Ungdomslag med praktisk U-hjelp

Av Arne Dragsund, Jordbruksskolenes Venner

Det vert snakka mykje om det, og det vert forska mykje på temaet: Kva er effektiv utviklingshjelp i 2016? Det kan vere mange svar, og ulike svar. Eitt svar kjem frå Varhaug Kristelege Ungdomslag på Varhaug i Rogaland. Slik er dei aktive medarbeidarar på ein jordbruksskule på Madagaskar.

 

Reint drikkevatn til jordbruksskulen Tombontsoa på Madagaskar

Tombontsoa vart bygt opp i åra 1962-65, og det første elevkullet starta opp i 1965. Det vart då grave brønn og lagt nye vassleidningar inn til skulebygninar, internatet, bolighusa og alle driftsbygningane i det store gardsbruket med mjølkykyr, griser og andre husdyr. Etter 51 års drift av skulen, var vassleidningane lekke med lekkasjer over alt, og pumpa i brønnen greidde ikkje å tilføre nok vatn i tørketida då det vart rasjonering på vatnet. Det kom søknad frå Tombontsoa om Jordbruksskolens Venner (JV) kunne støtte eit prosjekt med å fornye heile anlegget.

 

Ungdomslaget på Varhaug tok utfordringen

Ungdomslaget samla inn pengar til å kjøpe nye vassleidningar av forskjellige storleikar der ute, og koblingar gav fleire bedrifter på Jæren. Desse vart tekne med til Madagaskar. Ungdomslaget har om lag 100 medlemmer med samling fredag kveld og møte i ungdomslaget laurdag kveld.

 

Dugnad 5.-27.november 2015

3 ungdomar frå Ungdomslaget reiste saman med 4 frå Jordbruksskolenes Venner til Tombontsoa for ein stor dugnad for å legge eit heilt nytt vassledningsnett. Dei hadde gassiske medhjelparar med som grov opp nye grøfter. Dugnadsgjengen la ned røyr på heile skuleområdet, til driftsbygningar, skulebygningar og bolighusa på heile skulen. I alt vart det lagt ned 2,5 km med nye røyr. Eit perfekt vassleidningsnett i dag med godt trykk i heile anlegget. Det er slutt på rasjonering av vatnet, nå er det godt trykk overalt. Nå står bygginga av nye toaletter for studentane på skulen for tur. Også det har Ungdomsslaget på Varhaug samla inn pengar til. Dugnadsgjengen reiste ut for eiga regning, og nokre måtte ta fri frå arbeidet for å vere med.

 

Overrekking av ei stor gåve frå Ungdomslaget

Styret i Jordbruksskolenes Venner fekk 30.august vere med på ei overrekking utanom det vanlege. Dei som var med på dugnaden i fjor, overrekte ein sjekk på 150.000 kr. frå Ungdomslaget til Ole Moi, leiaren i Jordbruksskolenes Venner. Desse tre som vi ser på biletet frå venstre: Svend Auestad, Bjarne Skrettingland og Sondre Varhaug, tykkjer det er gildt å få vere med på ei slik stor oppgåve på jordbruksskulen Tombontsoa på Madagaskar. Her er det ikkje berre å samle inn pengar i Norge, men dei reiser også ut for å gjere ein viktig jobb som viser igjen. Vennskap vert knytta, to kulturar møtest, folk med ulik bakgrunn og forutsetningar kan arbeide saman om ei oppgåve. Opplæringa skjer i ei praktisk samhandling, i dette tilfelle korleis ein kan legge ned 2, 5 km med nye vassleidningar, koble røyra saman og konkret løyse dei programa som dukkar opp under veis.

 

Stor respekt av ein slik innsats

Frå Jordbruksskolenes Venner: Ei varm takk for pengane og den store innsatsen frå ungdomane på Varhaug. Dette står det stor respekt av! Arbeidet vil medvirke til godt drikkevatn på Tombontsoa i endå nye 50 år. Og skuleleiinga er begeistra for denne innsatsen frå Norge, og ungdomane på Varhaug.

20160830_213514

Overlevering sv gavesjekken.

Fv.Sven Auestad, Bjarne Skrettingland, Ole Moi og Sondre Varhaug

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *