Ny sort maniok på Fihaonana

Maniok er ei mykje dyrka plante for mat på austkysten av Madagaskar, og andre stader. Det er ei rotfrukt med røter som på ei hand. Den inneheld mest rein stivelse. Proteinet fins i dei grøne blada, som vert malt til smått og brukt i ein rett saman med grisekjøt eller oksekjøt.

Ferdig på 6 månader

Rektor Randianarijao Hobiharisoa fekk tak i nokre stiklingar av ein ny sort på ein tur han var på til Ambovombe, sør på Madagaskar. Denne sorten vert ferdig på 6 månader, mot 1 år på kysten og 2 år i innlandet for dei vanlege sortane. 

Basketkompost-metoden

Som vi har skrive på heimesida tidlegare, er det utvikla ein dyrkingsmetode som kallast basketkompostmetoden. Den går ut på at ein grev ei grop på 1×1 meter og rundt 40 cm djup. Så har ein eit lag med kompost og visne blad i botnen, og øverst eit lag med jord og litt kompost/gjødsel. I denne jorda vert ein stikling sett litt på skrå i kvar plantegrop. Det kan bli opp til 60 kg med maniokrøter i ei slik grop, mot 4-5 kg ved vanleg dyrking på flatt land ute hos bøndene. Nå skal dei formere opp denne nye sorten på Fihaonana. Og slik dei brukar kvart år når elevane er ferdige med skulen, dei får med seg nokre stiklingar og frø av gode vekster for vidare dyrking heime i landsbyen. 

F.v. lærar Noely som har vidareutvikla basketcompostmetoden for aust-Madagaskar, og Arnon Shoham og rektor Hoby.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *