Husdyrhaldet på Fihaonana

Det har vore vanskeleg med omsetnaden av mjølk, egg og andre jordbruksprodukt i koronatida. Normalt sel dei egga i byane Manakara og Farafangane. Nå er dette teke seg litt opp igjen.

Storfeet

Totalt er det 16 storfe i fjøset inklusivt 8 mjølkekyr, 1 okse og nokre kalvar og ungdyr. Elevane mjølkar kyrne for hand. Foret er gras eller mais som dei haustar til dyra kvar dag. Tidlegare hadde dei og noko maissurfor, men sidan klimaet tillet hausting av mais omtrent heile året, er foret for det meste mais og gode grassortar som dei haustar ferkst kvar dag. Mjølkekyrne får også kraftfor frå eigen kraftformølle.

Grisene

Sjølv om det er ganske varmt i regntida på Fihaonana, går det veldig godt med svineproduksjonen. Rasen er Yorkshire i ein veldig god stamme på Fihaonana. Dei kjøper inn ungrånar i Innlandet for bedekking når dei gamle skal skiftast ut. Dei har som mål å sende 300 slaktegriser i året til hovudstaden Antananarivo for slakting. Dei køyrer dyra dit med eigen lastebil, rundt 70 mil. Då køyer dei nattetid. Hittil i år har dei slakta 220 og har 170 snart slakteferdige, så dei reknar med å greie målet dette året. 

Hønene

I alt har dei 650 som er i verping nå, og 1000 17 vekers unghøner. Hønene er kjøpte inn frå Avitech i Antsirabe som Tombontsoa samarbeider med om Fjørfeskulen. Hønene er hybridhøner, så egga er til konsum.

Fiskeoppdrettet

Skulen har mange fiskedammar nå for oppdrett av Tilapia og Karpe. Før henta dei ny yngel i Toamasina, men har nå begynt med eige oppdrett av settefisk.

Praksis og teori hand i hand

Både i agronomkurset og i dei andre kursa skulen har, er praksis ute i husdyravdelingane eller i dei enkelte kulturane ute på garden ein viktig del av opplæringa. Eit viktig uttrykk er ståande: God drift i avdelingane er god undervisning! Elevane har også sine eigne parsellar med t.d. grønsaker som dei steller heile det året dei er på skulen. Dei brukar grønsakene i matlaginga.

Unghøner som snart er i verping.
Foto: Herinjaka Zo
Nokre av fiskedammane.
Foto: Herinjaka Zo
Elevane i arbeid hos grisene.
Foto: Tojo Tiana

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *