Fornying av det elektriske anlegget på Tombontsoa

Tombontsoa jordbruksskule vart bygt opp i åra 1962-65, med det første kullet elevar som starta opp i 1965. Både skulen og dei fleste driftsbygningane kom på plass i dei åra. Men seinare har det vore mykje bygging og utviding av skulen.

Straum frå dieselaggregat

Dei første åra vart to store dieselaggregat, brukte for å skaffe straum til skulen, bolighusa og driftsbygningane. Straumen kom kl. 06 om morgonen og gjekk kl. 21 kvar dag. Dette varte i mange år framover inntil ein fekk kobla seg til det statlege E-verket Jirama.

Det elektriske anlegget i dårleg forfatning

Etter godt 50 års drift, er det naturleg at det må til ei utskifting av det elektriske anlegget. Reinert Vassbø, som var leiar for Dalane Energi, men nå pensjonist, reiste for godt eit år sidan til Tombontsoa for å gå over anlegget og planlegge eit nytt anlegg. Det vart då bestemt at alle kablar og linjer måtte skiftast, og det same med strammålarar og sikringsskap. Han gjekk i gong med å samle inn nye og brukte straummålarar i Norge. Desse er sende til Tombontsoa. Nå samlar han inn endå meir utstyr, mellom anna automatsikringar.

Skulen i gong med nye kablar

Eit gassisk firma er nå i gong med å legge nye kablar over heile skuleområdet. Dette har JV bevilga pengar til i 2019. Alt det elektriske blir fornya inntil skulebygningane, driftsbygningana og bolighusa.

Dugnad på Tombontsoa

I oktober i år vil Reinert Vassbø og installasjonsinspektør Bjørn Arild Nuland i Dalane Energi reise til Tombontsoa for å følgje ombygginga av det elektriske anlegget som pågår, og gå over og fornye inntaka i bygga. Nye målarar og automatsikringar vil bli monterte i alle husa, skulebygningane og driftsbygningane. Med dette vil Tombontsoa få eit heilt nytt elektrisk anlegg som vil vere godt og tenleg i mange år framover.

Linjenettet på Tombontsoa

Foto: Reinert Vassbø.

 

Reparasjonar må til

Foto: Reinert Vassbø.

 

Det vert montert nye sikringsskap

Foto: Reinert Vassbø.

 

Besøk på Fihaonana jordbruksskule

Folk frå Øya videregående skole i Kvål i Trøndelag var på Madagaskar i tida 29. mars til 12. april. Turen gjekk med minibuss frå hovedstaden Antananarivo via Antsirabe og Ranomafana nasjonalpark til Manakara og Vohipeno der skulen ligg. 16 elevar frå agronomklassen og klassen for naturforvaltning var med på turen saman med lærarane Hjalmar Hugdal og Håvard Lien og undervisningsleiar Solveig Løvås. Far til ein av elevane var og med på turen.

Ranomafana nasjonalpark

Dei kom til Ranomafana på ettermiddagen 1.april. Halvparten av elevane og 2 lærarar gjekk dagen etter inn til den såkalla Foret primaire, den opprinnelege regnskogen der dei overnatta i telt. Dei andre gjekk ein 3 timars tur i regnskogen som ligg nær hotellet dei budde på.

Opphaldet på Fihaonana

Elevane var på Fihaonana i 5 dagar. Dei tok del i det arbeidet som elevane på Fihaonana heldt på med, mellom anna ute på ein åker for å fjerne ugras med spadar. Dei var og saman i matsalen og elevsamlingar. Opphaldet vert av Hjalmar Hugdal, som var ansvarleg for turen, karakterisert slik: – Vi hadde en fantastisk tur! Ikke minst oppholdet på Fihaonana som var en stor opplevelse. Omvisning i Filadelfia sjukelandsby og ei overnatting i bungalowar ved Det indiske hav i Manakara og ei omvisning på Tombontsoa jordbruksskule i Antsirabe, høyrde også med i programmet.

Vidare engasjement

At to skular med landbruksfag kan møtast på denne måten, er svært verdifullt, for begge skulane. Vennskapsforbindelsen mellom Øya og Fihaonana vil halde fram. Planen er å gå vidare med eit opplegg gjennom Norec, tidlegare Fredskorpset, med støtte til ei lærar- og elevutveksling mellom dei to skulane. Det vert søkt Norec om ein forundersøkelse før den endelege søknaden vert sendt.

Glede på Fihaonana

Meldingar frå Fihaonana og frå Ramiharimanana Felicite, tidlegare rektor på Fihaonana som var med som guide på turen, seier at dette besøket hadde stor betydning for elevar og tilsette på Fihaonana. For eksempel at norske og gassiske elevar kan jobbe samen i ein åker for å spa vekk ugraset, er med og utviklar gode relasjonar og syner kor forskjellig landbruket kan vere i dei ulike land i verda. Men det er både på Madagaskar og i Norge snakk om å produsere mat, på ulike måtar. Vi i styret for Jordbruksskolenes Venner vil ønskje lukke til med planane vidare!

 

Klar for jobbing kl. 06.00!

Foto: Hjalmar Hugdal

Alle i aksjon på åkeren

Foto: Hjalmar Hugdal

Felles måltid

Foto: Hjalmar Hugdal

Arbeidslause akademikarar på skulebenken

Fihaonana jordbruksskule starta 18.mars- 19 opp med eit kurs for arbeidslause akademikarar med utdanning i mange fag på universitetsnivå. Fihaonana er av staten spurt om dei kan gå i gong med ei slik utdanning.

Entreprenørskap

Studentene som nå har teke til på Fihaonana, skal i første omgang vere på skulen eitt år. Det er den afrikanske utviklingsbanken som står bak finansieringa av dette programmet, via den gassiske stat. Etter at skulen er ferdig, skal dei ha eit praktisk opplegg i ein bedrift eller ein organisasjon. Meininga er at dei lære så mykje om entreprenørskap at dei kan starte opp for seg sjølv, for eksempel innan næringsmiddelindustrien. Dette året skal 40 studentar vere med i kurset. Det er og snakk om at skulen får finansiert bygginga av eit nytt internat for å kunne ta imot studentar til dette kurset i åra framover. I tillegg til eittårige elevar har skulen nå også elevar i kortare kurs på 3 månader i ymse produksjonar, t.d. vaniljeproduksjon og svinehald som dei har nå i desse dagar. Studentane i dette nye kurset skal og ha praksis ute på skulegarden, i dyrking av forskjellege vekster t.d.vanilje, og biavl samt dei ordinære husdyrproduksjonane.

Store mogelegheiter på Madagaskar

Madagaskar har mykje frukt av ymse slag, og alle husdyrarter. Difor er det store mogelegheiter for å kunne skape si eiga bedrift i næringsmiddelfag. Mykje smør, ost, hermetikk og andre produkt vert importerte frå utlandet. Spesielt kjem det veldig mykje frå Kina av litt ulik kvalitet. Behovet for at dette vert produsert på Madagaskar, er stort. Og dette kurset som Fihaonana nå er i gong med, kan ha stor betydning for landets utvikling på dette området.

 

Studentane i det nye kurset skal også ha praksis i husdyrbruket på skulen

 

Produksjon av god kompost er ein viktig del av undervisninga i hagebruket

 

Rektor Randrianarijao Hobiharisoa framfor ei vaniljeplante. Skulen skal plante til rundt 1000 vaniljeplanter med tanke på å auke inntekta frå gardsbruket.

 

 

Ny konstruksjon av såmaskin for oksetrekkraft

På Tombontsoa har dei i samband med det såkalla okseprosjektet i JV, laga ferdig ei såmaskin med 3 element som kan brukast av bøndene for oksetrekkraft når dei skal så mais. Såelementa er kjøpte lokalt, men mekanikaren William har laga mykje av det andre.

Gode reidskapar for oksetrekkraft

Nå er gode vogner, både med 2 hjul og 4 hjul ferdige, og det er laga nye åk for oksane slik at dei kan trekke lettare og meir lass. I tillegg er det montert nylonskjær på ein hesteplog som er innført frå Norge, til bruk med oksar. Denne plogen har ein fordel at laterittjorda ikkje festar seg til skjæret slik den gjer med eit skjær av stål. Oksane trekker denne plogen mykje lettare enn den tradisjonelle plogen ute hos bøndene.

Organisering av okseprosjektet

Nå er den læraren som er ansvarleg for fjøset og jordbruket, Rarivoarimanana Bakoly, ansvarleg for dette okseprosjektet på Tombontsoa, koordinert av Kjell Dale i styret for JV. Prosjektet er blitt ein del av Tombontsoa si verksemd. Utprøving og utvikling av nye reidskapar vil halde fram, saman med dei 4 bøndene rundt Tombontsoa som er med i dette opplegget.

 

Vogna som nå vert nytta til oksane på Håpets gard, der elevane får sin
praksis frå eit bruk utan mykje mekanisering

 

Rektor Rasoloson Lala og mekanikar William framfor den nye såmaskina for
oksar

 

 

Såmaskina med 3 element gjer arbeidet med såinga av mais raskare og meir
effektivt

Mjølkeproduksjonen på Tombontsoa

God mjølkeproduksjon på Tombontsoa er nødvendig for å skaffe inntekter til skulen. I dag er det 60 mjølkekyr av NRF i fjøset, totalt 110 storfe. Produksjonen ligg på godt 700 liter til dagen. Mjølka vert pakka i plastposar og seld til butikkar i Antsirabe.

Grovforet er avgjerande

I regntida vert det hausta gras av Chloris, ei grasart som veks godt i tropiske strøk. I år hadde dei mykje silofor av mais som for til dyra, mjølkekyrne og kvigene. Siloen er lagt for ei ny tørketid som tek til i mai-juni og varer til oktober-november. I denne tida er surfor av mais det einaste grovforet til dyra, i tillegg noko høy til småkalvane. Det vert og fora med mask frå bryggeriet i Antsirabe. På grunn av sterke flåttangrep, går ikkje dyra ute på beite, men går i store innhengningar og vert fora der. Flåtten overfører piroplasmose som er dødeleg om dyra ikkje vert dusja med flåttdrepande middel.

Oksekalvane

Alle oksekalvane har i mange år vorte selde til bøndene rundt skulen. På oksetorget i Antsirabe kan vi sjå kalvar av NRF med øyemerke. Då veit vi at dei kjem frå Tombontsoa eller Fifamanor, den statlege garden som vart oppretta saman med NORAD i 1973 med import av NRF dyr frå Norge. Tombontsoa har nå planar om å fore opp oksekalvane til slakt, eller selje dei som trekkoksar.

NRF som mjølkerase på Madagaskar

Rasen som vart importert til Tombontsoa i 1966, er nå den dominerande mjølkerasen på Madagaskar. I tillegg importerte som nemnt Fifamanor kvige- og oksekalvar til Madagaskar i 1973. Tombontsoa importerte frosen sæd frå NRF på Hamar (nå Geno) i 1973, og NRF ga i mange år gratis sæd til skulen. Dette var den første eksporten av NRF- sæd frå Norge til noko land. Framleis vert det sendt sæd til Fifamanor og Tombontsoa og til Geno Madagaskar i Antsirabe, som vart oppretta for ein del år sidan, for inseminering med NRF- sæd til kyrne ute hos bøndene i heile Vakinankaratra fylke. Vi finn i dag mange tusen NRF dyr og krysningar mellom Zebu og NRF i innlandet og på austkysten, noko og mot vestkysten av Madagaskar.

 

Mekanikaren Lalaina i gong med vedlikehald av mjølkeanlegget saman med
fjøsfolka

 

 

  I regntida får dyra tilkøyrt gras som for

 

Rektor Rasoloson Lala viser fram ein fin kalv i kalveavdelinga

 

 

Stor aktivitet på Tombontsoa

Tombontsoa jordbruksskule har vore i gong sidan 1965. Eittårig kurs i jord- og husdyrbruk var starten på skulen, med at ungdom frå landsbygda skulle få si utdanning for å bli bønder. I dag er det og andre kurstilbod for dei som ønskjer å utdanne seg i landbruket.

Fjørfeskulen (Avischool)

Denne starta opp i 2014 med eit 7 vekers kurs i hønseavl, foring og stell av høner. 34 elevar fullførde dette kurset. Elevane hadde dei første åra praksis hos eit firma som driv med oppdrett av verpekyllingar, AVITECH. I dag har skulen sjølv oppdrett med ein produksjon på 37.000 verpekyllingar i 2018. Elevane får nå sin praksis her. 18. januar 2019 vart eit nytt kull på 33 elevar ferdig på fjørfeskulen. Det er stor interesse for dette kurset.

Høgskuletilbodet IPSATTA

Det 3 årige høgskuletilbodet kom i gong i 2010-2011 med 47 studentar. Seinare har dette auka på, slik at det for skuleåret 2018-2019 er 275 studentar på skulen. I tillegg 57 studentar som har teke bachelor i husdyr, jordbruk og miljøkunnskap. Desse vart ferdige 1. mars 2019. Vitnemåla i dette kurset er utarbeidd i samarbeid med statlige landbruksmyndigheter. Dei som går ut av IPSATTA er ettertrakta til arbeid i staten eller private organisasjonar, sidan dei har hatt så god praksis i gardsbruket på Tombontsoa.

Det eittårige kurset (FPQ)

19. november- 18 tok dette kurset til med 78 elevar frå heile Madagaskar. Dette er det 54. kurset sidan skulen kom i gong. Dei har stort sett den same fagplanen som har vorte brukt dei seinare åra, med nokre endringar i tråd med utviklinga i landbruket. I timeplanen er det framleis 50 % praksis i avdelingane i gardsbruket. Dette er heilt avgjerande for deira opplæring i husdyrbruk og jordbruk.

Lycee Agricole (Grønt gymnas)

Dette kurset kom i gong hausten 2015, same året som Tombontsoa feira 50 års jubileum. Dei første elevane vart uteksaminerte i 2018 med Baccalaureat agricole. Eksamenen var nasjonal fordi den er lik andre lycee agricole på Madagaskar. 29 elevar fullførde siste året, og 28 greide eksamen. Eit resultat på 96,6 %. Også desse elevane har sin praksis i gardsbruket på skulen.

 

Elevene i fjørfeskolen med sine vitnemål

 

Studentene får sine vitnemål etter 3 års studier

 

Elever i det 1-årige kurset

 

Elever i Lycee agricole

 

Ny brønn på Fihaonana

Det er nødvendig med nok og godt vatn på Fihaonana, både til skulen og internata og til dyra i husdyravdelingane. Dei har eit par borehol som har gitt vatn, men til tider har det vore for lite, ikkje minst i tørketida.

Ny brønn

Rolf Moi frå Jordbruksskolenes Venner var på dugnad på Fihaonana i fjor haust. Då vart det grave ut ein brønn på 8 meter før dei kom ned på fjell. I år var han og ein tur til Fihaonana for å grave ut ein brønn nr. 2. Denne er på 9 meter og indre diameter på 1,8 meter. Med seg hadde han to arbeidarar som hadde vore med han på utgraving av ein brønn på Tombontsoa for eit par år sidan. I tillegg folk frå skulen som gjekk ned og grov ut etter kvart som ringane vart støypte og senka ned. Massen vart heist opp etter kvart, og vatnet pumpa ut når det steig i brønnen om natta. Brønnen som vart graven i fjor har blitt dekka til og fått pumpe installert. Den andre vert og tildekka og montert pumpe på når kablar og røyr er lagde ned.

Tilgang på godt vatn

På både Tombontsoa og Fihaonana er det nå god vasstilgang. På Tombontsoa vart det for eit par år sidan lagt ned 1.6 km med nye vassrøyr på heile skuleeigedomen og i gardsbruket, og som nemt graven ein ny brønn. Og nå på Fihaonana som har fått to nye brønnar i tillegg til borehola frå tidlegare. For Jordbruksskolenes Venner har det vore viktig å bidra til at skulane har godt og tilstrekkeleg med vatn til skulen, bolighusa, internata og husdyravdelingane.

 

Det er arbeidskrevande å bygge ein brønn på Madagaskar

Rolf Moi forklarar korleis brønnen blir bygd.

 

Nytt skuleår på Tombontsoa

Jordbruksskulen Tombontsoa starta opp nytt skuleår 19.november. Søknaden til skulen er framleis høg. Til høgskuletilbodet søkte det 162 studentar, men berre 100 vart tekne inn.

Fordeling på kurstilboda

FPQ (det eittårige kurset for bønder) starta opp med 92 elevar, lycee agricole 54 elevar (3årig grønt gymnas) og IPSATTA (høgskuletilbodet) 286 fordelt på 3 år. I alt starta det opp 432 elevar og studentar. I tillegg kjem 68 studentar som held på med avsluttande diplomoppgåve for å få bachelor i jordbruk, husdyrbruk og miljøkunnskap.

Gardsbruket er viktig

Tombontsoa har 1250 dekar med jord, der dei dyrkar mais, gras og andre vekster. Besetningen av NRF kyr tel i dag rundt 50 mjølkekyr og påsett. Grisebesetningen held dei på å bygge opp igjen, etter at dei måtte slakte ut alt og desinfisere husa på grunn av afrikansk svinepest. Dei er og i gang igjen med hønehusa med innsett av daggamle kyllingar for oppdrett til 16 vekers kyllingar. Nå er det 17000 kyllingar i dei to hønehusa dei brukar til dette. Elevar og studentar har praksis på forskjellig vis i både husdyravdelingane og i jordbruket og Fanantenana (håpets gard), der dei mellom anna mjølkar kyrne med hand, og køyrer med trekkoksar. Dei studentar som går høgskuletilbodet får lettare jobb enn frå andre skular, seiest det. På grunn av at dei har ein slik god praksis på skulegarden på Tombontsoa. Andre tilsvarande skular og studier i landbruksfag har ikkje slike gardar for praksis til studentane.

Vi ønskjer lukke til med nytt skuleår på Tombontsoa!


Ei gruppe elevar i Lycee Agricole

 

Fjøset er viktig i undervisninga. Rektor Rasoloson Lala viser fram kvigene

 

Grøn diakoni-programmet

På Madagaskar er sjukelandsbyane eller omsorgssentra (toby) sentrale i behandlinga av mentalt sjuke menneske. Desse over 100 tobyane høyrer til Den gassisk lutherske kyrkja. Dei tek seg av dei sjuke som kjem inn, dei får omsorg og mat, og dei blir bedt for om helbredelse.

Hyrdar tek seg av dei sjuke

Ein hyrde er ei kvinne eller mann som har fått opplæring i 2 år i bibelkunnskap og korleis dei kan be for sjuke og drive ut vonde ånder. Dei som er tilknytta ein toby, har ofte dei sjuke buande saman med seg i huset sitt. Nokre sjuke blir friske etter ein månad eller to, mens andre blir der gjerne eit år eller lenger.

Grøn diakoni

Dei fleste tobyar har jord tilknytta tobyen. For 4 år sidan prøvde Filadelfia sjukelandsby i Manakara eit opplegg med at hyrdane tok med seg dei sjuke ut på jorda og dyrka grønsaker. Presten sa då at dei vart fortare friske dei som fekk arbeide slik. Nå er dette blitt eit program i Den gassisk lutherske kyrkja, med ei avtale med organisasjonen Plant et Tre i Norge, som finansierer opplæring av hyrdane på Tombontsoa og Fihaonana. Når dei sjuke er friske igjen og skal heim til sine landsbyar, får dei med seg nokre posar med grønsakfrø for å dyrke vidare heime det dei har lært i tobyen.

Aktive skular

Tombontsoa og Fihaonana er med i dette programmet. Hyrdane er inne på 14 dagars kurs i grønsakdyrking, laging av kompost og frukttredyrking og planting av skogstre. Kunnskapane tek dei med seg tilbake til tobyen, og dei sjuke er med dei ut i praksis på åkeren. Slik får dei god arbeidstrening, og dei dyrkar grønsaker, poteter og anna til eigen mat. Kvar toby sender 10 av hyrdane på desse kursa. I alt har nå 7 tobyar fått slik opplæring, og dei blir følgde opp av ein lærar frå skulane i 3 år framover. Rektorane på skulane seier at dette har vore med og gitt dei ein ny dimensjon, ei opplæring som er litt annleis enn det dei er vande med i opplæring av ungdom. Så dei ser dette som eit stor oppgåve, å hjelpe dei sjuke i tobyane til eit betre og meir meiningsfullt opphald i tobyane og seinare når dei kjem heim igjen.

Plant et Tre er med vidare

Plant et Tre i Norge vil halde fram med dette programmet og støtte opplæring av hyrdar frå 2 tobyar kvart år for Tombontsoa og Fihaonana, altså 4 nye tobyar kvart år. For å halde kontakten med dei tobyar som har fått hjelp, og følgje opp arbeidet, får skulane dekka deler av ei lærarløn i året. Dette i tillegg til dei nye prosjekta dei får kvart år.

 

Rektor Rasoloson Lala viser nyleg delegasjonen frå Plant et Tre rundt på Tombontsoa

 

To hyrdar i ein toby viser stolt fram nelliktre dei har i planteskulen sin. Dei har fått opplæring i dette på Fihaonana

 


Hyrdar ute i grønsakåkeren i ein toby i Antsirabe nyleg

 

 

Ny traktor til Fihaonana

Fihaonana jordbruksskule har ein MF 135 som dei fekk som gåve frå ein bonde på Varhaug, sendt ut i ein kontainer i 2010. Denne har vore mykje brukt til pløying og transport, sidan skulen har vore inne i ei tid med mykje restaurering og nyanlegg i skulen og gardsbruket.

Gåve frå Jordbruksskolenes Venner

Som ei jubileumsgåve i samband med 35 års jubileet 13. november-18, bestemte styret i JV at vi ville gje ein Kubota traktor som gåve. Dette er ein relativt liten traktor med 4 hjulstrekk som kan nyttast på dei små flater. Prisen var og svært rimeleg, truleg som ein introduksjonspris frå firmaet Kubota i Japan, for å auke salet av billege traktorar til bøndene på Madagaskar. Det høyrer og med ein vanleg sokkelplog og ein skålplog som utstyr. Rektor på skulen har ønskt ein slik traktor til skulen.

Varhaug kristelege ungdomslag

Ungdomslaget på Varhaug har i mange år gitt pengar til JV for arbeid på dei to jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana. Mellom anna nytt vassleidningsnett på heile skuleområdet på Tombontsoa for nokre få år sidan. Dei har og vore med på dugnadsoppdrag på skulane. Dette året vil dei altså dekke prisen på denne traktoren til Fihaonana. Takk til Ungdomslaget for denne store gåva!

 

Lærar Noely på den nye traktoren

 

MF 135 traktoren er nymalt av skulen sine folk, og gjennomgått av Kjell Dale og Kolbjørn Lerstøl då dei var på skulen. Nå er den i god stand