Avslutning på Tombontsoa

Midt i koronatida har skulen på Tombontsoa gått som normalt, etter stor innsats frå rektor Rasoloson Lala og hans medarbeidarar. I enkelte kurs slik som fjørfekurset, har lærarane undervist frå Antananarivo og nytta videokonferanse med elevane som var i eit klasserom på Tombontsoa.

Agronomkurset FPQA

Dette er det eittårige kurset som var det opprinnelege kurset på Tombontsoa frå 1965 av, med ungdom frå landsbygda som skulle bli utdanna til bønder. Dei betalar ein symbolsk sum i skulepengar, men skulen får støtte frå NMS/JV for å halde dette kurset i gong framleis. 23. juli -21 avslutta 64 elevar si utdanning som agronomar. Dette var kull nr. 56 for gutane. I starten på skulen var det berre gutar som tok kurset, men jentene kom med for 34 år sidan. Elevane bur på skulen.

Fjørfekurset AVICHOOL

Dette er eit kurs for dei som ønskjer ei fordjuping i avl av høner og andre fjørfe. Det varer i 3-5 månader. Også dette kurset er som dei andre kursa på skulen, godkjende av staten. Staten er med og skriv under på vitnemålet saman med skulen og synoden. Nokre elevar som har avslutta agronomkurset, tek fjørfekurset i tillegg. Avl av høner for sal av konsumegg og oppal av slaktekylling har teke seg opp i Innlandet dei siste åra, noko dette kurset har mykje av æra for. 3.august i år byrja 18 agronomar på dette kurset, som er det 5. sidan kurset starta. 

Høgskulen IPPSATTA

Dette er eit høgskuletilbod for dei med artium. Det varer i 3 år og har ei spesialisering i plantedyrking, husdyrhald eller miljøkunnskap. Kurset fører fram til bachelorgraden etter 3 år. Nå er det 292 studentar i dette kurset. Studentane betalar skulepengar som dekkjer undervisninga. Dei bur ikkje på skulen.

Grønt gymnas Lycee Agricole

Kurset er treårig og elevane må ha BEPC (ungdomsskulen) frå før av for å kome inn. Det fører fram til artium etter 3 år. Det er 60 elevar i dette kurset. Dei som slutta i år, fekk 100 % bestått eksamen, noko som er ganske spesielt og viser den kvalitet undervisninga på skulen ligg på, både i praksis og i teoretiske fag. Elevane betalar skulepengar og bur ikkje på skulen slik som agronomelevane.

Starten på nytt skuleår

Elevane i Lycee Agricole starta opp 1.september-21. 11. oktober kjem dei nye FPQA elevane etter at dei har hatt opptaksprøve 27.-29. september, både teori og praktisk prøve. 19. oktober kjem studentane i IPPSATTA til Tombontsoa for eit nytt skuleår. 

Vi ønskjer skulen lukke til med nytt skuleår, og den store og viktige oppgåva dei har for å utdanne folk til bønder og rettleiarar i landbruket framover!

Elever i agronomklassen.
Studenter i IPPSATTA.
Elever i Lycee Agricole.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *