Seminar om jordbrukskulane si framtid

Den Gassisk Lutherske Kyrkja arrangerer eit seminar på Antsirabe i tida 18. til 20.oktober, der temaet er korleis jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana skal drivast framover. Gassiske myndigheter, både sentralt og lokalt, blir representerte på seminaret.

NMS og JV vil delta

Jordbruksskolenes Venner har fått invitasjon til seminaret. Arne Dragsund er bedt om å delta på vegne av JV. Han vil og representere NMS på seminaret.

Finansiering av skulane

Eit viktig tema på møtet blir korleis skulane kan bli meir sjølvberande når det gjeld skuledrifta. Både Tombontsoa og Fihaonana har gardsbruk, Tombontsoa eit stort på godt 1000 dekar med mekanisert drift. Fihaonana har eit mindre gardsbruk med bruk av traktor for ein del, eller oksetrekkraft. Med gode prisar på mjølk, egg og kjøt på austkysten, skaffar Fihaonana ein del overskott frå gardsdrifta til drifta av sjølve skulen. På Tombontsoa er dei i gang med å få til ei auke i mellom anna mjølkeproduksjonen og produksjon av gris, både smågris og slaktegris i det nyoppussa grisehuset på skulen.

JV sitt ansvar for drifta av skulane

I 2017 har JV dekka halvparten av driftsbudsjettet på dei to skulane. NMS tek den andre halvparten. Tidlegare gjevarar som Norad og UD gjev ikkje lenger støtte til drifta gjennom det grønne programmet i Den gassisk lutherske kyrkja. Dette vart stansa for 3 år sidan,som ei støtte frå UD i Norge. JV har gjennom dei 10 siste åra støtta skulane med reiskapar, traktorar og anna maskinelt utstyr, samt at JV folk har vore på dugnadsoppdrag på skulane. Mange kontainarar er og sende frå Norge med godt utstyr til gardsbruka. Fjøset og grisehuset er restaurerte på Tombontsoa, og det er grave nye brønnar og lagt nye røyr for vatnet på heile skuleområdet. Fihaonana har fått nytt hønsehus, fjøs og grisehus og ei ny kraftformølle. Det er og dyrka opp rundt 100 dekar jord samt laga ein stor fiskedam for produksjon av Tilapia-fisk for salg til restaurantar i Manakara.

Greier skulane seg utan støtte frå Norge?

Dette er eit stort spørsmål som seminaret i Antsirabe forhåpentlegvis vil gje svar på. Sjølv om skulane har vore i drift lenge, sidan 1965 og 1983, med utdanning av mange tusen agronomar, så slit dei nok med å greie seg utan hjelp frå Norge. Vi vonar at Den gassiske stat vil kome sterkare på banen etter kvart. Dei har begynt med eit godt samarbeid allereie, men det er ønskjeleg at dei kan dekke t.d. ein del av lærarlønningane. JV vil sjølvsagt vere med vidare så langt vi kan. Å sikre at gassisk ungdom får god landbruksutdanning i eit land kor 80 % av befolkingen er bønder, må vel vere den beste investering vi kan gjere framover.

 

IMG_1535

Fin grønsakåker på Fihaonana som ein del av undervisninga.

 

IMG_6811

Traktordrift er nødvendig på det store gardsbruket på Tombontsoa.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *