Mjølkeproduksjonen på Tombontsoa

God mjølkeproduksjon på Tombontsoa er nødvendig for å skaffe inntekter til skulen. I dag er det 60 mjølkekyr av NRF i fjøset, totalt 110 storfe. Produksjonen ligg på godt 700 liter til dagen. Mjølka vert pakka i plastposar og seld til butikkar i Antsirabe.

Grovforet er avgjerande

I regntida vert det hausta gras av Chloris, ei grasart som veks godt i tropiske strøk. I år hadde dei mykje silofor av mais som for til dyra, mjølkekyrne og kvigene. Siloen er lagt for ei ny tørketid som tek til i mai-juni og varer til oktober-november. I denne tida er surfor av mais det einaste grovforet til dyra, i tillegg noko høy til småkalvane. Det vert og fora med mask frå bryggeriet i Antsirabe. På grunn av sterke flåttangrep, går ikkje dyra ute på beite, men går i store innhengningar og vert fora der. Flåtten overfører piroplasmose som er dødeleg om dyra ikkje vert dusja med flåttdrepande middel.

Oksekalvane

Alle oksekalvane har i mange år vorte selde til bøndene rundt skulen. På oksetorget i Antsirabe kan vi sjå kalvar av NRF med øyemerke. Då veit vi at dei kjem frå Tombontsoa eller Fifamanor, den statlege garden som vart oppretta saman med NORAD i 1973 med import av NRF dyr frå Norge. Tombontsoa har nå planar om å fore opp oksekalvane til slakt, eller selje dei som trekkoksar.

NRF som mjølkerase på Madagaskar

Rasen som vart importert til Tombontsoa i 1966, er nå den dominerande mjølkerasen på Madagaskar. I tillegg importerte som nemnt Fifamanor kvige- og oksekalvar til Madagaskar i 1973. Tombontsoa importerte frosen sæd frå NRF på Hamar (nå Geno) i 1973, og NRF ga i mange år gratis sæd til skulen. Dette var den første eksporten av NRF- sæd frå Norge til noko land. Framleis vert det sendt sæd til Fifamanor og Tombontsoa og til Geno Madagaskar i Antsirabe, som vart oppretta for ein del år sidan, for inseminering med NRF- sæd til kyrne ute hos bøndene i heile Vakinankaratra fylke. Vi finn i dag mange tusen NRF dyr og krysningar mellom Zebu og NRF i innlandet og på austkysten, noko og mot vestkysten av Madagaskar.

 

Mekanikaren Lalaina i gong med vedlikehald av mjølkeanlegget saman med
fjøsfolka

 

 

  I regntida får dyra tilkøyrt gras som for

 

Rektor Rasoloson Lala viser fram ein fin kalv i kalveavdelinga

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *