegger og murt nye, lagt fliser og malt der det er planlagt. Med dette vil Tombontsoa jordbruksskule få ein heilt ny mjølkestall og betre mjølking og handsaming av mjølka. Det gamle mjølkeanlegget er frå 80-talet, så det er på tide og skifte det ut. Eit godt mjølkeanlegg er avgjerande for rask og god mjølking, men og med tanke på god jurhelse hos dyra.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *