Fiskeoppdrett på Fihaonana

Skulen har dei to siste åra hatt fiskeoppdrett, av Tilapia. Dei har grave ut ein stor fiskedam, og har fått pengar frå JV til å grave ut endå ein ny dam i nokre rismarker som ikkje ga den avlinga dei ønskte. Dei vil bruke arealet til fiskeoppdrett i staden.

God avsetning på fisken

Det er god pris på fisken i restaurantar og hotell i byane Farafangana og Manakara, og det blir eit godt overskot på denne produksjonen. I begge desse byane er det godt med fisk frå havet, men folk set pris på ferskvassfisk også.

Kjøp av yngel i Toamasina

Dei kjøper yngel i eit fiskeanlegg i byen Toamasina på nordaustkysten, så det blir lang transport med bil for å skaffe ny yngel, men det løner seg godt likevel.

Dei brukar kraftfor til foringa av fisken, som vert ferdig på 4-5 månader.

Vatnet vert pumpa ut av dammen

 

Tilapia, ein god matfisk

 

Det er skuleferie. Rektor Hoby (i blå skjorte) og medarbeidarar sløyer fisken

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *