Jordbruksskolenes Venner og skulane på Madagaskar har lenge hatt eit ønskje om å knyte kontaktar til landbruksmiljøet i Israel. Tidlegare leiar for mjølkeproduksjonen i ein stor kibbutz i Israel, Arnon Shoham, var saman med Arne Dragsund på begge skulane i tida 26.09. – 30.09.22. Vi fekk omvisning og gode samtalar med rektorane og lærarane.
Utveksling av elevar/studentar og lærarar
Arnon Shoham vil undersøkje om det er mogeleg med ei utveksling mellom elevar/studentar og lærarar frå Tombontsoa og Fihaonana og tilsvarande institusjonar i Israel. Det er ikkje heilt det same studieopplegget i Israel som på jordbruksskulane på Madagaskar.
Studieopphald i Israel
Rektor Randrianarijao Hobiharisoa på Fihaonana ønskjer seg ein tur til Israel for å studere kalkunoppdrett og andre husdyrproduksjonar. Samt sjå på vatningsanlegg i tørre strøk i Israel. I skrivande stund held han på med visumsøknad til ambassaden i Sør-Afrika.
Det kan bli ei interessant og fin utvikling på dette samarbeidet med Israel. Miljø i Israel er og interesserte i å besøke Madagaskar og dei to jordbruksskulane. Studentar derifrå kan få gode studieopplegg i tropisk landbruk og miljøproblematikk på Madagaskar.