Ny satsing på Tombontsoa

Tombontsoa jordbruksskule har i 10 år leigd ut hønsehusa på skulen til Avitec, eit firma som driv med oppdrett av kyllingar. Nå har dei avslutta denne avtalen, og har sett dei to hønsehusa i stand for å drive oppdrettet sjølv.

Kjøp av daggamle kyllingar

Skulen kjøper daggamle kyllingar frå Mauritsius eller frå ein som driv med ruging i Antananarivo- området. Dette er hybridkyllingar av «Chaver», så hønene blir berre til produksjon av egg. Det er stor etterspørsel etter egg i Antsirabe og Antananarivo, så det er ikkje problem med avsetning for dei bøndene som driv med eggproduksjon i desse områda, ja, faktisk på heile Madagaskar.

Nøye med reinhald og stell av dyra

Det er tilsett to ansvarlege for dei 6.500 kyllingane dei tek inn kvar gong. Kvar fredag vert nokre av kyllingane vegne for å kontrollere veksthastigheten og utvikling av dyra fram til 16 vekers alder. Og dei er nøye med vaksinering mot sjukdomar. Nye kyllingar kom inn i byrjinga av januar som det første innsettet, og nå har dei selt dei første 3.000 og skal selje dei andre 3.500 i byrjinga av mai. Dødeligheten på dyra har vore liten. Dei reknar med to innsett i året, altså ein produksjon på 13.000 kyllingar i året.

Stor etterspørsel etter kyllingar

Det er stor etterspørsel etter 16 vekers kyllingar på Madagaskar, som vert selde for 60 kr. Skulen sit igjen med ei god forteneste i denne nye produksjonen, som rektor Rasoloson Lala har sett i gang som «sitt prosjekt» med dagleg kontakt med dei tilsette. Vi ønskjer lukke til med denne nysatsinga på skulen!

 

Rektor Lala i kyllinghuset

 

Godt stell er nødvendig for et godt resultat

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *