Brønngraving på Fihaonana

Fihaonana jordbruksskule har hatt problem med å få nok vatn i tørketida, spesielt det siste året då dei måtte køyre vatn frå elva i Vohipeno til dyra. Vatnet var ikkje godt, så det blei litt magesjuke på grisene. Dei har eit par borehol og ein brønn frå før, men det var ikkje nok. Skulen søkte JV om hjelp til å bygge ein ny brønn, med godt 50.000 kr.

Dugnadsinnsats frå JV

Også i dette tilfelle tok JV utfordringa med ein dugnadsinnsats. Rolf Moi reiste til Madagaskar 17.oktober-17 for å stå for gravinga og støypinga av ny brønn. Forskaling og noko utstyr hadde han med seg frå Tombontsoa, der han var med på bygginga av ein ny brønn i 2016. Mekanikar Lalaina frå Tombontsoa og to arbeidarar som var med på gravinga i fjor, var og med han til Fihaonana. Som han sa rektor Lala på Tombontsoa som sende mekanikaren til Fihaonana: – Vi må hjelpe kvarandre!

Stort behov for vatn

Det er ein stor elevflokk på Fihaonana i skuleåret som kjem i gong i byrjinga av januar 2018. Rektor tek sikte på 150 elevar, halvparten av desse på 3 månaders kurs i for eksempel hønseavl, risdyrking, biavl, grønsakdyrking mm. Dei andre ordinære elevar i det eitt årige kurset som dei har hatt sidan skulen starta i 1983.

I gardsbruket er det og stort behov for vatn med både storfe, gris og høner. I det nye grisehuset dei har fått bygd med støtte frå JV, er det lagt inn drikkeniplar som er importerte frå Norge. Det fungerer godt. I fjøset er det og ei innreiing som vart send i 2012 frå ein fjøs på Varhaug, med gode drikkekar for kyrne.

Praktisk hjelp til skulane

Som så mange gonger før, er Jordbruksskolenes Venner med på ein praktisk innsats på ein av skulane i form at dugnad. Fagkunnskapane frå nordmenn som reiser ut til ulike oppdrag, vert spreidde til gassiske medarbeidarar, slik at dei kan føre kunnskapane vidare. Det er altså ikkje berre ei praktisk hjelp, men og ei overføring av kunnskap.

Kjell Dale frå JV har også vore ei veke på Tombontsoa i byrjinga av november i år, for å samordne arbeidet i det såkalla Okseprosjektet som tek sikte på å utvikle betre åk og reiskapar for trekkoksar. Han har vore i kontakt med ein reiskapsprodusent på Antsirabe, som kan lage betre plogar og andre reiskapar framover. Pensjonist og tidlegare lærar på Tombontsoa, og kjend for mange som elev på Tomb jordbruksskule i si tid, Rakotonoely Desire, er med Kjell Dale i dette arbeidet lokalt.

Det elektriske anlegget på Tombontsoa

Reinhert Vassbø frå Bjerkreim, pensjonist og tidligere leiar i Dalane E-verk, var med Rolf Moi til Tombontsoa for og sjå på dei elektriske innstallasjonane på skulen. Etter 52 år for storparten av desse, trengs det nok ei utskifting og forbetring slik det i 2016 vart gjort med heile vassleidningsanlegget på skulen og gardsbruket, då det vart lagt ned ikkje mindre enn 2,6 km med nye røyr og koblingar. Det vart utført av ein dugnadsgjeng frå Jæren og Sandnes, saman med gassiske medarbeidarar.

Rektor Hoby, Reinhert Vassbø og Rolf Moi ved den nye brønnen

Griser og andre husdyr treng mykje vatn

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *