Medarbeidarar på Tombontsoa er gått bort.

To av våre nære medarbeidarar på Tombontsoa jordbruksskule er ikkje lenger iblant oss. Rakotonirina Jean Rene døydde 29.11.2018 og Rakotonoely Desire døydde 11.01. 2019.

Rakotonirina Jean Rene arbeidde lenge på Tombontsoa. Etter at han vart utdanna på Tombontsoa, vart han sendt til Norge for praksis i landbruket, mellom anna hos Olaf Gjedrem i Bjerkreim. Han vart agroteknikar på Gjermundnes landbruksskule i rekneskap og økonomi. Tilbake på Tombontsoa var han i ei årrekke administrasjonsleiar på skulen, og han underviste i økonomi. Han hadde og ansvaret for forskjellege avdelingar i gardsbruket og mølla gjennom mange år. Som den allsidige fagmann han var, hadde han og ei tid ansvar for dei som skulle til med jordbruk og husdyrbruk i foreininga Afri Mada, som gav etableringsstipend til unge som ville gå i gang med ein produksjon.

Rakotonoely Desire var elev på det første kullet på Tombontsoa som begynte i 1965. Han vart sendt til Norge for å gå på Tomb jordbruksskule i Råde og deretter praksis. Tilbake på Tombontsoa arbeidde han som lærar i rekneskap og økonomi, og han var leiar for mølla og maling av kveite samt kraftforproduksjonen i mange år. Han var og driftsleiar for gardsbruket ein periode. Som pensjonist var han inntil nyleg, timelærar på Tombontsoa. Etter at han blei pensjonist på Tombontsoa, var Desire leiar for foreininga Afri Mada nokre år. Han var og ein nær medarbeidar heilt til det siste i Okseprosjektet som JV er engasjert i, der han koordinerte arbeidet saman med bønder rundt Tombontsoa.

Styret i Jordbruksskolenes Venner er takksame for det gode samarbeidet vi har hatt med desse våre venner og medarbeidarar gjennom mange år. Dei stilte alltid opp og var med som tolkar frå norsk til gassisk om det var nødvendig. Mange er dei norske misjonærar som arbeidde på Tombontsoa saman med Desire og Rene. Dei har på ein måte alltid vore der som trauste og kunnskapsrike medarbeidarar. Dei hadde evnen til å kombinere sine kunnskapar frå Norge med gassisk tankegang og veremåte, og derfor var dei to viktige søyler i arbeidet på Tombontsoa alle desse åra. Våre tankar går også til deira familiar som sit igjen i sorg og sakn.

Vi lyser fred over Rene og Desire sine gode minne!

 

Rakotonirina Jean Rene

Rakotonoely Desire

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *