Nytt program for utvikling av landbruket på Madagaskar

Den gassiske stat har sett i gang eit nytt program for utvikling av landbruket, FDRA (Fond de Developpement Regional Agricole= Fond for regional utvikling av landbruket). Dette er eit viktig tiltak for dei enkelte regionane på Madagaskar.

Jordbruksskulane er med

Staten har bedt jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana om å delta i dette programmet. På Fihaonana starta den første pulja 1. april med 50 kursdeltakarar, og den neste pulja startar 1.september og 3 månader framover. Også her 50 kursdeltakarar.

Utvalde produksjonar

I første omgang er det snakk om kurs i hønseavl, biavl, risdyrking, grønsakdyrking og andre vekster. Kursdeltakarane får sertifikat etter endt opplæring. At skulane er bedne om å delta i dette opplegget, er ikkje berre ei anerkjenning av det arbeidet dei har lagt ned gjennom alle år sidan starten på Tombontsoa i 1965 og Fihaonana i 1983, men det er også ei vidareføring av det skulen står for, nemleg å vere ein skule for landbruket og utvikling av landbruket på Madagasakar, i samarbeid med staten og kyrkja.

Oppfølgjing av tidlegare elevar

Det ligg inne at skulane skal følgje opp tidlegare elevar frå skulane. For Tombontsoa vil FRDA programmet medføre at tidlegare elevar får oppfølgjing frå skulen, og dei får ei etableringsstøtte frå staten for å kome i gang med ein produksjon i plantedyrking eller husdyr. Skulen får ei viss støtte frå staten for og følgje opp kvar enkelt som har fått slik støtte. Dette er i praksis ei veldig fin rettleiingsteneste for tidlegare elevar. Så her har staten gått i gang med eit viktig program for utvikling av landbruket på Madagaskar.

758

Fra hønehuset på Fihaonana.

160

Fra fjøset på Tombontsoa

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *