Husdyrhaldet på Fihaonana

Det har vore vanskeleg med omsetnaden av mjølk, egg og andre jordbruksprodukt i koronatida. Normalt sel dei egga i byane Manakara og Farafangane. Nå er dette teke seg litt opp igjen.

Storfeet

Totalt er det 16 storfe i fjøset inklusivt 8 mjølkekyr, 1 okse og nokre kalvar og ungdyr. Elevane mjølkar kyrne for hand. Foret er gras eller mais som dei haustar til dyra kvar dag. Tidlegare hadde dei og noko maissurfor, men sidan klimaet tillet hausting av mais omtrent heile året, er foret for det meste mais og gode grassortar som dei haustar ferkst kvar dag. Mjølkekyrne får også kraftfor frå eigen kraftformølle.

Grisene

Sjølv om det er ganske varmt i regntida på Fihaonana, går det veldig godt med svineproduksjonen. Rasen er Yorkshire i ein veldig god stamme på Fihaonana. Dei kjøper inn ungrånar i Innlandet for bedekking når dei gamle skal skiftast ut. Dei har som mål å sende 300 slaktegriser i året til hovudstaden Antananarivo for slakting. Dei køyrer dyra dit med eigen lastebil, rundt 70 mil. Då køyer dei nattetid. Hittil i år har dei slakta 220 og har 170 snart slakteferdige, så dei reknar med å greie målet dette året. 

Hønene

I alt har dei 650 som er i verping nå, og 1000 17 vekers unghøner. Hønene er kjøpte inn frå Avitech i Antsirabe som Tombontsoa samarbeider med om Fjørfeskulen. Hønene er hybridhøner, så egga er til konsum.

Fiskeoppdrettet

Skulen har mange fiskedammar nå for oppdrett av Tilapia og Karpe. Før henta dei ny yngel i Toamasina, men har nå begynt med eige oppdrett av settefisk.

Praksis og teori hand i hand

Både i agronomkurset og i dei andre kursa skulen har, er praksis ute i husdyravdelingane eller i dei enkelte kulturane ute på garden ein viktig del av opplæringa. Eit viktig uttrykk er ståande: God drift i avdelingane er god undervisning! Elevane har også sine eigne parsellar med t.d. grønsaker som dei steller heile det året dei er på skulen. Dei brukar grønsakene i matlaginga.

Unghøner som snart er i verping.
Foto: Herinjaka Zo
Nokre av fiskedammane.
Foto: Herinjaka Zo
Elevane i arbeid hos grisene.
Foto: Tojo Tiana

Skuleavslutning på Fihaonana

Det er imponerande at både Tombontsoa og Fihaonana har klart og halde skulane i gong midt i koronatida. Kursa har gått omtrent som normalt dette vanskelege året.

Agronomklassen

81 elevar får sine diplomar signert av Landbruksdepartementet og skulen, 29. oktober. Dei held i skrivande stund på med sine avsluttande skriftlege og muntlege eksamenar. Dei har dessutan vore på studietur eit vekes tid, til Fianarantsoa, Antsirabe, Antananarivo og Itasy, der dei har besøkt Tombontsoa, andre skular, bedrifter og bønder. Nytt skuleår startar i byrjinga av januar 2022, så nå i november-desember er det opptaksprøve fleire stader til det nye skuleåret.

Entreprenørklassen

37 studentar var ferdige med studiet sitt 24. august-21. Nå er dei reiste heim og ventar på støtta som staten skal gje dei i samband med den bedrifta dei har planlagt å starte opp innan landbruk og foredling av jordbruksprodukt. Dette er 3. kullet som går ut av skulen i dette kurset. I alt har 123 agroprenørar som dei kallar seg, gått ut frå Fihaonana i det eittårige kurset desse tre åra. Det er inngått avtale med staten om at Fihaonana skal følgje opp desse i 5 år framover, for å gje råd og rettleiing om drifta i tiltaket eller bedrifta deira, eller den produksjonen dei har sett i gong. 

Kortare kurs

Kvart år har Fihaonana i gong kortare kurs i t.d. bieavl, hønseavl, risdyrking, vaniljedyrking og dyrking av andre vekster. Skulen har også kvart år lærarar og studentar frå andre skular som ikkje har gardsbruk og mogelegheiter for praksis. Lengda på desse kursa kan vere frå nokre veker til eit par månader, alt etter kva behov dei har. 

Elevane i agronomklassen har eksamen.
Foto: Rabemanantsoa Yony
Elevane ute i praksis.
Foto: Rabemanantsoa Yony
Mais som for til kyrne.
Foto: Rabemanantsoa Yony

Import av kyllingar til Tombontsoa

Tombontsoa har i dei siste åra kjøpt inn daggamle kyllingar og fora dei opp til 8 veker og sal til bøndene i området. Dette har vore ein svært god produksjon med god inntening.

Import frå Tyrkia

Dei prøvde, i samarbeid med firmaet Avitech, å importere kyllingar frå Mauritsius. Men det var vanskeleg. Skulen har kjøpt kyllingar direkte hos Avitech tidlegare. Nå gjekk desse saman om å imortere kyllingane frå Tyrkia av rasen Starlette brun. Dette er hybridkyllingar, så det er snakk om verpedyr og konsumegg. 18.000 kyllingar kom til skulen 12. februar og 19. juni. Og 20. oktober kjem det ei ny sending på 18.000. Av desse er 11.000 alt bestilte, så etterspørselen etter gode verpehøner er stor.

God kvalitet på kyllingane

Det har vore svært god kvalitet på kyllingane frå Tyrkia, melder rektor Rasoloson Lala. Han seier og at dei har auke prisen til bøndene blant anna fordi kraftforet har vorte dyrare under koronatida. Dei lagar sjølv sitt eige kraftfor, men mineral og vitamintilskot og andre innsatsfaktorar har stege i pris denne tida.

Henta kyllingane på flyplassen

Kyllingane vart henta på Ivato flyplass i Antananarivo, 19 mil frå skulen. Kyllingane greide transporten frå flyplassen godt. Det har også vore lite dødelighet i oppdrettet. Dei som arbeider med kyllingane er nøye med reinhaldet for kvart innsett, og er flinke og påpasselege med foring og stell. Skulen har tent godt på kyllingoppdrettet så langt, men det er mykje som må klaffe når dei må importere kyllingar på denne måten. 

Flotte kyllingar.
Kyllingane over i huset.
Rektor Rasoloson Lala saman med elevar som har avslutta kurset om hønseavl.

Avslutning på Tombontsoa

Midt i koronatida har skulen på Tombontsoa gått som normalt, etter stor innsats frå rektor Rasoloson Lala og hans medarbeidarar. I enkelte kurs slik som fjørfekurset, har lærarane undervist frå Antananarivo og nytta videokonferanse med elevane som var i eit klasserom på Tombontsoa.

Agronomkurset FPQA

Dette er det eittårige kurset som var det opprinnelege kurset på Tombontsoa frå 1965 av, med ungdom frå landsbygda som skulle bli utdanna til bønder. Dei betalar ein symbolsk sum i skulepengar, men skulen får støtte frå NMS/JV for å halde dette kurset i gong framleis. 23. juli -21 avslutta 64 elevar si utdanning som agronomar. Dette var kull nr. 56 for gutane. I starten på skulen var det berre gutar som tok kurset, men jentene kom med for 34 år sidan. Elevane bur på skulen.

Fjørfekurset AVICHOOL

Dette er eit kurs for dei som ønskjer ei fordjuping i avl av høner og andre fjørfe. Det varer i 3-5 månader. Også dette kurset er som dei andre kursa på skulen, godkjende av staten. Staten er med og skriv under på vitnemålet saman med skulen og synoden. Nokre elevar som har avslutta agronomkurset, tek fjørfekurset i tillegg. Avl av høner for sal av konsumegg og oppal av slaktekylling har teke seg opp i Innlandet dei siste åra, noko dette kurset har mykje av æra for. 3.august i år byrja 18 agronomar på dette kurset, som er det 5. sidan kurset starta. 

Høgskulen IPPSATTA

Dette er eit høgskuletilbod for dei med artium. Det varer i 3 år og har ei spesialisering i plantedyrking, husdyrhald eller miljøkunnskap. Kurset fører fram til bachelorgraden etter 3 år. Nå er det 292 studentar i dette kurset. Studentane betalar skulepengar som dekkjer undervisninga. Dei bur ikkje på skulen.

Grønt gymnas Lycee Agricole

Kurset er treårig og elevane må ha BEPC (ungdomsskulen) frå før av for å kome inn. Det fører fram til artium etter 3 år. Det er 60 elevar i dette kurset. Dei som slutta i år, fekk 100 % bestått eksamen, noko som er ganske spesielt og viser den kvalitet undervisninga på skulen ligg på, både i praksis og i teoretiske fag. Elevane betalar skulepengar og bur ikkje på skulen slik som agronomelevane.

Starten på nytt skuleår

Elevane i Lycee Agricole starta opp 1.september-21. 11. oktober kjem dei nye FPQA elevane etter at dei har hatt opptaksprøve 27.-29. september, både teori og praktisk prøve. 19. oktober kjem studentane i IPPSATTA til Tombontsoa for eit nytt skuleår. 

Vi ønskjer skulen lukke til med nytt skuleår, og den store og viktige oppgåva dei har for å utdanne folk til bønder og rettleiarar i landbruket framover!

Elever i agronomklassen.
Studenter i IPPSATTA.
Elever i Lycee Agricole.

Innsamling til Jordbruksskolenes Venner

Jordbruksskolenes Venner er avhengige av støtte for å kunne arbeide som vi gjer i samarbeid med dei to jordbruksskulane på Madagaskar, Tombontsoa og Fihaonana. Arbeidet har sidan 2007 gitt skulane ei god utvikling både på skulesida og i gardsbruka.

Innsamling på Finnøy

Marit Vignes og Aud Marit Vignes er to av damene som har stått for innsamlinga til JV på Finnøy også dette året. Dei har arrangert to basarar tidlegare, den siste 30.november 2018. I år blei utlodninga gjort digitalt med at folk kjøpte lodd på nettet. Mange fine gevinstar var gitt frå næringslivet og privatpersonar. Det kom inn rundt 23.000 kroner til arbeidet på jordbruksskulane på denne utlodninga.

Inspirasjon frå Madagaskar

Marit og Terje Vignes var med på ein jordbrukstur til Madagaskar i november 2014 som Jordbruksskolenes Venner var med og arrangerte. Sidan har interessa for arbeidet på jordbruksskulane vore stor hos Marit og Terje Vignes. Dei såg kor viktig dette arbeidet har vore sidan starten i 2007, og den framgang det har vore på skulane. Dei har derfor arrangert basarar på Finnøy for å samle inn pengar til arbeidet vidare.

Takk for innsatsen

Styret i Jordbruksskolenes Venner vil rette ei varm takk til dykk på Finnøy for den store innsatsen de har gjort for å samle inn pengar fleire gonger! Vi er glade for at vi kan rekne med dykk i dette viktige arbeidet.

 

Marit Meltveit Vignes og Aud Marit Vignes har vore ansvarlege for den digitale basaren nå. Og tidlegae basarar.

 

Terje Vignes følgjer interessert med på foringa i fjøset på Fihaonana.
Foto Arne Dragsund

 

Frå basaren på Finnøy 30.november 2018.

Foto Arne Dragsund

 

Agronomkurset på Fihaonana i gong

Fihaonana jordbruksskule har dei siste åra starta agronomkurset i januar månad, slik også i år. 6. januar starta kurset opp med 85 elevar av begge kjønn. Dette er eitt av dei største kulla i skulens historie.

Teori og praksis hand i hand

Heilt sidan starten av skulen i 1983, har det vore rundt 50 % praksis på skulen. Elevane arbeider saman i partier på 6, både ute i dei ulike plantekulturane og i fjøset, grisehuset og hønehuset. Praksislærarane er saman med elevanae ute i praksis. Kvar elev har også sine eigne parsellar med grønsaker, som dei steller heile skuleåret. Mykje av det vert brukt til matlaginga. Dei lagar sin eigen mat som dei et saman i matsalen. Teoriundervisninga foregår for heile kullet i den store møtesalen, anten formiddag eller ettermiddag.

Landbruksdepartementet gjev eksamensoppgåver

Begge jordbruksskulane er såkalla ecoles agrees i staten. Dei er godkjende som fagskular i landbruket. Det innebær m.a. at staten sender eksamensoppgåver til skulane i produksjonsfaga, og departementet er med og rettar oppgåvene og set karakterar saman med skulane. For elevane er det verdifullt at landbruksdepartementet er med og signerer vitnemåla saman med rektor og styreleiar.

Fagplanane som ein modell for all landbruksutdanning

For eit par år sidan bestemte landbruksdepartementet at undervisninga ved alle skular for landbruksfag på Madagaskar skulle bruke den same fagplanen. I utarbeidinga av denne planen, tok dei utgangspunkt i læreplanane som Tombontsoa og Fihaonana brukte. Begge skulane har gjennom mange år koordinert sine fagplanar, med nokre små tilpasningar for kysten eller innlandet.

 

Dei nye elevane i agronomkurset.

Foto: Randrianarijao Hobiharisoa

 

 

Arbeid ute i fiskeoppdrettet

 

Høsting av gras til dyra.

Foto: Randrianarijao Hobiharisoa