For til mjølkekyrne på Tombontsoa

Mais vert mykje brukt som surfor til storfe i Danmark og sør i Europa. På jordbruksskulen Tombontsoa er maissurfor det dominerande foret i kalde- og turketida. Det er velsmakande og har stort næringsinnhald.

Hausting med forhaustar for mais

På Tombontsoa har Jordbruksskolenes Venner for nokre år sidan investert i ein god haustar for mais. Denne vert brukt til hausting av rundt 500 dekar med mais som vert køyrt i ein plansilo med plast og dekke av jord over. Maisen skal haustast til silo når kolben er det vi kallar mjølkeaktige. Då har maisen under eitt det største næringsinnhaldet i kolbe, blad og stengel.

Ikkje syretilsetting

På grunn av det høge innhaldet av karbohydratar i maisen, er det ikkje nødvendig med tilsetting av syre eller anna konserveringsmiddel. Mjølkesyrebakteriane har den næring dei treng for å danne god gjæring. I plansiloen vert massen pakka saman med traktor. Som det alltid er når ein skal lage godt surfor, det er viktig med god tildekking av plast for å hindre lufttilgang når siloen er lagd.

Mask får bryggeriet

Heilt sidan 1974 har Tombontsoa fått mask frå ølbryggeriet i Antsirabe, byen som ligg 4 km frå jordbruksskulen. På den tida fekk ein dette gratis eit par gonger i veka. Nå er det noko sjeldnare fordi dette er eit ettertrakta for til storfe, og skulen må betale for det. Men det er eit verdifullt for, både til mjølkekyrne og ungdyra.

Eige produsert kraftfor

Tombontsoa produserer sitt eige kraftfor til storfe, gris og høner. Tidlegare var det stort sal frå mølla av kraftfor til bøndene, ikkje minst då skulen var den einaste som produserte kraftfor i Antsiarbeområdet. Nå er det mange som produserer dette i Antsirabe og elles på Madagaskar. Råvarene er mais, riskli og maniok som karbohydrat, og tørka fisk eller oljekake av jordnøtter som proteinkjelde. Det vert tilsett konsentrert mineral- og vitaminblanding.

Ikkje ut på beite

Maissurfor er det einaste grovforet på Tombontsoa i turketida. Dei minste kalvane får noko høy. I sommarhalvåret frå november til april vert det hausta gras til dyra. Dyra går ikkje på beite, men går i store innhengningar heile året. Det er mykje flått i området, noko som er hovedgrunnen til at dyra ikkje er ute på beite. Flåtten overfører sjukdommen piroplasmose . Skulle dyra gå ute på beite, måtte dei dusjast med gift ein gong i veka for å drepe flåtten.

 

Hausting av mais.

Foto: Arne Dragsund

 

Godt for til mjølkekyrne i turketida

Foto: Arne Dragsund

 

Mask frå bryggeriet er godt for

Foto: Arne Dragsund

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *